Oppslagsfoto: privat

Vegard (30) bytta ut hoppskia med vingar

Vegard Swensen konkurrerte mot verdas beste. Ein dag begynte han å sjå meir tilbake på karrieren enn framover, og han grua seg til det som ville komme.

Vegard (30) bytta ut hoppskia med vingar

Vegard Swensen konkurrerte mot verdas beste. Ein dag begynte han å sjå meir tilbake på karrieren enn framover, og han grua seg til det som ville komme.

UiT logo liten

Publisert: 22.08.2017
Sist endret: 04.07.2019
Video og redigering :
Produsent og fotograf ved UiT Norges arktiske universitet. Tidligere daglig leder for TV-produsenten.

Tekst:
Mathilde Torsøe
Liten Uit logo
    Nyvoll, Jørn Berger ( Video og redigering )
Produsent og fotograf ved UiT Norges arktiske universitet. Tidligere daglig leder for TV-produsenten.

Vegard Swensen (30) frå Asker spente på seg sine første hoppski som 6-åring. Han vart fort hekta på å sveve i lufta med ski på beina, og satsa for fullt på sporten frå 2002 til 2015. Eit liv som innebar å bli sett og å reise verda rundt. Swensen har konkurrert i Japan, Kasakhstan, USA og Tyrkia. Mellom anna.

– Livet mitt besto av å sove, ete og hoppe på ski – på repeat, seier han og smiler.

– Det var om å gjere å optimalisere kvardagen. Gjorde eg ein skikkeleg jobb på treningsfronten om sommaren og hausten fekk eg betalt i form av resultat på vinteren. Da var all treninga verdt det. Når eg satt i joggebuksa på veg til ein hoppkonkurranse i Japan, tenkte eg «dette er livet», held Swensen fram.

Asker-hopparen kapra fleire tredjeplassar i Continental Cup – verdscup B – og tok mellom anna ein 22. plass i verdscupen i Lillehammer i 2012. Han høyrde med i den norske hoppeliten.

Stygt fall i bakken

– Eg hadde det veldig gøy som toppidrettsutøvar. Det beste var å stadig vere på reisefot saman med laget, og sjå stadar eg aldri ville ha sett elles. Og sjølvsagt det å hoppe, seier Swensen og humrar.

Han syntest særleg det var spesielt å konkurrere i Asia og Russland.

– Til dømes var eg i Nishny Tagil, eit veldig fattig og avsidesliggande område midt i ingenting i Russland. Det var som å komme til ei anna verd. Eg reiste også mykje rundt i Europa, men det vart etter kvar litt vanesak. Det var nesten som å vere heime.  

I 2011 vart Swensen valt ut til å hoppe i den splitter nye bakken i Vikersund – som den første nokosinne. Det skapte overskrifter.

Visste du at trafikkflygarutdanninga ved Bardufoss fyller 25 år i år? Det vert feira onsdag 23. august. 80 gjester deltar på jubileet, som går føre seg i hangaren i Bardufoss der UiT og Patria Helicopters driv verksemda si.

Det hugsar eg veldig godt. Det var ei ære å prøve verdas største hoppbakke, og eit høgdepunkt i karrieren.  
– Vegard Swensen

Men i 2014 vart karrieren brutalt satt på pause. Swensen fall stygt i bakken, knuste olbogen og måtte operere inn 16 skruar i armen. Han gjorde comeback sesongen etter, men klarer framleis ikkje å rette armen heilt ut.

– Eg vart teke ut til verdscup B i Austerrike på slutten av sesongen i 2015. Da eg sto på toppen av bakken kjentest det ut som det skulle. Hovudet var på plass. Det var ein veldig god kjensle å klare å komme tilbake etter ein såpass seriøs skade, seier han.

I Austerrike tok Swensen ein sterk 4. og 6. plass. Det skulle bli noko av det siste han gjorde i hoppbakken.

Begynte å sjå tilbake

Ungguten fekk nemlig ekstra god tid til å tenke under skadeopphaldet. Tid han særleg brukte på tankar om framtida.

– Eg begynte å sjå meir tilbake på livet som skihoppar enn fram mot nye utfordringar og mål. Eg tenkte; kor lenge kjem eg til å hoppe på ski? Maks eit par år til. Eg var veldig i tvil om kva eg skulle gjere etterpå, sjølv om eg heilt sida eg var liten hadde drøymt om å bli pilot.

Vegard Swensen under ett av sine svev i Lillehammer. SVEVER: Skihopp og flyging har visse likskap. Det lengste Vegard Swensen har hoppa er 162 meter. Foto: Privat

Med eit dårleg vitnemål frå vidaregåande trudde Swensen pilotdraumen var utanfor rekkevidde.   

– Det gnog skikkeleg. Der og da var det lett å gjere arbeidsoppgåvene mine og hoppe godt, men på kvelden sat eg heime og lurte eg på kva eg skulle gjere i framtida. I dette samfunnet vert ein nesten dømt når ein har dårlege karakterar – ein kjem ikkje inn noko plass, seier han fast.

Å ikkje vite kva ein skal gjere etter idrettskarrieren er ei vanleg problemstilling for toppidrettsutøvarar. Det seier Joachim Walltin, leiar i Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon (NISO), toppidrettsutøvaranes fagforbund.

– Ni av ti utøvarar synest denne overgangen er utfordrande. Eg har høyrt frå mange profilerte idrettsstjerner at dei går rundt med ein klump i magen fordi dei ikkje veit kva dei skal gjere etter karrieren. Det på tross av at fleire av desse har utdanning, seier han.

Ifølge Walltin er idrettsutøvarane usikre på kva dei passar som i det tradisjonelle arbeidslivet.

– Likevel går denne overgangen bra for dei aller fleste, og naturlegvis betre jo meir førebudd ein er. Vi prøver å understreke overfor medlemmane våre at dei har over halve arbeidslivet igjen etter idrettskarrieren. Det viktigaste er at dei er bevisst på dette mens dei framleis driv med sport.

Walltin seier dette er ei av sakene NISO har jobba mest med dei siste 5-10 åra.

Tor Oskar Thomassen, førsteamanuensis ved Idrettshøgskulen ved UiT Norges arktiske universitet, seier idrettsutøvarar lev på ein balansegang der dei pusher eigne grenser samtidig som dei treng tilstrekkeleg med restitusjon.

– Dei fokuserer fullt og heilt på å prestere. Mange kan bli rastlause når dei går over til arbeidslivet, seier han, som i sin tid også var toppidrettsutøvar og med på landslaget i kombinert.

Thomassen meiner idrettsstjerner lev heilt unormale liv.

– Mellom anna venter mange med å få barn til etter idrettskarrieren. Det er eit hektisk liv med tøffe konkurransar, mykje reising og medieintervju – ein blir vant til at merksemda er retta mot ein sjølv. Då er det svært annleis å tilpasse seg eit «normalt» liv som ein vanleg arbeidstakar, der ein skal gi like mykje som alle andre.

Høyr om kvifor Vegard Swensen alltid har hatt flydilla: 

DSCN0563-1-.JPG
Førsteamanuensis, Idrettshøgskolen, UiT Norges arktiske universitet

Tok opp fag og søkte  

I sitt nest siste år som skihoppar tok Swensen opp eit par fag for å forbetre karakterane sine. Han hadde ikkje heilt gitt slipp på pilot-draumen.

Våren 2015 søkte han på bachelor i luftfartsfag ved UiT, men hadde ingen tru på at han kom inn.

– Eg vart først satt på venteliste. I siste lita fekk eg ein telefon om at eg hadde fått plass, seier han og smiler.

Sidan gjekk det slag i slag. Den eine dagen var Swensen i skibakken, den neste på opptaksprøvar. Han gjekk mellom anna gjennom stress- og psykologiske testar, og kom inn på pilotstudiet som éin av 12.  

– At andre ting enn karakterar spilte inn trur eg er ein stor grunn til at eg kom inn. Det var ein fordel å vere i god fysisk form på desse testane – det mentale er også viktig når ein står på toppen av ein bakke og skal sette utfor, seier Swensen, som lærte særleg mykje om dette på slutten av karrieren.

– Da kunne eit dårleg hopp gjere at resten av dagen gjekk til helvete. Ein coach fekk tankane mine på plass. Eg lærte meg å nullstille. Eg visste kva eg var god for i skihoppinga, men når karrieren begynner å ta slutt er ein ingenting utan utdanning, seier Swensen og ristar på hovudet.

Pilotstudenten tilrår andre i same situasjon å ta utdanning – og ha ein plan A, B, C og gjerne D for livet vidare. Walltin i NISO har inntrykk av at rundt halvparten av dagens toppidrettsutøvarar har teke eller er i gang med utdanning - på deltid.

– Det er også lurt å skaffe seg eit nettverk som kan bidra til at ein får jobb seinare. Utdanningstrenden har endra seg sidan 2000-talet. Vi har eit eiget utdanningsstipend alle slags utøvarar kan søke på, og eigne karriererådgjevarar, seier han.

NISO har også nyleg bygd opp ein CV-base med CV-en til norske idrettsutøvarar. Når desse først har komme inn i meir tradisjonelle jobbar er dei ifølge Walltin attraktive arbeidstakarar.

Bli med på ein time-lapse i lufta over Nord-Norge. Kjenner du deg igjen?

Bachelor i luftfartsfag ved UiT:

* Norges einaste offentleg finansierte trafikkflygarutdanning. I tillegg til sertifikatet Commercial Pilot Licence (CPL) gir studiet ein bachelorgrad.
* Studiestad: Tromsø 1. året, Bardufoss dei to siste åra.
* Opptakskrav: Generell studiekompetanse +matematikk R1 (eller S1 og S2) + Fysikk 1.
* Søknadsfrist: 1. mars/1. september.
* Studiepoeng: 180.
* Det har vore ein jamn auke av søkarar til utdanninga sidan den starta opp i 2008. 80 søkte ved første opptak, og 169 denne våren – til 12 plassar.
* Det har vore trafikkflygarutdanning på Bardufoss i 25 år. Det vert feira onsdag 23. august. 80 gjester deltar på jubileet, som går føre seg i hangaren i Bardufoss der UiT og Patria driv verksemda si.

Glad for sitt nye liv

Når vi møter Swensen viser seinsommaren i Nord-Norge seg frå sin beste side. Sola speglar seg i propellflya som står oppstilt på flyplassen i Bardufoss. Swensen har bytta ut skidrakta med ein kvit og blå pilotuniform og ein gul refleksvest.  

– Eg er veldig glad, takksam og litt stolt over å ha komme inn, sjølv om eg gjerne skulle ha hoppa meir. Pilotstudiet er tøft og inneheld mykje teori, så eg får ikkje tid til så mykje anna. Men eg stortrivst både på studiet og her i Bardufoss, seier han og smiler.

– Kom overgangen frå skikarrieren litt fort?

– Ja. Eg hadde jo drive med skihopping heile livet, så skulle eg plutseleg gjere noko heilt anna. Likevel var det ein fin overgang. Det var eit spark i ræva.

Swensen saknar på mange måtar livet som toppidrettsutøvar, men på andre måtar ikkje.  

– Det eg saknar mest er å reise rundt i verda. Hoppinga har utan tvil gjeve meg mange livserfaringar og minne. Men det evige jaget etter å optimalisere og prestere, usikkerheita rundt om man blir tatt ut eller ikkje, er ikkje noko sakn.

Ifølgje førsteamanuensis Thomassen går mange tidlegare toppidrettsutøvarar over i jobbar der dei får brukt kunnskapen og erfaringa si om idrett og kropp, til dømes som trenarar eller fysioterapeutar.  

– Andre begynner med noko heilt anna, gjerne i næringslivet. Motivasjon er kjempeviktig, ein må føle at ein har noko å gje i sin nye jobb, seier han, som meiner toppidrettsutøvarar kan bli dyktige leiarar.  

– Dei er vante til å sette seg mål og arbeide systematisk og tålmodig over lang tid. Dei er prestasjons- og detaljorienterte og vante med å jobbe i team. Dei har gjerne mykje energi og er difor ein stor ressurs i «vanlege» jobbar. 

Ifølge Terje F. Olsen, seksjonssjef ved luftfartsfag ved UiT, er det eit stort behov for nye pilotar.

– Marknaden skrik etter dette. Pilotar har ein fantastisk arbeidsplass – bokstaveleg talt over heile kloden. Dei får oppleve mykje. Vår bachelorutdanning kvalifiserer også til meir enn pilotyrket, og kan kombinerast med andre mastergrads-utdanningar, seier han. 

Han seier at over 40 av dei nesten 120 uteksaminerte pilotane frå UiT no jobbar i SAS.

– Av og til har SAS plukka opp så godt som heile kull. Det er spesielt – og veldig positivt. Men det er vanleg å jobbe på midlertidige kontraktar den første tida.

Terje.jpeg
Seksjonssjef, luftfartsfag ved UiT Norges arktiske universitet

Instruktør Ilmar Wilbers seier pilotutdanninga gjev studentane ei uvanleg flyopplæring i arktiske forhold.

– Forholda her oppe er veldig utfordrande, både med tanke på vêr, dei mange fjella og kortbanenettet i nord. Det er ikkje tvil om at det er ekstra spesielt å fly i Nord-Norge, mellom anna på grunn av mørketid og lyse sommarnetter, seier Wilbers.

Og til dei som lurer på om myten om at pilotar må ha godt syn er sann;

– Eg brukar linser, og det er det mange som gjer, seier Wilbers og smiler.

– Sjølv om våre studentar går gjennom Forsvarets seleksjonssenter på Rygge og har mange av dei same testane som jagerflygarane, er ikkje krava til medisinsk godkjenning for trafikkflygarar så store som ein kanskje skulle trudd. Krava til jagerflygarar er noko heilt anna. Dei fleste trafikkflygarar er ganske vanlege menneske.

– Verdas beste klasserom

Vegard Swensen går bort til ei raudt og kvitt propellfly av typen Piper Navajo med logoen til UiT på halepartiet. Han seier han starta på nytt da han tok fatt på pilotstudiet.  

EVT WILBERS red.jpg
Flyinstruktør, luftfartsfag ved UiT Norges arktiske universitet
Far min er pilot, og eg har alltid hatt flydilla og drive med modellfly. På reise har eg lest om fly – ruteval, spesifikasjonar på flymotorar, prosedyrar for innflyging. Eg har diskutert ein del med pappa også, seier Vegard Swensen, som nett har starta på 3. og sisteåret av pilotutdanninga ved UiT.
YRKE I ARV: – Far min er pilot, og eg har alltid drive med modellfly. På reise har eg lest om fly – ruteval, spesifikasjonar på flymotorar, prosedyrar for innflyging. Eg har diskutert ein del med pappa også, seier Vegard Swensen, som nett har starta på tredje og sisteåret av pilotutdanninga ved UiT. Foto: Mathilde Torsøe

– Eg blei satt nedst på rangstigen – utan stripe på skuldra. Nå har eg vore på Bardufoss i eit år, og fått éi stripe, så eg stig i gradane, seier han og ler.

På luftfartsfag veit alle at dei mannlege studentane «må» spare til bart før dei kan fly sin første tur aleine.

– Og er ein litt treiglært må ein ha barten lenge. Eg så på den som en motivasjon for å kunne fly solo så tidleg som mogleg – og dermed ta vekk barten.  

Swensen opnar døra til flyet og tek med vante bevegelsar plass i førarsetet. Setane er i raudt fløyel og dashbordet er fylt opp av spakar og brytarar.  

– Dette må vere verdas beste klasserom.

Den tidlegare skihopparen har eit bredt glis om munnen.

Vil du også bli pilot ved å studere ved UiT? Studiet har søknadsfrist 1. september. Det er også opptak 1. mars.

Les om studiet og søk her!

Labyrint er et kunnskapsmagasin
fra UiT Norges arktiske universitet.

Redaksjon: Seksjon for kommunikasjon – UiT
Kontakt: Karine N. Aarskog
Webutvikling: Lars Nordmo