Mange studentar i aksjon under Finnmarksløpet

Studentar og tilsette er med på laget når Finnmarksløpet arrangerast. I tillegg vert det boklansering og Lørdagsuniversitet i Alta.
Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 28.02.17 00:00 Oppdatert: 29.11.17 21:08

UiT Norges arktiske universitet samarbeider med Finnmarksløpet. Dette gode samarbeidet har resultert i at mange utdanningar har tilpassa undervisinga slik at løpet vert ein praksisarena for studentane.

Viktig praksisarena

Slik tidlegare år har friluftslivsstudentane ansvaret for sjekkpunkt Levajok. I tillegg er det i år 19 studentar som tek hundekøyringsemnet og desse skal òg ha praksis under løpet. Her får dei alle moglege posisjonar ut frå eigen kompetanse.

Nokon vert rekruttert til presse med eige pressekort og sponsorbil, nokon til sekretariatet, andre som omsetjarar til tysk eller engelsk. Kvart år er det òg studentar som anten køyrar løpet eller er med som handlarar.

Det er fleire utdanningar ved UiT som no brukar Finnmarksløpet som praksisarena. 27 studentar i emnet "event management" har Finnmarksløpet som case i kurset. Studentane skal jobba som frivillige. Røynslene skal resultere i ein rapport etterfølgt av munnleg presentasjon.

Vidare skal medieproduksjonsstudentane ha praksis på Finnmarksløpet sitt pressesenteret. Det er førstårsstudentar i emnet "journalistikk" som skal ha praksis. Studentane vil ha ansvar for å sende «live» videoinnslag frå Alta sentrum når hundespanna kjem i mål.

LEVAJOK: Sjekkpunktet på Levajok har i ei årrekkje vorte drifta av studentar ved UiT Norges arktiske universitet. Her får studentane praksis knytt til teori i studiane. Foto: Inger Elin Utsi

Internship

Dei siste åra har òg Finnmarksløpet nytta seg av internship-ordninga, noko som betyr at ein UiT-student får høve til å jobbe for løpet. Ordninga fungerer veldig godt mellom UiT og verksemder.

I år er det Arctic Adventure Tourism-student Andrea Allum (23) frå Asker som har fått draumejobben.

Boklansering og Laurdagsuniversitet

Forutan studentar ute i felt vil universitetet tilby to gratis-arrangement til gjester og lokalfolkesetnaden i Alta.

Torsdag 9. mars klokka 13.00 vil forfattar og medgründer av Finnmarksløpet Nina K. Prebensen lansere ei bok om å skape verdifulle arrangement.

I tillegg skal ei anna bok ho har bidrege i, «Arctic Tourism Experiences» vert lansert på same arrangement. 
Laurdag 11. mars vert det Lørdagsuniversitetet i Alta. Denne gongen vil historikar Marianne Neerland Soleim helda eit foredrag om krigsfangane i Finnmark, med vekt på Alta-området.

Foredraget vil gå føra seg på Scandic hotell i Alta klokka 13.00 .

KRIGSHISTORIE: Sovjetiske krigsfangar i kø for utdeling av mat i 1944. Stad  er ukjent, men truleg på Finnmarkskysten. Foto: Rune Rautio

UiT ha óg andre forskarar i elden under løpet. Universitetslektor Kari Jæger vil vere ein av rennleiarane for løpet.

UiT tilbyr òg ei ekspertliste for pressen under løpet. Det vil seia at forskarane våre er tilgjengeleg for kommentarar og analysar under løpet. Her kan du sjå kven desse ekspertane er. 

Handlarprisen

UiT deler òg ut ein pris under Finnmarksløpet. Dette skjer under avslutningsbanketten. Prisen vert delt ut til ein handlar som har utmerkt seg under løpet.

Handlaren er ein person i teamet som følgjer hundekøyraren under løpet og hjelper hundekøyraren  med alt utanom stellet av hundar. Bak kvar hundekøyrar er ein dugeleg handlar!

Studentar ved hundekøyringsemnet ved UiT er jury for denne prisen.

FJORÅRETS VINNAR: Helene Gran Øverli vant Handlerprisen 2016. UiT har delt ut prisen sida 2011. Foto: Inger Elin Utsi

Køyrarmøte på Campus Alta

Lokala til universitet vert òg nytta av Finnmarksløpet. Alle køyrarmøta vil gå føre seg på campus Alta. I tillegg vil parkeringsplassen ved UiT nyttast ved start. Dette vil naturlegvis føre til avgrensa tilkomst denne dagen.

UiT ønskjer alle til lukke med det vakraste eventyret i vinter – Finnmarksløpet.

 

Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 28.02.17 00:00 Oppdatert: 29.11.17 21:08
Vi anbefaler