Gir 42 millionar kroner til forsking på kvinnelege fotballspelarar


Nytt senter i Tromsø: Tromsø forskingsstiftelse (TFS) og UiT Noregs arktiske universitet (UiT) går inn med 21 millionar kroner kvar for å støtta Senter for kvinnefotball. 

– Prosjektet er viktig fordi det finst lite forsking på kvinneidrett, seier forskingsleiar Svein Arne Pettersen, som også er førsteamanuensis ved Idrettshøgskulen ved UiT. 

Frå UiT er det heile tre fakultet som skal samarbeida, og forskinga kan delast inn i tre hovudområde. Ei forskingsgruppe skal sjå på fotballfysiologi, psykologi og medisin for å få innsikt i desse helse-faktorane hjå kvinnelege elitespelarar. Ei annen gruppe skal ta hand om system for datasikkerheit og bruk av kunstig intelligens i prosjektet, og ei tredje gruppe skal forska på klubborganisasjonar sett i eit kjønnsperspektiv. 

– Senteret vil ha et breitt forskarteam som vil forska på kvinnesport ved å utvikla nye treningsopplegg som skal ta vare på fysisk og mental helse i eit langtidsperspektiv, og hindra skadar og overtrening for kvinnelege fotballspelarar. Dette finst det mykje av både på klubb- og forbundsnivå for menn, men ikkje for kvinner. Dette er eit kvalitetsprosjekt som fyller eit kunnskapshol, og har relevans for halve jordas befolkning. Det vil vi i TFS vera med på, seier Unn Sørum, som er administrativ leiar for Tromsø forsknigsstiftelse.

Også leiar for avdeling for elitefotball i Noregs Fotballforbund, Lise Klavenes, er svært glad for etableringa av senteret.

 – Fotball er Noregs største idrett for kvinner. Vi har over hundre tusen aktive jenter og kvinner i fotball. Auka kunnskap om dei fysiske føresetnadene til jenter i idretten er svært viktig både for å legga til rette i breidda, men òg for å henga med i den eksplosive utviklinga som skjer i toppfotballen internasjonalt. At UiT opnar eit senter dedikert til kvinnefotball er eit sterkt og godt signal for alle utøvarane våre, seier ho. 

BILETE: Svein Arne Pettersen og Unn Sørum, foto: Jonatan Ottesen/UiT. Ina Birkelund under kamp med TIL Damer, foto: Gry Berntzen

Kontaktpersonar:
Unn Sørum, administrativ leiar i Tromsø forskingsstiftelse
Telefon: 916 33 850
E-post: unn@tfstiftelse.no

Sveinung Hole, styreleiar i Tromsø forskingsstiftelse
Telefon: 479 00 111
E-post: sh@mohnfundation.no

Svein Arne Pettersen, forskingsleiar Senter for kvinnefotball, UiT
Telefon: svein.arne.pettersen@uit.no
E-post: 932 29 644

Lise Lotte Henriksen, kommunikasjonsrådgjevar UiT
Telefon: 906 40 924
E-post: Lise.l.henriksen@uit.no

På Twitter   #norgesarktiske