Bemanningsplanane vert drøfta og kvalitetssikra

Dei neste vekene vert bemanningsplanane drøfta og kvalitetssikra, eit arbeid som både hovudtillitsvalde og leiarar deltek i.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 16.04.18 00:00 Oppdatert: 16.04.18 14:33

Fristen for å levere bemanningsplanar gjekk som kjend ut fredag 6. april. I dagane etterpå har omstillingsteamet arbeidd med å danne seg oversikt over heilskap og detaljar, og fortsett med det nokre dagar til. 

Torsdag 12. april vart ei samanstilling av utkasta frå fakultet og avdelingar sendt til avdelings- og fakultetsdirektørar. Same dag vart dei også drøfta med hovudtillitsvalde.

– På møtet vart det understreka frå alle partar at det er viktig at leiarane ikkje gir noko som kan oppfattast som lovnader til enkeltpersoner om stilling og oppgåver, og at omstillingsteamet må være tett på i arbeidet framover, seier personaldirektør Odd Arne Paulsen.

Tidsplanen framover

Framover den neste tida vil følgjande skje:

  • kvalitetssikring og avstemming av bemanningsplanar ut denne veka, med mogleg avgjerd frå universitetsdirektøren fredag 20. April. Innan 18. april skal fakultetsdirektørane og avdelingsdirektørane koma med svar på spørsmål som kjem frå omstillingsteamet, òg skildre for kva for oppgåver og ansvar ein skal legge til seksjonsleiarstillingane
  • eit grunnlag for drøfting av bemanningsplaner vert sendt til organisasjonane måndag 23. april
  • drøfting av bemanningsplanane tek til 27. april
  • innplassering av leiarar i avdeling og seksjonar i veke 16 og 17
  • samtaler med tilsette: frå i mai månad, og innplassering innan 20. juni.

Viktig med nye fellesskap

NTL UiT seier i eit utsegn at ved etablering av nye fellestenester, så er det viktig at dei tilsette får arbeidsoppgåver som stimulerer til fagleg utvikling og at dei får tilhøyrsle i berre ein avdeling eller seksjon.

”NTL er klar over at ikkje alle som vert innplassert i fellestenestene kan eller bør lokaliserast saman, men det er viktig at nye, faglege fellesskap og møteplassar vert skapt. Om alle vert verande ”ved  lesten sin” vil det undergrava høvet til å utvikle nye rutinar og arbeidsmetodar.” 

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 16.04.18 00:00 Oppdatert: 16.04.18 14:33
Vi anbefaler