UiT-forskarar skal gjere Nord-Noreg til ein av dei mest avanserte regionane i Europa innan klimatilpasning

UiT og Troms og Finnmark fylkeskommune har fått 24 millionar kroner frå EU til eit felles klimaprosjekt, i skarp konkurranse med andre europeiske regionar. Det skal gjera regionen til ein av dei mest avanserte i Europa innan tilpasning til klimaendringar.

piknik på nordnorsk strand med snø og sol.
Kva skjer når havet stig? Korleis vil det påvirka oss menneske, fiskeria, naturen og vêret? Fylkeskommunen i Troms og Finnmark og UiT skal no jobba tett saman for å møta konsekvensane av klimaendringane, med stønad frå EU. Foto: Mostphotos.
Portrettbilde av Moe, Trude Haugseth
Moe, Trude Haugseth trude.haugseth.moe@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 06.05.21 14:45 Oppdatert: 25.05.21 14:17
Arktis Bærekraft Hav Klima Samfunn og demokrati

«Tenk globalt, handla lokalt» har vi ofte høyrt når det gjeld dei globale klimautfordringane. No skal dette bokstaveleg talt bli sett i system – i eit tett og nyskapande samarbeid mellom klimaforskarar frå UiT Noregs arktiske universitet og forvaltning og politikarar i Troms og Finnmark fylkeskommune (TFKK).

Prosjektet vil gjere Troms og Finnmark til ein av dei mest avanserte regionane i Europa innan tilpasning til klimaendringar, seier Andrea Tilche, prosjektleiar og klimaforskar ved UiT Noregs arktiske universitet.

Prosjektleiar for IMPETUS, Andrea Tilche ved UiT, har solid røynsle frå internajsonalt klimaarbeid. Han har tidligare mellom anna hatt ansvaret for EU sitt forskingsprogram for klimaendringar og leia EU-delegasjonen ved Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC). Foto: Jørn Berger Nyvoll/UiT

Prosjektet heiter IMPETUS, som betyr «drivkraft». Målet med prosjektet er å utvikla tilpasningstiltak og gjere regionen meir motstandsdyktig mot klimapåverknader.

– IMPETUS vil hjelpa Troms og Finnmark å ta viktige skritt for å verna samfunnsborgarar og interessentar frå dei negative konsekvensane av klimaendringar. Dette gjeld til dømes innan fiskeri og akvakultur, vern mot steinras, jord- og  snøskred og vern av Tromsø by frå stigning i havnivået, fortel Tilche.

Leverer fersk kunnskap

UiT sine klimaforskarar skal levere rykande ferske forskingsresultat og detaljert kunnskap om klimaendringar og -utfordringar i regionen. Fylkeskommunen skal vedta og setja i gang tiltak på grunnlag av kunnskapen.

Litt meir konkret, skal prosjektet gjere det mogleg å utvikla eit digitalt program der ein kan samla alle relevante data frå det store og mangfaldige fylket.

– Slik kan vi utforske potensielle konsekvensar og risikoar av klimaendringar over tid. Slik kan òg avgjerdstakarar, interessentar og samfunnsborgarar diskutere saman om korleis vi skal prioritera investeringane våre og korleis vi kan bli motstandsdyktige, forklarer Tilche.

Portrett Karin ERiksen
Karin Eriksen, fylkesråd for næring og miljø i Troms og Finnmark fylkeskommune. Foto: Trond Magne Henriksen, TFFK.

Vil satsa offensivt på kunnskap

– Klimaendringar er den største utfordringa i vår tid. For å møta dei må vi satsa offensivt på ny kunnskap, forsking og utvikling. Difor er eg utruleg glad for at vi i samarbeid med UiT Noregs arktiske universitet, har vorte ein partnar i EU sin ambisiøse klimasatsing gjennom Green Deal, seier fylkesråd for næring og miljø, Karin Eriksen.

Vil påverka liva til folk

UiT-rektor Anne Husebekk er òg glad for tildelinga frå EU.

– Eg er svært glad for at dette spennande prosjektet vart finansiert. UiT er opptatt av robusthet i arktiske strøk. No får vi høve til å delta i eit prosjekt der det vert gjort samanliknande studiar i fleire regionar. Prosjektet er eit samarbeid mellom mange partnarar, og det er første gang UiT og fylkeskommunen samarbeider i eit EU-prosjekt, fortel Husebekk.

UiT-rektoren meiner prosjektet vil påverka liva til oss som lever i regionen direkte.

– Det er retta mot at vi skal vera førebudde på, og tilpassa oss klimaendringar og vil på den måten vera direkte relatert til menneske sine levevilkår mellom anna i arktiske strøk, seier Husebekk.

Portrett av Anne Husebekk, utendørs
UiT-rektor Anne Husebekk. Foto: Christian Halvorsen/UiT

Toppskår i EU si evaluering

Prosjektsøknaden skåra heilt i toppsjiktet i evalueringa av EU-programmet, med ein skår på 14,5 av 15 moglege.

– Evalueringa som vart oppnådd av IMPETUS-prosjektet gjenspeglar kvaliteten på forslaget. Det kombinerer topp moderne vitskap og prosjektering i eit felles design. Det strykar òg prosjektet at det har ei deltakande tilnærming retta mot samfunnsborgarane og interessentar, seier prosjektleiar Tilche ved UiT.

Moe, Trude Haugseth trude.haugseth.moe@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Vi anbefaler