– Kommisjonen og medlemmane er viktige ambassadørar for UNESCO sitt arbeid og verdiar, som er minst like viktig i dag som då organisasjonen vart oppretta. Eg er takksam for at Rebekka Borsch vil ta på seg leiarvervet, og er trygg på at ho vil gjere ein god jobb og fremje UNESCO sine verdiar i Noreg. Eg ser fram til kommisjonen sine initiativ og rådgjeving, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i ei pressemelding frå regjeringa.
UNESCO er den einaste FN-organisasjonen som har konstitusjonsfesta at medlemslanda skal ha ein nasjonalkommisjon. Noko av arbeidet med synleggjering av UNESCO i Noreg blir gjort gjennom at den norske UNESCO-kommisjonen forvaltar ei tilskotsordning for UNESCO-formål. I 2020 fekk til saman 23 tiltak eller organisasjonar støtte til prosjekt som omhandlar ytringsfridom og pressefridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarv og dokumentarv eller demokratiutvikling.
Avdelingsdirektør i NHO og tidligare statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Rebekka Borsch, vert ny leiar for nasjonalkommisjon for UNESCO.
– Eg er glad og takksam over å få leie UNESCO-kommisjonen sitt arbeid i tida som kjem, og at eg har med meg så dyktige kommisjonsmedlemer til å utføre jobben. Skal vi lukkast med å nå FN sine berekraftsmål, er eit velfungerande, globalt samspel innanfor UNESCO sine ansvarsområder heilt avgjerande. Eg ser fram til eit godt samarbeid med norske myndigheiter og sentrale aktørar frå det sivile samfunn, seier nyvald leiar Rebekka Borsch i en pressemelding frå regjeringa.
UNESCO vart oppretta for 75 år sidan. Den norske UNESCO-kommisjonen har sidan 1946 vore eit aktivt organ som fremjar organisasjonen sitt mål om å skape fred, tryggleik og bekjempe fattigdom gjennom auka samarbeid på dei fire pilarane utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon og informasjon.
Den norske UNESCO-kommisjonen 2021–2024
- Rebekka Borsch, leiar av Den norske UNESCO-kommisjonen, avdelingsdirektør for Kompetanse og innovasjon i NHO
- Lill Tove Fredriksen, førsteamanuensis i samisk litteratur ved Institutt for språk og litteratur ved UiT Noregs arktiske universitet
- Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret og professor ved Universitetet i Bergen
- Alf Håkon Hoel, professor i havrett og -politikk ved UiT Noregs arktiske universitet og forskar ved Havforskningsinstituttet
- Isa Maline Isene, styreleiar i LNU
- Bibi Fatima Musavi, student, journalist og medlem av Ungdommens ytringsfrihetsråd
- Inger Elisabeth Måren, førsteamanuensis ved institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen og UNESCO Chair for berekraftig arv og miljøforvaltning
- Odd Sletten, musemsdirektør ved Rørosmuseet (avdeling under MiST – Musea i Sør-Trøndelag)
- Rune Ottosen, professor emeritus i journalistikk ved OsloMet
- Dankert Vedeler, styreleiar for UNESCOs institutt for statistikk