Utvida samarbeid med Havforskinga?

– Det er utruleg kjekt å vere her i Tromsø, dette har eg gledd meg til! seier nytilsett direktør for Havforskingsinstituttet, Nils Gunnar Kvamstø. I møte med prorektor Camilla Brekke lufta han nye tankar om samarbeid.

Ein mann og ein kvinne står saman og ser mot kamera.
Prorektor for forsking, Camilla Brekke saman med direktør for Havforskingsinstituttet Nils Gunnar Kvamstø. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 04.02.22 13:08 Oppdatert: 07.02.22 12:32
Arktis Hav Om UiT

Kvamstø var i Tromsø i samband med statsministerens besøk 3. februar. Saman med Brekke frå UiT og ein rekke andre arktiske aktørar som mellom anna NINA, Norsk Polarinstitutt, Internasjonalt reindriftssenter og Framsenteret, møtte han representantar for Utanriksdepartementet samme dag.

Eg er her for å treffe folk. Først og fremst dei me jobbar saman med, seier Kvamstø.

Nære partnarar

Han har berre vore direktør i nokre veker, men har allereie sett at samarbeidet mellom Havforskingsinstituttet og UiT er godt og omfattande. UiT og Havforskingsinstituttet samarbeider til dømes i forskingsprosjektet Arven etter Nansen og delar bruken av forskingsskipet "Kronprins Haakon." Men det kan verte meir.

Me skal jo langt på veg leve av havet i framtida, så det er eit enormt behov for havrelatert forsking og innovasjon. Då er det klart at eit styrkt samarbeid med Havforskingsinstituttet er noko me ønsker velkommen, fortset Brekke.

Eit møte i eit møterom, sola skin inn gjennom ein glassvegg..
MØTTE UD: UiT, HI og ein rekke andre arktiske aktørar møtte UD på Framsenteret 3. februar. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Framtidig samarbeid om utdanning?

Når Kvamstø ser mot framtida, ser han eit behov for å utvide måten dei to samarbeider på. Nye tider krev ny kunnskap, men og nye måtar å forstå på, meiner han:

Me kjem no inn i ei tid kor me ikkje berre må forstå havet og økosystema og korleis dei endrast, men òg korleis me kan tilpasse oss klimaendringane. Då kjem det krav om ei breiare forståing, ein meir holistisk måte å sjå havet på, parallelt som me jobbar med spissa kunnskap. Og det vil me gjerne snakke med UiT om, seier han.

Brekke er ikkje framand for å sjå på korleis det arktiske universitetet og det marine forskingsinstituttet kan svare på dei krava.

Me på UiT jobbar med havet på så mange måtar; mellom anna forsking innan havrett, marin bioteknologi, marinbiologi, jordobservasjon av hav og sjøis og maritime utdanningar – på alle nivå. Spesielt et samarbeid innan forskarutdanning er nok noko me kan sjå på saman med Havforskingsinstituttet, seier Brekke.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 04.02.22 13:08 Oppdatert: 07.02.22 12:32
Arktis Hav Om UiT
Vi anbefaler