50 år sidan UiT opna – feirar med festframsyning og kongeleg besøk
Velkommen til «UiT – 50 år under arktisk himmel – en festforestilling» i Tromsø domkyrkje, torsdag 1. september klokka 18.00.
1. september 2022 er det nøyaktig 50 år sidan kong Olav V opna det som den gong heit Universitetet i Tromsø. 420 studentar starta utdanninga si i Tromsø den hausten. No er UiT Noregs arktiske universitet eit nasjonalt breiddeuniversitet med 11 campus og over 17 000 studentar. Universitetet utdannar morgondagens legar, lærarar, musikarar, romforskarar, juristar, paramedisinarar, geologar, litteraturvitarar, ingeniørar og mykje, mykje meir.
UiT markerer denne fantastiske utviklinga og jubileet med ei festframsyning i Tromsø. H.K.H. Kronprins Haakon vil vera til stades ved framsyninga.
– Me er æra over at kronprinsen vil følgje i fotspora til bestefaren sin, og stå for den høgtidelege markeringa – på same stad kor opninga fann stad 50 år tidlegare: Tromsø domkyrkje, seier rektor Dag Rune Olsen.
Det er Kvääniteatteri (Kventeateret) som har regien på framsyninga, der òg bandet Hollow Hearts, Frida Lydia Virtanen frå Musikkonservatoriet og Inna Marja Amundsen bidreg. Framsyninga er gratis og open for alle.
– Me er glade for at me kan invitere alle som vil til førestillinga – universitetet tilhøyrar jo oss alle, seier Olsen.
Interesserte publikummarar må melde seg her, og det er førstemann til mølla. (NB! Førestillinga er no fulltegna.) Du kan òg følgje førestillinga via støm.