Ho vil gjere kvenske skuleutfordringar om til styrker
Ho vil gjere kvenske skuleutfordringar om til styrker
Elisabeth Wirkola skal feire kvenfolkets dag 16. mars. Resten av året prøver ho å betre kommunikasjonen mellom skule og elevar i mellom anna kvenske områder.
Vi gjør oppmerksom på at denne artikkelen er over to år gammel, og kan ha innhold som er utdatert.
Wirkola er lærarstudent og tar no ein mastergrad i matematikkdidaktikk på Institutt for lærarutdanning og pedagogikk ved UiT. Denne veka tek ho ein pause i masterprosjektet for å feire Kvenfolkets dag, eller Kväänikansan päivä som det heter på kvensk.
– Tidlegare har eg og familien pleidd å lage ein god middag for å markere dagen. Etter kvart har det vorte meir og meir feiring og arrangement for kvart år, i takt med at Kvenfolkets dag får meir og meir merksemd. I år skal eg mellom anna på konsert i Nordlyskatedralen i Alta, seier Wirkola.
Vart ikkje forstått
Ho vaks opp på Elvebakken i Alta, i eit delvis kvensk miljø. Ho har, som mange i nordområda, ein samansett bakgrunn. Far hennar er samisk, mens mora vaks opp med både kvensk, samisk og norsk heime. Ho likte skulen og var ein heilt vanleg elev, men på ungdomsskulen vart det vanskeleg.
– Om du hadde sagt til meg når eg var på ungdomsskulen at eg skulle skrive ein master i matematikkdidaktikk, då hadde eg nekta å tru deg, seier Elisabeth Wirkola.
Ho likte matematikk og skjønte at det var noko ho kunne. Men ho verken forstod eller vart forstått, delvis på grunn av sin kvenske bakgrunn, trur ho.
Kulturkrasj
– For meg og andre oppstod det ein kulturkrasj, ein kryssdiskurs i møtet med skulen. Skulens verdiar og system er ikkje dei same som elevanes, og då snakkar dei forbi kvarandre, seier Wirkola.
Ho skjønte ikkje heilt kva ho skulle på skulen, for ho vaks opp med at enten er ein praktikar eller teoretikar, sjeldan begge deler. Og når mykje av faga, teorien og eksempla i skulekvardagen ikkje opplevast relevant for ein, er det lett å melde seg av, fortel Wirkola. For elevar som er påverka av den kvenske kulturarven vert det eit misforhold mellom kulturen til skulen og kulturen til lokalsamfunnet.
– For disse elevane jobbar hardt og dei har ein kritisk tenking som er gull verdt.
Ho snudde situasjonen sjølv, gjennom hardt arbeid, og skal no verte lærar. Delvis for å gje andre ein enklare skulekvardag enn den ho hadde.
– Eg ville bli lærar når eg oppdaga at lærarens sanningar ikkje nødvendigvis var sanningar, og at dei styrkane ein har i seg sjølv er nettopp det, styrker. Ein treng ikkje passe inn i den «akademiske» diskursen for å vere god nok eller smart nok. Ting kan både lærast og forstås samtidig som dei kulturelle verdiane dine og haldningar vert anerkjente, seier ho.
Skal løfte fleire grupper
Masteroppgåva til Wirkola er ein del av NFR-prosjektet «Matematikkundervisning i urfolks- og migrasjonskontekstar» (MIM) i samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg. Prosjektet undersøker korleis ulike språk og kulturar kan hindre, byggje opp eller utfordre læring i matematikkfaget. Oppgåva hennar heiter «Matematikk og kultur», og handlar om å bøte på akkurat det ho sjølv opplevde som ung.
Hilja Lisa Huru er tidlegare leiar i Norske kveners forbund, professor i matematikk og UiT-ansvarleg for MIM-prosjektet. Ho seier forskingsprosjektet ønsker å finna ut av korleis me i større grad kan ta tak i styrkane til elevane i matematikkundervisninga.
– Spesielt vil me løfte grupper som har hatt utfordringar som følgje av historia her i Noreg, som kvenene og samane, eller som er nye i landet og som vi meiner kan støttast betre for at elevane skal nå fleire av måla sine i livet. For dei har mange sterke sider, seier ho.
Etnomatematikk
Wirkola er tydeleg på at ho ikkje angrip verken skulen, elevane eller enkelte miljø eller kulturar, men at ho ser på korleis ein kan gjere skulen betre for nokre grupper av elevar. Ho meiner mange kvener ber på ein kulturell arv som kjem til utrykk i skulen.
– Dette gjeld ikkje heile Nord-Noreg, heile Alta, alle kvener eller heile skuleklassar, men for dei elevane det gjeld, er erfaringa mi at dei ikkje heilt veit kva dei skal på skulen. Ofte får ein litt andre stempel, og kulturen blir ikkje sett på, eller anerkjent som ein del av forklaringa om dei opplever vanskar på skulen, seier ho.
Kvener/norskfinner
Kvener er folk av kvensk/finsk ætt i Nord-Noreg. På norrønt vart forma kvenir eller kvænir brukt, medan dei vart omtalte som cwenas på gammalengelsk.
Nemningen «kvener» er etablert som ei offisiell gruppenemning som vert brukt i forskningsmiljø og av norske myndigheitar og minoritetspolitiske organisasjonar.
Kvener/norskfinner er offisielt anerkjent som nasjonal minoritet i samsvar med Europarådets rammekonvensjon for vern av nasjonale minoritetar.
Kilde: snl.no/kvener
Wirkola prøvar å sjå skulekvardagen frå eit etnomatematisk perspektiv, kor læreplanen er den same, men oppgåvene er opne og skal kunne løysast av alle. Om ein skal lære om budsjettering, av ein tur til dømes, er det betre om elevane sjølv kan legge si verd inn i oppgåvene. Kor turen går, kva slags transportmiddel ein nyttar og så vidare. Då er skulen meir relevant for elevane. Det er ei mogleg løysning på eit sosiopolitisk problem, meiner Wirkola:
– I forsking som ser på samisk kultur ser ein at ingen kulturar er like og det varierer frå bygd til bygd. Slik er det nok for kvenene òg. Det viktigaste i all kultursensitiv pedagogikk må vere at læraren er sensitiv for kulturen, normene og verdiane i lokalsamfunnet, seier ho.
Gull verdt for alle
Huru peikar på at Wirkola dykkar inn i eitt aspekt ved kvensk kultur og kulturen ho er vakse opp med, men at å verdsette hardt arbeid og sjølvstende ikkje er eit unikt kulturelt trekk for det kvenske folket.
– Det er òg noko vi har funne hos andre grupper i dataa våre og som ein knyter kulturell stoltheit til. Forskinga kan derfor bety noko for fleire minoritetar, men vil og kunne hjelpe alle elevar uansett bakgrunn, seier ho.
Wirkola vil jobbe for, òg no i den kvenske festuka, at fleire må anerkjenne den kvenske kulturen i skulen, og sjå dei sterke sidene ved kvensk kultur og mentalitet.
– For disse elevane jobbar hardt og dei har ein kritisk tenking som er gull verdt. Noko som me skal ha i skulen og som me må få fram endå meir, seier ho.