15 ekstra studieplassar i medisin til UiT
Regjeringa vil gje UiT 15 ekstra studieplassar på profesjonsutdanninga i medisin. Det fortalde forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe då han besøkte UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø i dag.
– Me gjer dette for å styrke Norge i nord. Me vil sikre at me har dei legane vi treng, både her og i heile landet, seier Borten Moe.
Han framheva rolla UiT historisk har spelt for landsdelen, kor tilgang til utdanning og fagkapasitet har mykje å sei for at det skal bu folk i Nord-Noreg.
– Med dei utfordingane me har, som til dømes klimaendringar, kjem me ikkje utanom at me treng fleire folk med høg utdanning i Noreg, seier statsråden.
Større fotavtrykk i nord
– Me satsar i nord, for her merkar dei hardast det vi kan sjå i heile Noreg: det er vanskeleg å skaffe nok hender, både på sjukehusa og i primærhelsetenesta. Det er også viktig for regjeringa at me får et større fotavtrykk i den nordlege landsdelen og på Svalbard, og utdanningssektoren er sentral i den oppgåva. Dette er et første skritt, seier han.
– UiT er eit av dei viktigaste nordområdetiltaka Noreg har gjort.
Rektor Dag Rune Olsen ved UiT Noregs arktiske universitet er glad for dei ekstra plassane og signala frå regjeringa om at UiT er viktig, både i sektoren og i landsdelen.
– Dette set oss i enda betre stand til å gjere oppdraget vårt; å skaffe kunnskap og kompetanse til landsdelen – som jo var bakgrunnen for at universitetet vart etablert i si tid, seier han.
Utdanna i nord, vert verande i nord
Dei ekstra studieplassane gjer at UiT no skal utdanne rundt 150 legar i året frå og med neste haust. Rektor trur at viss folk vert utdanna Nord-Noreg, er det ein større sjanse for at dei får jobb i nord og vert buande.
– Det gjer jo at det er ekstra effektivt å utdanne legar hos oss, viss me skal auke dekninga i Nord-Noreg. Med så mange campus og ei utdanning kor studentane må ut i praksis, vert studentane kjent med andre byar, lokalsamfunn og arbeidsplassar. Me tar heile landsdelen i bruk, og gjer dei et godt grunnlag for å ikkje dra sørover.
Cecile Myrseth, stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet i Troms, var med statsråden til Tromsø. Ho meiner at viss me skal lykkes i nord må vi også lykkes på UiT.
– UiT er eit av dei viktigaste nordområdetiltaka Noreg har gjort. Me har store ambisjonar for landsdelen, og då må me ha mykje folk. Der vert UiT sentral. UiT har ti ulike campus, og det gjer at me drar med oss heile landsdelen, seier Myrseth.
Skyhøge forventingar
Rektor nytta også høvet til å vise kor mykje av regjeringas plattform UiT bør dra nytte av. Regjeringa har signalisert at dei vil fjerna det såkalla ABE-kuttet og styrka fleircampusmodellen. Satsinga på romfart bør og involvera UiT.
– Me har skyhøge forventingar, seier Olsen.
Statsråden med ansvar for UiTs budsjett lova ikkje meir enn han allereie hadde gjort, men seier han og har høge forventningar til budsjetta.
– Og så har eg høge forventningar til kva Olsen og resten av sektoren skal levera. Der vert det ein dialog framover, seier Borten Moe.
Forskings- og høgare utdanningsministeren trefte også studentpolitikarar, og fekk høyre om framtidas fleksible lærarutdanning, også kalla Alta-modellen, i den digitale framtidssmia. Mot slutten av besøket fekk han og sjå simulatorsenteret på UiT i Tromsø.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Master of Philosophy in Visual and Multimodal Anthropology
Varighet: 2 År -
Sosialantropologi - master
Varighet: 2 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Indigenous Studies - master
Varighet: 2 År -
Human Rights Policy and Practice - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Sosiologi - master
Varighet: 2 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Strategisk ledelse og økonomi - erfaringsbasert master
Varighet: 5 Semestre -
Samfunnsplanlegging og kulturforståelse - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosiologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Spansk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Statsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsplanlegging og kulturforståelse - master
Varighet: 2 År -
Økonomi og administrasjon - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon, siviløkonom - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Musikkutøving - bachelor
Varighet: 4 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsøkonomi med datavitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjonsdesign og ledelse - master
Varighet: 2 År -
Statsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Historie - master
Varighet: 2 År -
Kunsthistorie - bachelor
Varighet: 3 År -
Tysk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russlandsstudier - master
Varighet: 2 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Kvensk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Forfatterstudium 2 - årsstudium
Varighet: 1 År -
Organisasjon og ledelse for offentlig sektor - erfaringsbasert master
Varighet: 3 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Bedriftsøkonomi - årsstudium (nettbasert)
Varighet: 1 År -
Ledelse - årsstudium (nettbasert)
Varighet: 1 År -
Sosialt arbeid - master
Varighet: 2 År