– Eg har turt å gå opp stiar som ikkje har vore tråkka opp før

For 20 år sidan byrja Vegard Nergård jobben med å forbetre utdanninga til luftfartspersonell. No har det gjort 45-åringen til Norges første professor i luftfartsvitskap.
Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 25.08.17 00:00 Oppdatert: 29.11.17 15:05
Tromsø

HØGTHENGANDE TITTEL: Vegard Nergård (45) har fått ein professortittel som ingen andre i Norge har. Foto: David Jensen

Vi møter den ferske professoren i luftfartsvitskap på kontoret hans på Institutt for ingeniørvitskap og tryggleik (IIS) på UiT Norges arktiske universitet. Tre modellfly prydar ei hylle ved arbeidspulten, samt eit par plakatar med bilde av fly og flyspesifikasjonar.

– Det er sjølvsagt stas å vere den første med denne professortittelen i Norge, men det er mange andre professorar her til lands som kan meir om luftfart enn meg, seier Nergård audmjukt og smiler.

Han tek ein stor slurk av ein rykande varm kaffikopp. 45-åringen frå Leiknes utanfor Finnsnes fekk opprykk til professor 1. juli, men seier han ikkje har jobba spesifikt for å oppnå dette.

– Eg ser mest på opprykket som ei stadfesting på at dei som jobbar med luftfartsvitskap her på instituttet har jobba godt over tid. Alle dei 12 i forskingsgruppa er betre enn meg på sine felt. Men det er sjølvsagt tilfredsstillande å bedømmast til å ha professorkompetanse, seier Nergård.

Han leier forskingsprosjektet «Human Factors in the Arctic», som mellom anna består av ingeniørar, nautikarar, matematikarar og doktorgradsstipendiatar i samfunnsvitskap og psykologi.

Tråkka opp nye stiar

Ei av hjartesakene til Nergård er forbetring av utdanninga til luftfartspersonell – ein jobb han starta med for over 20 år sidan.

– Eg har særleg jobba for å få til ei offentleg finansiert pilotutdanning i Norge, seier Nergård.

Denne veka feira UiTs flyutdanning på Bardufoss, Norges einaste offentleg finansierte pilotutdanning, 25 år.

Den ferske professoren viser oss magasinet «Håja – Organ for Høgskulen i Tromsø» frå 1997. Ein 25 år gammal Nergård er avbilda og sitert.

– Her hadde eg nyleg laga ein fagplan i pedagogikk for flyinstruktørar, seier han og peikar. 

I 1997 starta òg Nergård arbeidet med å få pedagogisk psykologi inn i luftfartsvitskap, noko som var heilt nytt på den tida.

 

– Ein ting er eg litt stolt av; eg har turt å gå opp stiar som ikkje har vore tråkka opp før. Det har vore tøft i periodar, eg har aldri hatt nokon rettleiarar å spørje. Men det har vore veldig spennande. 

Nergård har doktorgrad i pedagogisk psykologi, og i tillegg stor kompetanse på samisk barneoppdraging.

Yngve Birkelund, leiar ved IIS-instituttet, og rektor Anne Husebekk er stolte over at instituttet har fått Norges første professor i luftfartsvitskap.

– Det er ein heider av arbeidet som vert gjort ved IIS for å byggje opp eit godt fagmiljø, og sjølvsagt ei stadfesting av eit vel utført arbeid av Vegard sjølv. Han jobbar mellom anna mykje med å få til god og effektiv læring i simulatorane på UiT, både innan nautikk og luftfart, noko som passar godt inn i instituttet sin strategi om framifrå undervising og trening i simulatormiljø, seier Birkelund.

– Det er viktig for UiT å ha toppkompetanse innan alle fagområde. Dette fagområdet er UiT åleine om å ha. Vegards forsking er sterkt ønskt og naudsynt for ei forskingsbasert utvikling av luftfartsfaget, seier Husebekk.

Nergård håper å kunne vere til inspirasjon for andre som jobbar med luftfartsvitskap.

– Om ikkje anna så ser dei at det er mogleg å bli professor i dette faget, seier han og humrar.

FLINKE FOLK: - For meg betyr ikkje tittelen så mykje, eg ser mest på opprykket som ei stadfesting på at forskargruppa mi har jobba godt over tid, seier Nergård. Foto: Jørn Berger-Nyvoll

 

LES OGSÅ: Vegard (30) bytta ut hoppski med vingar

Det meste klart for master

Luftfartsvitskap er i liten grad akademisert i Norge og utlandet. Difor finst det generelt få andre professorar i luftfartsvitskap, ifølgje Nergård.

Han har jobba mykje for at UiT i tillegg til bachelorgrad skal få eit mastergradsløp i luftfartsvitskap - med fokus på luftfartsoperasjonar i nordområda. 

– Alt er klart for masterutdanninga, det einaste som manglar er permanent finansiering av studiet.

Både han og Husebekk trur at dei første mastergradsstudentane kan starte neste haust.

– Det hadde vore fantastisk. Utdanninga skal tette gapet mellom teori og praksis i luftfart. Omstillingane og konkurransen i luftfartsbransjen gjer at selskapa har behov for å styrkje både breidda og djupleiken i kompetansen hos noverande og framtidige tilsette. Målet er at flygarar, teknikarar og anna luftoperativt personell skal ta til seg oppdatert forskingsbasert kunnskap i operative og praksisnære omgjevnader seier Nergård.

– Det er eit stort behov for kompetanseutvikling i luftfartsvitskap, og det er viktig for oss å tilby kandidatane masterstudium. Det betyr meir forsking på feltet og fleire kandidatar med høgare utdanning, seier Husebekk.

Mastergradsløpet er meint for aktive flygarar og andre operativt tilsette i flybransjen.

– Mastergradsstudentane må ha nok flytimar bak seg til å ha noko å reflektere over. Vi ønsker at dei skal ha blodfersk erfaring, seier Nergård.

NATURTRO: I fjor fekk UiT ein unik flysimulator til ein verdi av to millionar kroner. Den får inn kart og bilde frå alle verdas land. Her til lands finst det berre ein simulator som dette på UiT og Oslo lufthamn Gardermoen. På flyskolen på Bardufoss finst det ein simulator for småfly. Foto: David Jensen

LES OGSÅ: Slik er livet som styrmann

Hardtrening i flysimulator

Flyopplæringa skjer på campus i Bardufoss og i ein unik flysimulator i Tromsø – som UiT fekk i fjor. Cockpiten i simulatoren er henta frå eit Boeing 737-800 NG passasjerfly, og er i naturtru storleik.

Simulatoren gjev studentane hardtrening i å fly i krevjande arktiske forhold – og kan utsetje dei for alle slags vêrforhold.

– Det er veldig forskjellig å operere som pilot i nordområda og Arktis enn lenger sør på kontinentet, mellom anna på grunn av mørketid og midnattssol. Desse fenomena påverkar pilotane, men vi er ikkje heilt sikre på korleis eller om dei påverkar flytryggleiken. Dette er noko av den forskingsgruppa jobbane mi med, seier Nergård, som framover mellom anna skal forske på kva som gjer pilotar gode.

– I ytste konsekvens døyr pilotar av eigne feil. Det skaper eit særeige fokus på tryggleik og utvikling. Pilotar utviklar kyndigheita og kompetansen sin ved at dei aktivt lærar av eigne og andre sine feilhandlingar. Å ikkje lære av feil er i pilotkulturen sett på som ein tryggleiksrisiko i seg sjølv. Læringskulturen blant pilotar står i skarp kontrast til diskusjonar vi ser blant yrkesutøvarar på andre fagfelt.

UNG FORSKAR: Nergård vart sitert og avbilda i magasinet «Håja – Organ for Høgskolen i Tromsø» som 25-åring. Foto: David Jensen



Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 25.08.17 00:00 Oppdatert: 29.11.17 15:05
Tromsø
Vi anbefaler