Ny rektor må framleis ha kompetanse på professor- eller dosentnivå

Det kom universitetsstyret fram til på eit ekstraordinært styremøte torsdag. Utlysinga av rektorstillinga vert klar i september og eit innstillingsutval på 10 personar får i oppgåve å følgja opp tilsetjingsprosessen.

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 27.08.20 11:28 Oppdatert: 27.08.20 11:30

Uiniversitetsstyremøtet var digitalt og vart strømma. Foto: Skjermdump

Styret ved UiT heldt eit ekstraordinært universitetsstyremøte torsdag 27. august, og det var berre ei sak til handsaming: Etablering av ordning for styring og leiing på institusjonsnivå ved UiT Noregs arktiske universitet.

Møtet skulle følgja opp vedtaket frå i juni i år da universitetsstyret innførte ordning med tilsett rektor, einskapleg leiing og ekstern styreleiar ved UiT, med verknad frå 1. august 2021.

Trinnvis prosess våren 2021

Hovudprioritering hausten 2020 er å gjennomføra tilsetjingsprosess av rektor, meiner universitetsstyret. Prosessen vert difor sett i gang no og utlysinga skal vere klar tidleg i september. Tilsetting vil etter planen kunne skje rundt årsskiftet 2020/2021.

Styret må òg sjå nærare på korleis rektoratet og universitetsleiinga skal vere samansett no som universitetet skal ha einskapleg leiing. Både prorektorane sin valperiode og viserektorane sine åremål går ut neste sommar. Stillingane som universitetsdirektør og assisterande direktør vert formelt avvikla.

Styret bad difor universitetsdirektøren i løpet av vinter/vår 2021 legga fram sak om funksjonar, oppgåver og samansetjing av rektoratet og universitetsleiinga, og leiing av administrasjonen. Den som vert tilsett som rektor kan også konsulterast om utvalde spørsmål i denne tida.

Vil gje høg legitimitet

Ikkje alle medlemmane i styret var samde i kva for kvalifikasjonskrav ein skal sette til den nye rektorstillinga. Styremedlem Margrethe Esaiassen sa at ho ikkje såg det som naudsynt at ein ny rektor må ha professorkompetanse og ville mjuke opp dette kravet. Ho fekk ikkje støtte frå dei andre medlemmane, som alle ville halde fast på at rektor ved UiT må ha professor- eller dosentkompetanse.

–Høg vitskapleg kompetanse er veldig viktig ettersom det gjer høg legitimitet i organisasjonen, påpeika mellom anna Stig Slørdahl og Anne Husebekk. 

Eit innstillingsutval på 10 personar skal få i oppdrag å føre prosessen. Det vart diskutert kva for samansetjing utvalet burda ha, og mellom anna foreslo styret at det burde vere fleire representantar frå dei tilsette ettersom dei ikkje lenger får velje rektor sjølv. 

– Det vert nok ei intens, men viktig oppgåve for dei som sitt i utvalet dei næraste månadene, seier rektor Anne Husebekk.

Kven som skal sitja i utvalet er ikkje bestemt enno, men styret vil få høve til å seia meininga si om det òg i god tid før utvalet må ta fatt på arbeidet sitt.

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 27.08.20 11:28 Oppdatert: 27.08.20 11:30
Vi anbefaler