Slik blir UiT sitt nye rektorat organisert

UiT skal framleis ha to prorektorar – ein for utdanning og ein for forsking og utvikling. Desse stillingane blir lyste ut på åremål. UiT vidarefører òg ordninga med viserektorar.

Universitetsstyremøte, skjermdump av digitalt møte
Universitetsstyret hadde eit ekstraordinært styremøte fredag 19. mars, der dei mellom anna handsama saka om samansetjing av rektorat. Foto: Skjermdump
Publisert: 19.03.21 12:58 Oppdatert: 19.03.21 15:05
Om UiT

Styret vedtok dette på eit ekstraordinært møte fredag 19. mars, og ordninga får verknad frå og med 1. august i år.   

Det er same dato som UiT går frå todelt til einskapleg leiing. Difor var styret allereie no nøydd til å ta stilling til korleis rektoratet skulle setjast saman, og kva arbeidsområde dei skal ha ansvar for i den nye leiarmodellen. 

Saka har vore på høyring internt, og universitetsstyret kunne utifrå saksframlegget ta stilling til ulike alternativ til ny samansetting av rektoratet. Dei valde i stor grad å følgje universitetsdirektøren si innstilling. 

Desse arbeidsoppgåvene skal prorektorane ha ansvar for 

Innstillinga går i korte trekk ut på at dei to prorektorane vil: 

  • inngå i rektor si leiargruppe 
  • ha ei fagleg stilling med resultatansvar 
  • ikkje ha personal- og økonomiansvar 

Prorektor for utdanning vil ha eit fagleg ansvarsområde som mellom anna  omfattar utdanningsportefølje, læringsmiljø, utdanningskvalitet, læringsformer, livslanglæring. 

Prorektor for forsking og utvikling vil ha eit fagleg ansvarsområde som mellom anna omfattar forsking og fagleg og kunstnarisk utviklingsarbeid, randsoneverksemd, ekstern finansiering og infrastruktur.  

I stor grad er dette det same som prorektorane i dag har ansvar for. Ein av prorektorane får funksjon som rektor sin faste vikar. 

Her kan du lesa heile saksframlegget. 

Stillingane som prorektorar blir lyste ut som åremålsstillingar 

På møtet vart det avgjort at stillingane som prorektorar blir lyste ut som åremålsstillingar, og skal følgje same funksjonsperiode som rektor.  

Styret vart samd om at ein kan vike frå kravet til toppstillingskompetanse for ei av stillingane, dersom ein kandidat er særleg kvalifisert på andre område. Kravet blir å så fall erstatta med krav om førstestillingskompetanse. Rektor får fullmakt til å fastsetja den endelege utlysingsteksten for stillingane. 

Universitetsdirektøren tek sikte på å lysa ut stillingane så fort som mogleg, slik at styret kan gjere eit vedtak om tilsetting i juni.  

Viserektorane skal ha eit regionalt ansvar 

UiT held òg fram med ordninga med viserektorar som har eit regionalt ansvar. Samstundes kan ein òg vurdere å leggje andre ansvarsområde til viserektorstillingane. 

Forslag til endeleg mandat og instruksar for viserektorstillingane vil bli lagt fram for styret etter ei evaluering av innhald den ordninga UiT har i dag. 

Ein tek sikte på  lysa ut viserektorstillingane i løpet av hausten. Det inneber at noverande viserektorar fortsett ut året.