Desse studentane er historiske

For første gong har UiT uteksaminert bachelorstudentar i ernæring.

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 07.06.19 08:36 Oppdatert: 31.12.19 10:22

Dei ti første studentane er ferdig med bachelor i ernæring ved UiT (f.v.): Monika Lund Machlik, Mari Mikkelsen, Sunniva Kristine Jaspers Grønnslett, Anna Øien Sønslien, Wendy van Dreunen, Thea Johnsen Berglund, Elise Ellingsen, Elise Marlen Paulsen, Marie Hauan og Siyamali Gananathan. Foto: David Jensen

Hausten 2016 tok Institutt for samfunnsmedisin ved UiT Noregs arktiske universitet opp dei ti første studentane til bachelorstudiet i ernæring.

Torsdag 6. juni kunne dei feire at dei var ferdig med det treårige studiet. Student Mari Mikkelsen frå Tromsø er veldig letta over å vere ferdig:

– Det har vore tre år med mykje arbeid og det er ei utruleg god kjensle å ha fullført ein bachelorgrad. Det er ein ordentleg mestringsfølelse.

Ho meiner studiet har vore veldig bra, særleg med tanke på at det er første gongen vert gjennomført her i Tromsø. Studentane roser óg førelesarane og alle dei andre som har jobba med studiet.

– Studiet har vore morosamt, med mange flinke, engasjerte førelesarar frå mange ulike hald som alle har satt sitt preg på utdanninga, seier student Sunniva Grønnslett.

Etter at dei har blitt ferdig med sitt bachelorstudium i ernæring har studentane eit godt tverrfagleg grunnlag som kan nyttast i fleire ulike verksemder. Dei kan til dømes få jobb innanfor førebyggjande helsearbeid, helseadministrasjon, i pasientorganisasjonar, opplysningskontor, helse-/trenings-/frisklivssenter, eller i næringsmiddelbedrifter og andre stader i privat sektor.

Sjå òg: Endeleg får UiT eit ernæringsstudium!

Stor mangel på ernæringsfysiologar

Mari Mikkelsen (t.v.) og Sunniva Grønnslett vil gjerne ha jobb i Nord-Noreg. Foto: David Jensen

Bakgrunnen for at ernæringsstudiet vart oppretta var mangelen på kliniske ernæringsfysiologar i Noreg, og særleg i Nord-Noreg. Etterspurnaden etter ernæringskompetanse i helse- og omsorgstenesta er uttrykt i ei rekkje sentrale, offentlege dokument allereie frå 1970-talet. 

Ei utgreiing frå Helsedirektoratet har mellom anna slått fast at det fram mot år 2020 vil vere naudsynt med ei auke på 700 årsverk for kliniske ernæringsfysiologar.

Ein av initiativtakarane til ernæringsstudiet var Hugo Nilssen, klinisk ernæringsfysiolog og leiar av Ernæringssenteret ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN). 

Årsaka var at dei sleit med å få tak i kvalifiserte folk i dei utlyste stillingane deira. No bør ikkje det vere eit problem i framtida.

– Studentane kjem frå ulike stader i landet, men dei fleste har tilknyting til Nord-Noreg, fortel programstyreleiar for ernæringsstudiet ved Institutt for samfunnsmedisin, Charlotta Rylander. 

Ved instituttet vonar dei difor at studentane vert værande i landsdelen når dei er ferdige med utdanninga si. Det har i alle fall Mari Mikkelsen tenkt å gjere.

– Eg er frå Tromsø og vil gjerne få meg jobb her om det lèt seg gjera. Eg synest det hadde vore spennande med eit utvekslingssemester i utlandet, men på sikt ønskjer eg å bli verande i byen. Difor vonar eg at det finst jobbmoglegheiter her etter eg har fullført masteren.

– Eg er så heldig at eg både har familie her i Tromsø og sørpå, så eg kjenn tilhøyrsle i begge landsdelar. Eg trur at når eg er ferdig, så vil eg reise litt rundt i landet eller i resten av verda. Men eg har ei kjensle av at eg kjem til å ende opp i Nord-Noreg til sist, seier Sunniva Grønnslett.

Vil ta master til hausten

Som alle dei andre på ernæringsstudiet har både Mikkelsen og Grønnslett søkt seg vidare på det nyoppretta masterstudiet i klinisk ernæring. UiT tek opp studentar til dette studiet for aller første gong til hausten. Masterstudiet vart vedteke oppretta i november i fjor, nettopp fordi etterspurnaden etter kliniske ernæringsfysiologar er godt dokumentert gjennom fleire år.

Når masterstudentane i ernæring er ferdige om to år kan dei søkje om løyve om å kalla seg kliniske ernæringsfysiologar. Det er ein verna tittel og med den i bagasjen kan dei jobba på sjukehus med kostrådgjeving og ernæringsbehandling ved sjukdom hos ulike pasientgrupper.

Til no har det berre vore uteksaminert kandidatar i klinisk ernæring i Oslo og Bergen, og ein ser at dei som regel vert værande i Sør-Noreg.

– Så om to år er dei første masterstudentane ferdig, og med det håper vi å styrke fagkompetansen i klinisk ernæring rundt om i Nord-Noreg, seier Charlotta Rylander.

– Eg vil helst ta mastergraden, men sidan det er få plassar, er det endå usikkert kva som skjer. Det er to grunnar til at eg ønskjer å byrja på master. For det første er det einaste vegen til å praktisera som ernæringsfysiolog. Det andre er å bygga vidare på det vi har lært til no og læra endå meir om ernæringsfaget, seier Sunniva Grønnslett. 

Studentar som tek bachelor i klinisk ernæring kan søkje om opptak til master frå og med hausten 2019. Foto: UiT

Får omfattande kunnskap om mat

Ernæring er eit tema som har fått større og større merksemd dei seinare åra. Det er óg eit tema som vedkjem absolutt alle ettersom vi treng mat for å overleva. I tillegg har ernæring stor innverknad på helsa, og difor vil det vere nyttig for alle å få gode råd om temaet frå kvalifiserte spesialistar. 

Kliniske ernæringsfysiologar har omfattande kunnskap om dette, ettersom dei får opplæring innan biokjemi, fysiologi, mikrobiologi, anatomi og celle-og molekylærbiologi, for å nemne noko. Dei lærer å skilja mellom synsing og fakta.

– Eg vil seie at etter gjennomført studie sitt ein igjen med eit spektrum av stader der ernæring er relevant. Det har óg lagt grunnlag for oss til å tolke og vurdere forskingsbasert kunnskap.

Det fortel Sunniva Grønnslett.

– Eg vil absolutt tilrå dette studiet til andre som har interesse for ernæring og helse. Det er eit utruleg viktig tema som blir stadig meir aktuelt og ikkje minst veldig spennande, meiner Mari Mikkelsen.

I kullet deira er det berre kvinner, men på andreåret er seks av 20 studentar menn. Instituttet vil gjerne at fleire menn søkjer seg til studiet, og i rekrutteringsvideoen dei laga i år, valde dei å ha en mannleg hovudrolle for å appellere til menn óg.

Sjå òg: Tre studentar fortel kvifor dei valde ernæringsstudiet ved UiT

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 07.06.19 08:36 Oppdatert: 31.12.19 10:22
Vi anbefaler