Fyrst ut i Arven etter Nansen – Elliot Sivel forsvarte sin doktorgrad

Arven etter Nansen (AeN) er ein heimstad for over 30 PhD studentar. Elliot Sivel, som forsvarte sitt arbeid 22. april, er den fyrste av AeN sine studentar. 

  Ein glad Elliot Sivel ilag med rettleiarar og leiar av komiteen etter at han hadde bestått med glans.  Frå venstre Markus Molis (leiar av komite), Nigel Yoccoz (rettleiar), Elliot Sivel, Benjamin Planque (rettleiar) og Ulf Lindstrøm (rettleiar).
Ein glad Elliot Sivel ilag med rettleiarar og leiar av komiteen etter at han hadde bestått med glans. Frå venstre Markus Molis (leiar av komite), Nigel Yoccoz (rettleiar), Elliot Sivel, Benjamin Planque (rettleiar) og Ulf Lindstrøm (rettleiar). Foto: Elina Halttunen (UiT)
Portrettbilde av Stark, Charlotte
Stark, Charlotte charlotte.stark@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 25.04.22 13:45 Oppdatert: 25.04.22 13:49
Arktis Klima Naturvitenskap

Evalueringsprosessen inkluderte både ein prøveforelesing om modulering av interaksjonar mellom artar utsett for endringar i miljø og menneskeskapte utfordringar, og han hadde også ein disputaspresentasjon med tittelen Investigating the drivers of the Nordic Seas food-web dynamics using Chance and Necessity modelling.

I sin doktorgrad har Elliot Sivel (UiT/HI) brukt Chance and Necessity-modellering (CaN) for å undersøke variasjonen til Barentshavet sitt økosystem og responsen på menneskeinduserte stressfaktorar. Chance and Necessity-modellering (CaN) er et rammeverk for modellereing innan næringsvev. Chance representerer det å vere ubestemt til økologiske prosessar, mens Necessity svarar til dei fysiske og biologiske avgrensingar i næringsvevet. Ved å nytte CaN-modellar tok Sivel opp tre hovudspørsmål i oppgåva si.

Les gjerne meir om Arven etter Nansen her.

Biomasse og trofiske strøymer

For det fyrste, kva type system av næringsvev eksisterar i Barentshavet når det gjeld biomasse og trofiske strøymar. Sivel simulerte biomasse og trofiske strøymingsbanar for å definere ein referanse for variasjonen til Barentshavet sitt næringsvev.

Han rekonstruerte også tidlegare banar for Barentshavet sitt næringsvev, og han fann ut at Barentshavet sitt næringsvev kunne karakteriserast av fire næringsvevar. Resultata synte også at næringsvev-konfigurasjonar som er observert dei siste tiåra berre er lik ein brøkdel av moglege konfigurasjonar.

Trofiske kontrollar i Barentshavet og Norskehavet

For det andre utforska Sivel trofisk kontroll i Barentshavet og det norske pelagiske næringsvev. Wasp-waist trophic control vart tidlegare beskrive i Barentshavet, der lodde spelar ein viktig rolle i å overføre energi frå lågare trofiske nivå til høgare nivå. Sivel fann at svingande trofisk kontroll er å forvente i næringsveven i Barentshavet. Trofisk kontroll i rekonstruert dynamikk viste svingingar på tidsskala mellom tiåra.

Wasp-waist trophic control:

An intermediate trophic level is expected to control the abundance of predators through a bottom-up interaction and the abundance of prey through a top-down interaction. Previous studies suggest that the North Sea is mainly governed by bottom-up interactions driven by climate perturbations.


For det pelagiske næringsveven i Norskehavet rekonstruerte Sivel tidlegare dynamikk for fiskeartar som et plankton og dyreplanktongrupper. Resultata er i samsvar med tidlegare rapportar – nedanfrå og opp trofisk kontroll av fiskeartar etter dyreplanktongrupper, men ikkje med topp-ned kontroll på hoppekreps og kril, noko som tydar på at tidlegare konklusjon må revurderast.

Effekt av klimaendringar og fiskeri på økosystemstabilitet

For det tredje undersøkte Sivel moglege kombinert effekt av klimaendringar og fiskeri på stabiliteten til næringsveven i Barentshavet. Han nytta ein scenariobasert tilnærming for fire ulike scenario for klimaendringar og fiskeri (16 scenario totalt). Endringar i stabilitet synte synergi mellom temperatur og fiskeri, gitt at temperaturen berre påverka hausta artar.

Biomasse til artar vart tydeleg påverka av endringar i temperatur og fiskeri medan stabiliteten var svakt påverka. Svake endringar i stabilitet ble forklart av det positive forholdet mellom gjennomsnittleg biomasse og biomassevarians (Taylors lov). Gitt at stabilitetsmålet er lik det inverse av variasjonskoeffisienten, resulterte proporsjonal auking av gjennomsnittleg biomasse og biomassevarians i konstante stabilitetsverdiar.

Sivel utvikla ein standardisert protokoll

Dynamiske modeller har ein veldig sentral rolle i Sivel sitt arbeid, og deira yting må evaluerast i forhold til de spesifikke måla for denne oppgåva. Dessverre eksisterte ikkje ein evalueringsprotokoll som tillèt modellevaluering på ein konsistent og transparent måte då Sivel starta studien sin.  

Sivel bidrog dermed til utviklinga av ein standardisert protokoll for rapportering av evaluering av modellapplikasjonar. Denne protokollen vert no nytta på ein rekke økosystemmodellar i Arven etter Nansen prosjektet, med anna NDND-modellen. Denne protokollen tek sikte på å auke openheita og reproduksjonen til modellevalueringsprosessen ved å vere med å utvikle ein kultur for rapportering og beskriving av ein slik prosess.

Dette doktorgradsarbeidet vart rettleia av Benjamin Planque (HI), Ulf Lindstrøm (HI) og Nigel Yoccoz (UiT). Oppgåva til Elliot Sivel kan du laste ned her.

Stark, Charlotte charlotte.stark@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 25.04.22 13:45 Oppdatert: 25.04.22 13:49
Arktis Klima Naturvitenskap
Vi anbefaler