Desse forskarane vann UiT sine prisar 2020
På rektors sommarfest blei UiT sine prisar og merittering delt ut til dyktige forskarar og undervisarar.
Det var i år veldig mange gode nominerte innafor dei ulike kategoriane til UiT sine prisar. Kvar pris er på 100.000 kroner. Dei som vinn blir også inviterte med på eit hyggeleg arrangement, men det vil bli når koronasituasjonen roar seg litt.
– No skal vi hylle dei aller beste, seier rektor Anne Husebekk.
Formidlingsprisen 2020
Årets formidlingspris går til universitetslektor Mona Kvivesen, ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.
Mona Kvivesen er ein dyktig fagperson og ei drivkraft i realfagsmiljøet på lærarutdanningane ved UiT. I tillegg til å undervise i matematikk og naturfag, er ho ein iherdig pådrivar av realfagleg formidling, noko nettbloggen «Realfagsjentene» er eit bevis på.
Kvivesen er hovudinitiativtakar bak suksessen «Vitenuka», eit kunnskapsarrangement som årleg aktiviserer og engasjerer over tusen barn og unge i regionen. Her har ho vore drivkrafta over mange år og drar kollegaene sine med i denne realfagsfesten. Slik bidreg hun ikkje berre med eiga formidling, men også til at fagmiljøet formidlar kunnskap og nysgjerrigheit til barn og unge i området.
– Eg vil dele prisen med mine kollegar i Alta, der alle er med på å engasjere og inspirere, seier Mona Kvivesen.
Kvivesen er UiTs mest sentrale fagrepresentant i det internasjonale samarbeidsprosjektet «Be tech», der grunnskoleelevar, lærarar og utdanningsforskarar i realfag og teknologi både frå Noreg, Finland og Russland er med. Prosjektet har fått mykje positiv merksemd i fleire riksdekkande mediekanalar. Saman med kollegaer er Mona Kvivesen medforfattar av «Læreverk i kjemi» som Universitetsforlaget skal gi ut hausten 2020.
Forskings- og utviklingsprisen 2020
Forskings- og utviklingsprisen 2020 går til professor Terje Johansen ved Det helsevitskaplege fakultet.
– Forsking av den typen eg driv med er basert på gruppeinnsats, eg vil derfor takka mine kollegaer ved forskingsgruppa som har lagt ned stor innsats over mange år, seier Johansen.
Terje Johansen leier forskingsgruppa for molekylær kreftforsking ved IMB. Gruppa sin hovudaktivitet er innan hypotesedriven grunnforsking, ein forskingsaktivitet heilt i den ypparste internasjonale forskingsfronten innan studiar av molekylære mekanismar for selektiv autofagi.
Autofagi er reinsings- og sjølvfornyingsprosessar i cellene som er avgjerande for å halda cellene og organismen friske. Johansens innovative oppdaging av den første selektive autofagireseptoren og reseptoren sin verknadsmekanisme, har hatt mykje å seia for den vidare utviklinga i faget, og har samtidig gitt Johansen eit renommé og heilt spesiell posisjon i feltet. Hans grunnleggande oppdagingar la grunnlaget for vidare bruk av denne kunnskapen til utvikling av terapeutiske behandlingar og for vernestrategiar brukt ved mellom anna kreft og nevrodegenerative lidingar som Parkinson og Alzheimer.
Johansen er ein av Noregs fremste grunnforskarar. Ein h-indeks på 65 og meir enn 31,000 siteringar (Google Scholar), gjer han til ein av dei mest siterte forskarane innan cellebiologi internasjonalt (Google Scholar). Dei to mest siterte originale forskingsarbeida er no siterte høvesvis 3259 og 2594 gonger. Desse forskingspublikasjonane er dessutan på andre og åttande plass av dei mest siterte arbeida frå UiT gjennom alle tider (Google Scholar). Terje Johansen har gjennom sin karriere vore rettleiar for 23 ph.d.-kandidatar og 31 mastergradskandidatar.
Utdanningsprisen 2020
Prismottakar for utdanningsprisen 2020 er Petter Holm, ved Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi.
Petter Holm utmerkar seg ved sitt langvarige og breie engasjement for å heve undervisnings- og utdanningskvaliteten, både sentralt på UiT, i sitt engasjement på Result, på BFE-fak og ved eige institutt, NFH. Gjennom innsatsen sin på fleire nivå i universitetsorganisasjonen viser Holm universitetspedagogisk leiarskap som er til inspirasjon for andre.
– Å jobbe med utdanningskvalitet kan vere frustrerande, det er så mykje å ta tak i. Men av og til kan ein gjere ein forskjell, seier Petter Holm.
Holm har utvikla nye undervisnings- og vurderingsformer i eiga undervisning, og samarbeider tett med studentar, kollegaer og eksterne partnerar i dette arbeidet. Han leia fyrtårnsprosjektet Simfish som fokuserte på spelbasert læring. Han er sentral i arbeidet med å knyte ulike utviklingsprosjekt tettare til linja i organisasjonen der programansvaret ligg, og han er engasjert i arbeidet med utviklinga av den pedagogiske kompetansen hos underviserane. På denne måten bidrar Holm til at UiT sine strategiske satsingar på utdanningsfeltet blir langsiktige og drar i same retning. Han er også ein framifrå mentor og rettleiar for kollegaer i dette arbeidet.
Innovasjonsprisen 2020
Årets innovasjonspris går til Trude Nergård Nilssen, ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.
Trude Nergård Nilssen har utvikla Literate dysleksitest. Screeningtesten er utvikla for å avdekke lese- og skrivevanskar og dysleksi hos ungdom og vaksne. Gjennom eit forskingsbasert innovasjonsarbeid er det utvikla seks ulike testar slik at det på ein enkel og fleksibel måte kan gjennomførast kartlegging av lesevanskar.
Testane i Literate er eit verdifullt hjelpemiddel for skoler og kommunar for systematisk kartlegging og tiltak for ungdom og vaksne. Nilsen arbeider med å normere testen for barn 5–10 år. Literate er eit eksempel på at det også innanfor humaniora og samfunnsfag kan utviklast forskingsbaserte innovasjonar med stort verdiskapingspotensiale og som også tek samfunnsansvar.
– Eg vil særleg takke alle born, foreldre og skular i heile Noreg, som har gjort utviklinga av dysleksitestane mogleg, seier Nergård Nilssen.
Pris til yngre forskar 2020
Den som får prisen for yngre forskar 2020 er forskar Andreia Plaza-Faverola, frå Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Andreia Plaza-Faverola har utmerka seg som eit forskings- og leiartalent sidan ho kom til UiT som ph.d.-student. Ho har ei betydeleg internasjonal karriere. Utviklinga hennar av innovative geofysiske tolkingsteknikkar og interessa hennar for tverrfagleg forsking har ført til publikasjonar i Science, Nature, Geoscience mm., og gir ny kunnskap om metan i arktisk miljø og klima.
Plaza-Faverola har finansiert eiga forskingsgruppe ved UiT, har to Starting Grants, frå TFS og Forskingsrådet, og har fått ein nasjonal pris som kvinneleg geoforskar. Undervegs har Plaza-Faverola fått to barn, og er ein framifrå rollemodell som viser at familie kan kombinerast med toppkarriere i akademia.
– Å få ein slik pris kjennes som ei stadfesting på at den jobben vi gjer er viktig, seier Plaza-Faverola.
Les meir om UiT sine prisar her
Meritterte undervisarar
I år er det utnemt seks meritterte undervisarar ved UiT. Desse får tre lønnstrinn, og vil bli inviterte med på eit arrangement.
– Det å bli merittert undervisar er som å komme gjennom eit nålauge, seier prorektor for undervisning, Wenche Jakobsen.
Desse kandidatane er tildelt merittering i 2020:
Margrethe Esaiassen, Noregs fiskerihøgskule
Gjennom sitt arbeid dei siste fem til sju åra har Margrethe Esaiassen vore med i fleire større utviklings- og revisjonsprosjekt ved instituttet. Dette har både bidrege til å styrke hennar eigen og instituttet sin kompetanse. Gjennom desse prosjekta har ho vist seg engasjert, nyskapande, systematisk og analyserande. Ho dekker fullt ut krava til merittering som UiT har angitt.
Maarten Beerepoot, Institutt for kjemi
Beerepoot si mappe dokumenterer at han oppfyller kriteria for merittert undervisar. Beerepoots undervisningspraksis er gjennomsyra av ei systematisk, vitskapeleg tilnærming. Trass i ei relativt kort karriere som undervisar på universitetet, demonstrerer han ei målbevisst pedagogisk utvikling. Gjennom sitt engasjement og ansvar for utvikling av nye emne og aktivitetar dokumenterer mappa ei sterk tru på studentaktive læringsformer, som vert følgde opp slik at dei fremjar pedagogisk utvikling i fagmiljøet. At Beerepoot er ein engasjert, dyktig og sterk pedagogisk leiar er det liten tvil om. Han er raus og viser oppriktig interesse for å utvikle pedagogiske ferdigheiter hos sine kollegaer og han tek ansvar for å fremja pedagogisk kvalitet gjennom systematisk utvikling av læringsformer på eige institutt og for universitetet.
Sissel Eriksen, Institutt for samfunnsvitskap
Eriksen si mappe dokumenterer ein undervisningspraksis som i kvalitet og innovasjonskraft overtyder om ei ambisiøs lærargjerning. Med utgangspunkt i ei grunnleggjande analytisk og vitskapeleg haldning til undervisningsoppdraget har Eriksen i løpet av heile si karriere arbeidd systematisk for å utvikle undervisninga si og kompetansen som undervisar. Grunnsteinen i den pedagogiske praksisen hennar er tilrettelegging for studentanes eigenaktivitet og ansvar for eiga læring. Pionerarbeidet og leiarskapet hennar i overgangen til nettbaserte undervisningsaktivitetar er verdt å merkje seg. Mappa tilfredsstiller alle krava til merittert undervisar.
Astrid Strandbu, Institutt for lærarutdanning og pedagogikk
Mappa dokumenterer ein sterk og ambisiøs undervisar og pedagogisk leiar som oppfyller alle kriteria som vert stilte til merittert status. Trass i ein relativt kort praksis som undervisar i UH-sektoren, har ho ein svært sentral rolle i utviklinga av lektorutdanninga og er ein ressursperson innafor utdanning og læring i sitt fag.
Vivian D. Haugen, Institutt for lærarutdanning og pedagogikk
Søknaden oppfyller kriteria for merittert undervisar. Haugen er ein moden og dyktig undervisar med usvikeleg engasjement for studentane si læring. Med utgangspunkt i teoretisk informert pedagogisk plattform, har ho arbeidd med å utvikle førelesingar og seminar på ein reflektert og systematisk måte. Komiteen vil særleg framheve Haugens beskriving av korleis ho legg opp førelesningar ut frå eit tydeleg pedagogisk grunnsyn, samstundes som ho arbeider for å til variasjon i form i verkemiddel. Haugen reflekterer godt over si eiga utvikling som undervisar, med overgangen frå å vere ein einsam forelesar til dagens teambaserte undervisningsform. Haugen er ein sterk undervisar og fagperson som tek del i samarbeid og tar fagleg leiaransvar.
Kristine H. Korsnes, Det juridiske fakultet
Mappa dokumenter ein søkjar som oppfyller kriteria for merittert undervisar. Korsnes er ein svært dyktig og engasjert undervisar og pedagogisk leiar, med stort fokus på vidare utvikling av seg sjølv, kollegaer, fakultetet og UiT. Mappa dokumenterter ein sterk og god kandidat, ein dyktig lærar og pedagogisk leiar med stor betyding for sitt fagmiljø.