Lyst til å studere hundekjøring og oppleve Finnmarksløpet på nært hald?

Hundekjøring er ein fantastisk aktivitet og ei spennande idrettsgrein der samarbeid mellom menneske og dyr er grunnlaget. UiT har ledige studieplassar i hundekjøringsemnet til vinteren. Vinterens vakraste eventyr – Finnmarksløpet – er ein av læringsarenaane.

Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 12.11.18 12:00 Oppdatert: 12.11.18 12:05

 

NÆRKONTAKT: I emnet hundekjøring er det ikkje berre teori. Du vil lære dyrestell og å handtere eit hundespann. Foto: Davina Muller

UiT var det første universitetet i verda som starta opp eit studium i hundekjøring. 1. desember er søknadsfristen for vinterens fantastiske studiemoglegheit .

Hundekjøringsfaget organiserast i eit emne med ti studiepoeng. Dette er eit samlingsbasert emne som gir formell kompetanse for deg som driv med hundekjøring i arbeidskvardagen eller på fritida. Innhaldet i emnet spenner frå engasjerande forelesingar i etikk og dyrevelferd til ein tredagars tur med hundespann på vidda. 

Dette er ein tur som gir deg fantastiske opplevingar i storslått natur.

HUNDESTELL: Korleis ta vare på hundar er noko av det ein lærer i emnet hundekjøring. Foto: Monica Celius

Det er også mogleg å følgje Finnmarksløpet 2019 på kloss hald som ein del av utdanninga. 

Meir informasjon om opptakskrava, emnet sitt innhald, undervisning og eksamen finn du her.

For å melde deg opp i emnet må du vere enkeltemnestudent ved UiT Noregs arktiske universitet. Søknadsfristen er 1. desember 2017 og du søkjer her.

Ta kontakt med maja.k.olsen@uit.no dersom du har spørsmål.

Les meir om UiT sitt engasjement i Finnmarksløpet.

Velkommen som student ved UiT Noregs arktiske universitet!

Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 12.11.18 12:00 Oppdatert: 12.11.18 12:05
Vi anbefaler