UiT-kandidatar får jobb rett etter studiane

Åtte av ti UiT-kandidatar fekk jobb rett etter studiane. Martine Nesholen Larsen er glad for at vegen frå UiT til sjukepleiarjobben vart svært kort

Jente som titter ut av en dør inne på et sykehus
– Eg er veldig glad for at eg valde å bli sjukepleiar. Det er utruleg givande og yrket gjer mange valmoglegheiter. Ingen dagar er heilt like, seier Martine Nesholen Larsen, som fekk jobb på barneavdelinga på UNN fire månader før ho var ferdig med siste eksamen ved UiT. Foto: Stig Brøndbo
Portrettbilde av Brøndbo, Stig
Brøndbo, Stig stig.brondbo@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 05.04.19 07:00 Oppdatert: 18.12.20 10:01
Helse og velferd

– Som nyutdanna sjukepleiar var eg trygg på at eg kom til å få meg jobb, seier Martine Nesholen Larsen. Foto: Stig Brøndbo

– Eg er kjempefornøgd med yrkesvalet mitt, og som nyutdanna sjukepleiar var eg trygg på at eg kom til å få meg jobb, seier Martine Nesholen Larsen.

Hun var ferdig utdana sjukepleiar våren 2018, og fekk jobb på barneavdelinga på UNN allereie fire månader før siste eksamen. Etter 10 månader i jobb konkluderar ho med at sjukepleiarstudiane førebudde ho godt på yrkeslivet. Her er 23-åringen heilt på linje med det store fleirtalet av dei som har tatt sin utdanninga si ved UiT.


– 86 prosent av dei nyutdanna UiT-kandidatane våre oppgjer utdanninga si som relevant eller svært relevant for noverande jobb. Det er vi svært fornøgd med, og viser at UiT utdannar kandidatar som arbeidslivet treng, seier Anne Husebekk, rektor ved UiT Noregs arktiske universitet.

Stabilt høgt 

Talet på studentar som er fornøgde med utdanninga si og meiner han er relevant for jobben sin, har vore stabil opp mot 90 prosent heilt sidan UiT byrja med Kandidatundersøkinga si i 2010. Kandidatundersøkinga sjekkar om alle UiT-kandidatar som vart uteksaminert på bachelor-, master-, profesjon- eller doktorgradsnivå er i jobb tre månader etter avslutta studiar.

Stolte
I undersøkinga for 2019 oppgjer 81 prosent av UiT-kandidatane at dei har fått seg jobb rett etter at dei er ferdige med utdanninga. 12 prosent seier dei har haldt fram med studiane sine, tre prosent er jobbsøkarar og tre prosent oppgjer at dei er delvis i jobb, er langtidssjuke eller har andre grunnar for ikkje å vera i jobb.
– Dette er tal vi er stolte av, og som viser at kandidatane våre er attraktive for arbeidsgjevarar i både privat og offentlig sektor, seier rektor Husebekk.

251 moglegheiter
I år tilbyr UiT 251 studieprogram, dei aller fleste med søknadsfrist 15. april.
– Eg er veldig glad for at eg valde å bli sjukepleiar. Det er utruleg givende og yrket gjer mange valmoglegheiter. Ingen dagar er heilt like, seier Martine Nesholen Larsen. Nytt i år er at dei som søker sjukepleiarutdanning må ha minst karakteren 3.0 i norsk og i fellesfaget matematikk.

Sjå videoen Nokre gonger er det livsviktig å rekna riktig.

Brøndbo, Stig stig.brondbo@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Vi anbefaler