Ein populær nett-master for framtida
Institutt for teknologi og sikkerheit utdannar brannkonstablar og politifolk på nett. – Ein del av framtidas utdanning, seier prorektor Tveiterås.
Når den heildigitale masteren i Contemporary issues in Risk and Crisis Management (CRCM) startar opp hausten 2023, er det truleg med mange brannkonstablar, politifolk, og andre med operativ bakgrunn blant studentane. Institutt for teknologi og sikkerheit (IST) har skreddarsydd ein utdanning for eit udekt behov.
Blant dei mest populære på UiT
– Vi har identifisert at mange i operative yrke treng spesialisering og vidareutdanning innan krisehandsaming, og har òg fått førespurnader frå heile landet om nettbaserte tilbod i vårt fag. Vi har jobba hardt med å lage eit tilbod til dei, seier Are Sydnes, studieleiar for CRCM.
Mykje tyder på at han og kollegaene har lykkast bra. Når søknadstala vart offentlege i førre veke, kunne han sjå at nettmasteren er det tiande mest populære studiet på heile UiT.
Nærare 500 har søkt på dei 30 plassane på kurset, noko som er fleire søkjarar per plass enn på til dømes profesjonsutdanningane i medisin, odontologi eller psykologi. Og det er mange studentar som kjem frå bachelor blant søkjarane, ikkje berre personar som allereie er i yrkeslivet.
Prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås, rosar instituttet for ein framtidsretta måte å jobbe og rekruttere studentar på.
– Fleksible studium som gjer at ein kan helde fram med utdanninga i heile yrkeskarrieren vil definitivt verte ein del av framtidas portefølje. Vi ser ein endring i korleis folk og samfunnet ønskjer å få ny kompetanse, og vi må dekke både nye og gamle måtar å studere på, seier ho.
Fleksibilitet er framtida
Mastergraden er 100 prosent digital, engelskspråkleg, tverrfagleg, og tar opp risiko- og krisehandsaming av alt frå terror og cyberangrep til klimaendringar og naturkatastrofar. Det første året er vigd kurs og metode, mens meir eller mindre heile det andre året handlar om å skrive masteroppgåva. Instituttet legg òg opp til at ein kan velje mellom to-, tre- og fireårige løp.
– Dette er framtidas måte å studere på for mange, seier Sydnes.
– Eg vil tru mange av studentane på masteren vil vere vaksne folk som treng fleksibilitet, som kanskje ikkje vil eller kan flytte på seg, men som likevel treng meir utdanning, seier han.
Nye tankar og kontinuerleg læring
Sydnes legg ikkje skjul på at dei måtte tenkje annleis enn dei er vande med. Kine Maridatter og kollegaene hennar på RESULT, UiT sitt ressurssenter for undervisning, læring og teknologi, hjelpte han og kollegaene å tenkje nytt – når det gjeld både pedagogiske og tekniske løysningar.
For å vere sikker på at dei var på rett veg, køyrde Institutt for teknologi og sikkerheit to av kursa som pilotar hausten 2022. Sydnes ser på CRCM som ein kontinuerleg læringsprosess.
– Vi lærte mykje av pilotane, og eg vil tru vi kjem til å lære endå meir når vi driv programmet for fullt, seier han.
Tveiterås seier det vert særs spennande å sjå korleis det vil gå med studentane dei neste åra, og at denne masteren er noko heile UiT kan lære av.
– No skal vi fornye studieporteføljen vår, og sjølv om dette kanskje er eit spesielt fagområde og ei spesiell målgruppe, så er eg viss på at vi alle kan lære noko av IST. Om ein ikkje går heilt digitalt, kan det likevel vere nokre fag eller emne kor det vil vere ein fordel. Både porteføljen og undervisningsmetodane vil nok vere i kontinuerleg utvikling framover, seier ho.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Master of Philosophy in Visual and Multimodal Anthropology
Varighet: 2 År -
Sosialantropologi - master
Varighet: 2 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Hørelæredidaktikk - master
Varighet: 2 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning i musikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Indigenous Studies - master
Varighet: 2 År -
Human Rights Policy and Practice - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Sosiologi - master
Varighet: 2 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Strategisk ledelse og økonomi - erfaringsbasert master
Varighet: 5 Semestre -
Samfunnsplanlegging og kulturforståelse - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosiologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Spansk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Statsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Spesialpedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Pedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsplanlegging og kulturforståelse - master
Varighet: 2 År -
Økonomi og administrasjon - bachelor
Varighet: 3 År -
Logopedi - master
Varighet: 4 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon, siviløkonom - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Musikkutøving - bachelor
Varighet: 4 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsøkonomi med datavitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjonsdesign og ledelse - master
Varighet: 2 År -
Statsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Historie - master
Varighet: 2 År -
Kunsthistorie - bachelor
Varighet: 3 År -
Tysk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russlandsstudier - master
Varighet: 2 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Kvensk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Forfatterstudium 2 - årsstudium
Varighet: 1 År