God grøn innovasjon i nordisk Arktis
I nord er vi gode på grøn omstilling på lokalt og regionalt nivå, syner ein ny rapport frå EU-kommisjonen. Vi er rett og slett flinke til å få med oss folk og organisasjonar på berekraftig innovasjon.

Frå solfylte Sevilla kan forskar Sveinung Eikeland fortelje at han nyleg leverte ein rapport han har skreve som ein del av ei ekspertgruppe utnemnd av kommisjonen i 2020. Den går no inn i EU si politikkutforming på det grøne feltet som eit godt døme på berekraftig regional utvikling som har globale følgjer.

– Mykje av den generelle koplinga mellom den europeiske klimaomstillinga (European Green Deal) og FNs berekraftsmål handlar om sjå amerikansk og europeisk tenking saman. Der innovasjon i USA har handla mykje om teknologi, vitskap og marknader, har ein Europa vore meir oppteken av kor viktig innovasjon på regionalt eller undernasjonalt nivå er for global utvikling , seier Eikeland.
Han seier at i EU er oppfatninga at den europeiske klimaomstillinga og FNs berekraftsmål handlar om det same: Inkludering, lokal utvikling og vitskapsbasert innovasjon.
Arktiske regionar brukar sine styrker
Rapporten Sustainable development and Sustainable Development Goals in Smart Specialisation strategies in the European Arctic regions tar for seg seks regionar i det nordlege Sverige, Finland, og Noreg, og undersøker om ein finn igjen dei europeiske ideane om det grøne skiftet i regionale utviklingsprogram i desse regionane.
Og det finn gruppa mange døme på. Regionane brukar sine styrker effektivt, samstundes som ein jobbar mot å nå FN sine berekraftsmål.
Eikeland dreg fram fleire døme på endringar i regionale utviklingsprogram i nordområda. Finlendarane i Lappland har etablert ein regional sirkulær økonomi gjennom bruk av enorme mengder restprodukt frå industrien. I det nordlege Sverige skal den store energibruken i jernverka endrast gjennom eit program for grønt stål. Og i Nord-Noreg?
– Norsk hydrogenstrategi er i stor grad forankra i nord. Norsk grøn hydrogen som Europa etterspør spring ofte ut av mangel på batteri og stikkontaktar til nett i nord. Vi ser også at press på areal i kystsona gjer at innovasjonsprosessar i Nordland flyttar ut av bedrifter og over til lokalsamfunna. Det er like viktig med innovasjon i kystsoneplanlegging som i produkt, seier Eikeland.
Andre døme på lokalt forankra grøn innovasjon er UiT sitt prosjekt i Midt-Troms, kor ein prøver å lage fiskefor frå CO2 frå ferrosilisiumsproduksjon, eller batterisatsinga til FREYR på Helgeland. Batterisatsingar er også sentrale i Västerbotten.

EU vil sjå til nord
Eikeland er i avslutninga av eit tre veker langt opphald på EU sitt forskingssenter JRC i Spania som er del av EUs DG REGIO. Dei har leia EU si utvikling av regionale utviklingsprogram siste 15 åra, og har bestilt arbeidet og gitt ut rapporten.
I komfortable 28 varmegradar har han lest rapportar, diskutert og halde innlegg om kva plass Arktis kan ha i den nye regionale innovasjonspolitikken.
– For dette er store endringar. I tidlegare innovasjonspolitikk har verksemder spurt om dei kom til å tene meir pengar og universiteta spurde om dei fekk interessant forsking ut av samarbeidet. No stilles eit tredje spørsmål: Er innovasjon godt for planeten? seier Eikeland.
Det er eit stort spørsmål som ikkje skal svarast på her, men at berekraftige og lokalt forankra innovasjonsprosjekt vil får særleg merksemd framover er ikkje Eikeland i tvil om.
– Eg trur EU vil sjå til nord no. Vi gjer mykje riktig, det viser rapporten seier Eikeland.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Historie - årsstudium
Varighet: 1 År -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Allmenn litteraturvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Filosofi - master
Varighet: 2 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Northern Studies - bachelor
Varighet: 3 Years -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Northern Studies - one year programme
Varighet: 1 År -
Arctic Adventure Tourism - bachelor
Varighet: 3 Years -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Kunsthistorie - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Samfunnsplanlegging - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Internasjonal beredskap (samlingsbasert) - bachelor
Varighet: 3 År -
Landskapsarkitektur - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Environmental Law - master
Varighet: 2 År -
Ph.d.-program i humaniora og samfunnsvitenskap
Varighet: 3 År -
Nordic Urban Planning - master
Varighet: 2 År -
Luftfartsvitenskap - master
Varighet: 3 År -
PhD Programme in Science
Varighet: 3 År -
PhD programme in Nautical Operations
Varighet: 3 År -
Naturbasert reiseliv og entreprenørskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Lektor i språk og samfunnsfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Matematiske realfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Havteknologi, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Landscape Architecture - master
Varighet: 2 År -
Contemporary Issues in Risk and Crisis Management - master
Varighet: 2 År -
Informatikk, datafag - bachelor
Varighet: 3 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Fornybar energi, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Master of Philosophy in Visual Anthropology
Varighet: 2 År