Drøftar infrastruktur i Nord-Noreg med arbeids- og næringsliv


Hovudtema på Peter F. Hjort-seminaret i år er infrastruktur, og korleis ein kan skape gode rammer for verdiskaping, bærekraft og utvikling.

Torsdag 21. mars er det igjen klårt for eit nytt Peter F. Hjort-seminar. Denne gong med temaet infrastruktur. Foto: UiT

Peter F. Hjort-seminaret (PFH) har vorte ein viktig møteplass for akademia, kommunar og arbeids- og næringslivet. Seminaret skal bidra til å auke samhandlinga mellom dei ulike aktørane, og sjå korleis ein i fellesskap kan bidra verdiskaping og innovasjon i landsdelen.

Torsdag 21. mars er det igjen klart for eit nytt dagseminar – for femte året på rad.

Eit tema med stor breidde

Vil du melde deg på?

Det er framleis litt ledig kapasitet på to av arbeidsøktene; infrastruktur for transport og logistikk, og norske sjømatprodukt i Europa – kvalitet og marknad.

Sjå heile programmet og meld deg på her

Denne gongen er det infrastruktur som står i fokus, og det er eit heitt tema for tida. Diskusjonane om tungtransport langs vegane og utredning av jernbane i Nord-Noreg er døme på det.

– Det er óg eit tema som gjer det mogleg å drøfte frå fleire synsvinklar og vi har prøvd å famne ganske breitt, fortel samfunnskontakt Marit Hansen ved Seksjon for forsking og utdanningskvalitet (SEFU).

Seminaret vert difor delt inn parallelle arbeidsøkter, der ein kan sjå nærare på:

  1. Infrastruktur for transport og logistikk
  2. Det fornybare Nord-Noreg – teknologi og energi
  3. Norske sjømatprodukt i Europa – kvalitet og marknad
  4. Næringslivet som læringsarena for framtida?

I plenumsdelen kjem mellom anna dagleg leiar i Grovfjord Mekaniske verkstad AS, Bård Meek-Hansen, for å fortelje om korleis ei verksemd på ein liten stad i Nord-Noreg får til å lande store kontraktar, samstundes som dei har fokus på miljø.

Ei arbeidsøkt i Narvik

Om PFH

Seminaret ber namn etter Peter F. Hjort, den fyrste rektoren ved UiT Noregs arktiske universitet, og ein sentral mann i arbeidet med å byggje opp universitetet på 1960-70-talet.

Les meir her om Peter F. Hjort - grunnleggaren.

Nytt av året er at UiT óg inviterer til ei arbeidsøkt i Narvik. Det skjer allereie tysdag 19. mars, og er eit samarbeid med Teknologifestivalen i Nord-Noreg (TINN).

­– Vi må óg fornye oss, difor testar vi ut å ha arbeidsøkter på andre stadar enn i Tromsø. Å samarbeide med andre, som TINN-festivalen, gjer oss nye perspektiv på ting og gjer oss betre, fortel Marit Hansen.

Ho vonar at dei som kjem på seminaret i både Narvik og i Tromsø vil sitje att med ny innsikt i kva som rører seg på universitetet, og at dei kjem tettare på andre moglege samarbeidspartnarar.

– Det skjer noko når folk møtest, når dei får høyre om kvarandre og når dei snakkar saman, avsluttar Hansen.

 

På Twitter   #norgesarktiske