Kvinner i Arven etter Nansen

Arven etter Nansen har eksistert i fem år og har i dei åra synt fram at ein kan ha god balanse av kjønn på toppnivå. Ikkje berre er prosjektet leia av ei kvinne, men 40 prosent av prosjektleiinga er kvinner. 

Kvinnelege forskarar på isen.
Kvinnelege forskarar på isen. Foto: Andreas Wolden
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Charlotte Stark Meteorologisk institutt
Publisert: 11.02.23 08:00 Oppdatert: 11.02.23 11:03
Arktis Hav

Det nasjonale forskingsprosjektet Arven etter Nansen er leia av UiT. Det er eit unikt og holistisk prosjekt som vil levere integrert vitenskapleg kunnskap om eit marint klima og økosystem i rask endring. Prosjektet er leia av UiT-professor Marit Reigstad, og 40 prosent av prosjektleiinga er kvinner.   

For å toppe det heile, består administrasjonen til prosjektet berre av kvinner. I anledning den internasjonale dagen for kvinner og jenter i forsking, er seks av dei 137 kvinnene i prosjektet intervjua om kva dei kva har lært og om dei har fått med seg noko verdifulle opplevingar gjennom tida dei har vore ein del av prosjektet.

Natalie Summer foran forskingsfatøyet Kronprins Haakon.
Natalie Summer foran forskingsfartyget Kronprins Haakon i 2021. Foto: privat

NATALIE SUMMER (stipendiat NTNU)

Natalie er over snittet interessert i havet, algen som bur der og teknologi for å finne dei. Ho nyttar difor ho tida si til å fylle på kunnskap til Arven etter Nansen om alge og korleis dei har det i Barentshavet.

Kva gjer du i prosjektet?

Tittelen på mitt prosjekt er «Algedynamikk i tid og rom i Arktis, med bruk av fjernstyrte og sjølvgåande fartøy (ROV & AUV)». Eg forskar på korleis alge lev og gror i Arktis med å nytte robotar som eit verktøy.

Kva erfaringar har du fått og kva funn kan du fortelje om?

Å jobbe i ekstreme forhold i Arktis er veldig utfordrande men også veldig kjekt. Eg er heldig som kan reise på tokt til stader som er sjeldan besøkt av andre menneske. I dette frosne miljøet finner vi ut av ikkje berre korleis livet er der, men også kor det trivast. Eg jobbar i hovudsak med alge, som er mat for andre og nedst i matnettet. I tillegg til å vere mat, så er også mikroalge også den største produsenten av oksygen på planeten vår. Meir enn det regnskogen produserer for oss menneske. Fordi det er så utfordrande å jobbe i området, så veit vi fortsatt for lite om livet der. I mitt arbeide nyttar eg eit instrument som heiter hyperspektralbilde for å kartlegge undersida av isen. Denne metoden gir oss høve til å nytte fargar for å kjenne att forskjellege alge og om dei har det bra.

Viss du ser tilbake på tida i prosjektet, er det noko du kunne tenkt deg å lære deg meir om?

Det som er så spennande med forskinga mi er at alt er nytt. Ingen som har gjort desse målingane før. I framtida vil eg mest sannsynleg bygge videre på kunnskapen for å fremme feltet vidare.

Men når det er sagt så ville nokre programmeringsferdigheitar vore nyttige. Ein person kan midlertidig ikkje vite alt. Så det å ha samarbeidspartnarar frå marin teknologi har vore ein avgjerande del av suksessen for meg.

Kan du summere opp di forsking med tre ord?

Forstå arktiske alge. 

Ingrid Wiedmann er administrasjonstilsett ved UiT. 
Ingrid Wiedmann er administrasjonstilsett ved UiT.  Foto: privat

INGRID WIEDMANN (vitskapleg rådgivar/ UiT)

Ingrid er ikkje berre vitskapleg utdanna, men ho er også ein av administrasjonen i prosjektet. Ho held oversyn over prosjektet, forskarar og administrasjonsoppgåver. I tillegg er ho tilsett i andre prosjekt, så ho har hendene fulle.

Kva gjer du i prosjektet?

I Arven etter Nansen har eg ein 50 prosent stilling som rådgivar i prosjektadministrasjonen. Der jobbar eg saman med min kollega Erin og vi tek oss av alt frå møteplanlegging, rapportering, nyheitsbrev, heimesida til organisasjon av det store symposium som skal gå av stabelen 7.–9. november 2023.  

Kva erfaringar og funn vil du ta fram som viktige frå prosjektet?

La meg seie det med eitt ord: MYKJE!  Eg har eigentleg ein forskarutdanning  innan marin økologi og jobbar framleis 50 prosent som vanleg forskar i eit anna prosjekt, men arbeidet i prosjektadministrasjonen har verkeleg gitt meg høve til å sjå «bak kulissene» i eit av Norges største forskingsprosjekt.  Eg har lært meg kva som trengs for å legge til rette for sjølve forskinga, halde prosjektet med sine over 200 forskarar fordelt over hele Noregs samla, og rapportere resultat til både dei som finansierer prosjektet, til dei som bruker prosjektresultata og til ålmenta. Dermed er dagane i prosjektadministrasjonen supertravle, men og veldig morosame, fordi eg er i tett kontakt med utroleg mykje forskjellige folk som jobbar i veldig ulike delar av prosjektet.

Kva er framtida for forsking i Arktis, slik du ser det?

Eg trur framtidas forsking i Arktisk blir veldig teknisk, med mange duppedingsar som kan ta målingar aleine der ute og sende dem via satellitt til forskarar på kontoret. Samstundes håper eg at vi klarer å gjere forsking i Arktisk meir ilag med andre og koordinere prøvetaking med skip, datadeling, og vitskapeleg arbeid på tvers av institusjonar og land, fordi eg trur berre det gir oss høve til å verkeleg forstå Arktis som en heilheit.

Viss du ser tilbake på tida i prosjektet, er det noko du kunne tenkt deg å lære deg meir om?

Eg ønsker meg at eg kunne meir om korleis forskingsresultat kan formidlast betre til politikarar. Ikkje minst Arven etter Nansens som synar fram konsekvensane for oppvarming i Arktis, men samstundes skjer endringar i politikken & samfunnet så utrolig langsomt. … og eg er redd for at den Arktis som eg har blitt kjent med på forskjellige tokt, kjem til å forsvinne.

Kan vi utfordre deg til å summere opp forskinga/erfaringa di i Arven etter Nansen med tre ord?

Gøy, multidisiplinær, samarbeid på tvers av fag og land.

Camilla Li på skitur.
Camilla Li. Foto: privat

CAMILLE LI (Professor UiB/Bjerknessenteret)

Det er ikkje ein ting Camille ikkje kan lære deg om vêrsystem og atmosfære. Ho kan enkelt forklare kvifor syklonar og stormar sør på kloden hamnar mot polane og korleis dei påverkar alt der.

Kva gjer du i prosjektet?

Eg studerer atmosfæren sin dynamikk og korleis den samhandlar med andre komponentar i klimasystemet skapar variasjon og trendar. I dette prosjektet studerer eg i hovudsak havet og havisen.

Kva erfaringar og funn vil du ta fram som viktige frå prosjektet?

Mangfaldet av forskarar i prosjektet er slåande! Eg er vand å samarbeide med havforskarar og til dels geologar, men i Arven etter Nansen har eg møtt biologiar, økologar, kjemikarar, glasiologar og fysikarar som arbeider i, på eller over Barentshavet.

Kva er framtida for forsking i Arktis, slik du ser det?

Ei stor utfordring er å forstå den store spreiinga i arktisk klima som vi simulerer frå jordsystemmodellar. Vi treng å forstå fleire prosessar som driver fram klimavariasjonar og -endringar i polare område, og syne fram korleis polarområda er knytt til resten av verda. Å redusere denne usikkerheita er eit første steg mot å produsere påliteleg klimainformasjon.

Viss du ser tilbake på tida i prosjektet, er det noko du kunne tenkt deg å lære deg meir om?

Eg er usikker på kva ein hoppekreps er.

Kan vi utfordre deg til å summere opp forskinga/erfaringa di i Arven etter Nansen med tre ord?

Alt heng saman.

Angelika Renner frå tokt i 2022.
Angelika Renner frå tokt i 2022. Foto: Pernille Amdahl.

ANGELIKA RENNER (Forskar Havforskingsinstituttet)

Angelika Renner har vore toktleiar på fleire av våre tokt. Ho er allsidig og kan mykje om sjølve havet. Ho er vand til å arbeide med teknologi som gir ho opplysningar om havet si helse.

Kva gjer du i prosjektet?

Eg er oseanograf og ser på prosessar kring Atlanterhavsvatn nord for Svalbard – Eg ser på havet sine eigenskapar og korleis havet samhandlar med havis og atmosfære og korleis det påverkar det nordlege Barentshavet.

Kva erfaringar og funn vil du ta fram som viktige frå prosjektet?

Eg har fått mykje fine opplevingar med flinke folk på tokt, samlingar og møte. Eg har fått erfaring med korleis handtere uventa situasjonar og løyse dei i samarbeid med ulike folk med ulik kunnskap. Det er vanskeleg å trekke fram eit funn frå prosjektet, det er vel heller at ein forstår kor kompleks samspelet mellom hav, havis og atmosfæren er og korleis dette igjen påverkar  det kjemiske og biologiske miljøet.

Kva er framtida for forsking i Arktis, slik du ser det?

Framtida i Arktis er spanande! Det er store endringar på gang og det blir ei utfordring å fange opp korleis klimaendringane vil kanskje forandre på nokon av prosessane vi så vidt har starta med å forstå og korleis økosystemet kjem til å bli påverka

Viss du ser tilbake på tida i prosjektet, er det noko du kunne tenkt deg å lære deg meir om?

Svaret er alt. Kanskje meir om atmosfæren sidan den har så stor påverknad på havfysikken?

Kan vi utfordre deg til å summere opp forskinga/erfaringa di i Arven etter Nansen med tre ord?

Kompleks, spanande, framtidsretta.

Caixin Wang.
Caixin Wang. Foto: privat

CAIXIN WANG (Doktor MET)

Caixin er tilsett ved Meteorologisk institutt, ho jobbar med å modellere og føresjå havis og snø på isen. Vi har mykje liv som lev både på (i dammar på toppen av isen), inni og under havisen og Caixin ser på dei fysiske leveforhalda til desse.

Kva gjer du i prosjektet?

Mitt bidrag er å få til ein så nøyaktig som mogleg representasjon av snø og sjøis i modellar.  Dette har blitt grundig undersøkt. Slik som snø-is, som er ein istype danna i grensesnittet mellom vanleg snø og is, er no på veg til å bli utbreitt i notid og framtid. Dette er mest sannsynleg overvurdert i dagens modellar som vi nyttar. Smeltedammar, basseng med oppsamling av regnvatn eller snø- eller is-smeltevatn, er viktige for havismassebalansen om sommaren og hausten.

Kva erfaringar og funn vil du ta fram som viktige frå prosjektet?

Meir forsking må til med meir observasjonar og meir testing i lab. Den store representasjonen av smeltedammar er knytt til nøyaktigheita av innkomande solstråling og -langbølgestråling og lufttemperatur. Med å forbetre representasjonen av dei tre atmosfæriske variablane er grunnleggande viktig for vidare forsking med havis.

Kva er framtida for forsking i Arktis, slik du ser det?

Fortsette å observere endringar i Arktis og korleis det påverkar både lokalt og globalt.

Viss du ser tilbake på tida i prosjektet, er det noko du kunne tenkt deg å lære deg meir om?

Eg kunne tenkt meg å lært meir om det økosystemet. Eg jobbar med dei fysiske leveområda, medan andre jobbar med dyra som bur der. Jobbe på tvers er nok nøkkelordet her.

Kan vi utfordre deg til å summere opp forskinga/erfaringa di i Arven etter Nansen med tre ord?

Interessant, på tvers av fagfelt og samarbeid.

Privat foto frå tokt. Siv siler håvar opp ein art ho vil kikke nærare på.
Privat foto frå tokt. Siv siler håvar opp ein art ho vil kikke nærare på. Foto: privat

SIV HOFF UiO (Stipendiat UiO)

Siv kan alt om torskens evolusjon. Eller det vil seie, ho lærer jo stadig noko nytt gjennom forskinga si. Ho er særs interessert i genetikk og kan mykje om korleis ulike artar av torsk har det i Barentshavet. Ein kan undre seg om supergenet til torsken kan hjelpe den med å tilpasse seg endringar i havet?

Kva gjer du i prosjektet?

Eg har ein master innan biologi i feltet evolusjon og genetikk. Nett no jobbar eg med å kartlegge den genetiske samansetninga til tre nøkkelartar i Barentshavet (og Arktis), nemleg lodde, polartorsken og atlanterhavstorsken.

Kva erfaringar og funn vil du ta fram som viktige frå prosjektet?

Eg kjenner meg heldig som har fått vere ein del av eit stort forskingsprosjekt som Arven etter Nansen. Det har gjort det mogleg for meg å vere med på forskingstokt, og det har vore ein lærerik og unik oppleving. Sidan Arven etter Nansen er eit stort tverrfagleg prosjekt, så har eg og fått høve til å bli kjent med dyktige og inspirerande forskarar innan biologi, men også andre fagfelt eg elles ikkje hadde kome i kontakt med utanom prosjektet. Det har gitt meg ein arena for diskusjon og samarbeid på tvers av fagfelt, noko eg verkeleg syns har vore fruktbart og som eg ynskjer å ta med meg vidare i karrieren mi.

I prosjektet har vi fått høve til å forske på det genetiske materiale til lodde, polartorsk og atlanterhavstorsk på eit heilt nytt nivå. Gjennom teknologi så har vi kunne forske på genetikk på ein nyansert måte, og funnet ut blant anna at polartorsken har supergenar, slik som sin slektning atlanterhavstorsk. Supergentar er mutasjonar som førar til forandringar både i utsjånad og åtferd, og er eit kjend fenomen i naturen. Slik kan artar tilpasse seg endringar.

Kva er framtida for forsking i Arktis, slik du ser det?

Med dei store forandringane i klima og miljø som er spådd for Arktis, så håpar eg at dei vil leie til auka initiativ til forsking her.  Behovet er i alle fall til stades for auka kunnskap om desse endringar og korleis det påverkar økosystem i området. Her kan eg trekke fram at det er naudsynt av å ha større tverrfaglege prosjekt som Arven etter Nansen. Å arbeide tverrfagleg vil gi oss eit meir komplett bilete av Arktis i møte med klimaendringar,  og ikkje minst auka aktivitet innan næringsliv som oljeutvikling, fiskeri og turisme.

Viss du ser tilbake på tida i prosjektet, er det noko du kunne tenkt deg å lære deg meir om?

Eg kunne tenkt meg å lære meir om korleis ein kan formidle vitskaplege resultat på ein måte slik at den kan bli ein del av forvaltninga og forvaltningsplanar. Eg kjenner at det er mykje verdifull kunnskap som no blir generert frå Arven etter Nansen, men eg veit lite om korleis vi kan formidle den relevante informasjonen til å bli ein del av forvaltningsplanar og utarbeiding av verna områder. Ein arts genetiske innhald vil vere viktig informasjon for forvaltninga viss ein ønskjer å ha eit genetisk mangfald. Dette vil kunne vedlikehalde eller auke artars evne til å tilpasse seg eit miljø i endring.

Kan vi utfordre deg til å summere opp forskinga/erfaringa di i Arven etter Nansen med tre ord?

Helgenomsekvensering (hel-genom-sekvensering) arktisk fisk.  

Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Charlotte Stark Meteorologisk institutt
Publisert: 11.02.23 08:00 Oppdatert: 11.02.23 11:03
Arktis Hav
Vi anbefaler