Fem millionar til spennande VR-prosjekt

VR-teknologi blir utvikla ved UiT for å skaffa helsefagstudentar terapeutisk kompetanse. Tirsdag fekk eit eige prosjekt ved UiT fem millionar kroner i støtte frå Diku. 

Kveseth, Magne
Publisert: 06.10.20 14:00 Oppdatert: 07.10.20 14:55
Teknologi Tromsø Harstad

Prorektor for utdanning og kvalitet ved UiT, Wenche Jakobsen, karakteriserer tildelinga frå Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) som ei skikkeleg gladsak for arbeidet som blir gjort ved UiT. 

Helsestudenter lærer ved hjelp av VR
ØVER MED VR: Her er studentar i gang med eit øvingsopplegg med VR-briller ved UiT. Foto: Anna Wirsing/UiT

Prosjektleiar for VR-prosjektet, Rita Jentoft, seier at arbeidsgruppa som har dratt i gang prosjektet er opptekne av at studentar skal få øva seg meir på teapeutiske møte, både fagspesifikt og tverrprofesjonelt. Løyvinga frå Diku skal dei bruka til prosjektet som startar i januar 2021 og som varer i tre år framover. I løpet av dei tre åra skal det òg drivast følgjeforsking for å dokumentera prosessen med å utvikla prosjektet. 

Kvalitet i utdanninga

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim vonar at satsinga får store ringverknader.

– Dette er ein viktig del av regjeringas satsing på høgare kvalitet i utdanningane, seier han.

Prosjektet som vart tildelt ei ekstra løyving på fem millionar kroner, har tittelen «VR-teknologi i utvikling av terapeutisk kompetanse hos helsefagstudentar» og er tydeleg forankra ved UiT Noregs arktiske universitet.

Dekan ved Det helsevitskaplege fakultet, Thrina Loennechen, skriv i eit tillegg til Diku-søknaden at prosjektet støttar UiT sin strategi "Drivkraft i Nord". 

– Då vi starta idéutviklinga av prosjektet, som vi er veldig stolte av at har passert nålauget og nådd opp i kampen om desse ekstra kvalitetsmidla, stilte vi oss spørsmålet om kva folk ønsker å utvikla som er teknologiretta. Kan vi dela ressursar med andre miljø og på den måten bidra til terapeutisk kompetanse, seier prosjektleiar Rita Jentoft. Ho er dosent ved Institutt for helse- og omsorgsfag ved UiT. 

Rita Jentoft
STOLTE: Vi vart svært glade over å få denne tildelings blant så mange som hadde søkt, seier dosent Rita Jentoft. Foto: Arkiv

– Ei rekke av institutta gjekk saman om dette, rett før korona trefte oss alle. Då vart digital læring berre endå meir aktuelt, og vi ser for oss at fremtidig utvikling av ideane våre må skje meir digitalt enn kva vi tenkte i utgangspunktet, seier ho. 

Kan gje større meining

Jentoft skriv mellom anna dette om prosjektet i søknaden: 

«Å oppleva konkrete scenari kan gje ei større meining for studentar som skal læra terapeutisk kompetanse, enn tekstbøker kan gje åleine. Bruk av VR til evnetrening har vist seg å vera like effektivt i undervising som tradisjonelle øvingar. Ein av dei spesielle styrkane til VR er at det kan gje erfaringar som ein elles ikkje ville hatt moglegheit til. Det helsevitskapelege fakultet ved UiT skal bidra til innovasjon i helsefaglig utdanning og tenestetilbod og vidareutvikla utdanningsforsking for å bygga opp fleksible og innovative utdanningar. Studentaktive læringsformer skal utviklast med studentar som med-utviklere. Studentane vil bli involvert gjennomgåande, både gjennom søknadsprosessen, i utvikling og utprøving av læringsressursane og gjennom fagspesifikk og tverrprofesjonell vurdering og evaluering.»

Prosjektleiaren seier eit aspekt ved bruken av VR er den utfordrande delen som handlar om terapeutiske samtalar med barn. 

– Det kan dreia seg om samtalar med barn som til dømes har foreldre som er psykisk sjuke, eller barn med andre utfordringar. Prosjektet vårt handlar nokså mykje om dette med behandling av barn i ulike samanhengar, seier Jentoft. 

Mange institutt

Prosjektet har deltaking frå ei rekke av institutta ved Det helsevitskapelege fakultet ved UiT og det er meninga at prosjektet skal utvikla terapeutisk og tverrprofesjonell kompetanse hos helsefagstudentar ved hjelp av digitale, innovative, berekraftige og studentaktive læringsformar, heiter det i søknaden. 

Eit døme som er nemnt er at VR kan eksponera studenten for tvitydige signaler frå pasientar i trygge scenarium. Studenten kan då bruka signala aktivt for å vurdera vidare steg for å skapa ein allianse, og finna ut korleis ein skal gå fram viss pasienten til dømes vegrar seg for å svara om han eller ho har sjølvmordstankar.

Ein viktig fellesnemnar for dei prosjekta som har fått støtte er at dei skal utvikla og forska på effektane av nye lærings- og vurderingsformar. Prosjekta må vise til at dei har eit omfang og ambisjonsnivå som skal heva heile studieprogram eller større emnegrupper, står det i pressemeldinga frå Diku.

Dette er alle prosjekta som fikk støtte: Sju universitet og høgskular får 70 millionar til betre undervisning

Kveseth, Magne
Publisert: 06.10.20 14:00 Oppdatert: 07.10.20 14:55
Teknologi Tromsø Harstad
Vi anbefaler