Skal gi flyktningane ei meir tilpassa helseteneste
– Av og til føler eg at helseinformasjonen eg skriv forsvinn inn i eit svart hòl, sier flyktninglege Johanna Laue ved Det helsevitskaplege fakultet, som no er med i eit tverrprofesjonelt nettverk som samlar, skaper og formidlar kunnskap om flyktninghelse.
Når Laue snakkar om flyktninghelse, så snakkar ho ikkje om diagnosar og helsetilstanden til flyktningane som kjem til oss, men om det helsevesenet som tek imot flyktningane.
Det er dette møtet mellom flyktning og helsevesen som skal styrkast. Det har eit stort betringspotensial, for i dag er informasjonsflyten mellom flyktninglegane, fastlegane, helsesøstrene og andre helsearbeidarar ofte lite strukturert.
Nettverket arrangerer workshop under Forskningsdagane |
Forskingsnettverk for flykntinghelse planlegg ein workshop |
Helseinformasjon til fastlegen
Eit døme er flyt av helseinformasjon. Enkelt forklart møter flyktningen ein flyktninglege når han kjem til Noreg. Prosedyren i Tromsø er at denne flyktninglegen sender helseinformasjonen, ei såkalla epikrise, vidare til fastlegen flyktningen får tildelt i kommunen han/ho flytter til. Denne epikrisa skal vere til hjelp for fastlegen i møtet med flyktningen, for der står det lista opp om flyktningen treng tolk, kva slag vaksinar han/ho har fått, den psykiske helsetilstanden etc.
Det er denne viktige epikrisa Laue føler ho sender inn i eit svart hòl.
– Er det eg skriver nyttig for fastlegen? Blir det lese? Ynskjer han å vite det eg skriv, eller er det andre opplysninger han ynskjer? eksemplifiserer Laue.
Forskingsnettverket for flyktninghelse ynskjer å bidra med nyttig kunnskap som kan betre det daglege arbeidet med flyktningar. Difor er hovudmålet å gi både helsearbeidarar og flyktningar ei stemme i nettverket – med di dei veit kvar skoen trykker.
Masteroppgåve fekk stipend
Ein som skal vere med på å betre flyktninghelsa, er medisinstudent Parham Omid ved Det helsevitskaplege fakultet. I masteroppgåva si skal han fordjupe seg nettopp i epikrisa.
Tittelen på masteroppgåva er: For en bedre start i norsk helsevesen – Hvordan kan en epikrise hjelpe fastleger med å ta imot pasienter med flyktningbakgrunn?
I oppgåva skal han beskrive korleis fastlegar opplever å ha flyktningar som pasientar, korleis dei samarbeider med helsetenesta for flyktningar og korleis legane meiner ein kan betre dette samarbeidet.
– Ynskjet er at mine funn kan bli viktige for helsetjenesta, sier Omid, som nyleg fikk 25.000 kroner i stipend frå KS.
Johanna Laue, som er rettleiar for Omid, meiner samarbeid med medisinstudentar og deira masteroppgåve er eit glimrande høve til å få fram ny kunnskap.
– Vi i nettverket ser kvar problema er, så vi kan komme med forslag på masteroppgåver som burde skrivast, seier ho.
– I tillegg kan den nye kunnskapen vi finn spare helsetenesta for mange pengar, avsluttar Parham Omid, som meiner flyktninghelse er noko som kjem til å bli meir og meir aktuelt for helsepersonell framover i tid.
Heimesida til nettverket: https://uit.no/forskning/forskningsgrupper/gruppe?p_document_id=518569