Det blir seks fakultet ved UiT

Etter ein lang debatt har universitetsstyret einstemmig vedtatt at det frå 1. januar 2018 skal vere seks fakultet ved UiT.
Solhaug, Randi Merete
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Randi Merete Solhaug og Mathilde Torsøe
Publisert: 29.06.17 13:00 Oppdatert: 06.12.17 22:20
Tromsø

Slik ser det nye organisasjonskartet ut ved UiT frå 1. januar 2018. Det kunstfaglege fakultet får si endelege plassering hausten 2017. 

Det sitjande universitetsstyret behandla UiTs framtidige faglege organisering som ein av sine siste saker torsdag 29. juni.

Styret gjekk vekk frå universitetsdirektør Jørgen Fosslands innstilling om fem fakultet etter å ha gjennomført ei prøveavstemming om dette like før klokka 12. Då stemte eit flertal av representantane mot. Etter lunsj blei ein seksfakultetsmodell lagt på bordet, noko eit samla universitetsstyre til slutt gjekk inn for. Det skjedde etter ein tre timar lang debatt.  

Det endelege vedtaket lyder slik:

  1. UiT Norges arktiske universitet skal fra 1.1.2018 være organisert i seks fakulteter med følgende sammensetning:
  • Det helsevitenskapelige fakultet + Avdeling for vernepleie + Idrettshøgskolen
  • Fakultet for naturvitenskap og teknologi + fagmiljø i samfunnssikkerhet, sikkerhet og beredskap
  • Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi
  • Det juridiske fakultet
  • Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi
  • Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning + Institutt for reiseliv og nordlige studier + Institutt for barnevern og sosialt arbeid
  1. Det kunstfaglige fakultet skal fra 1.1.2018 ikke være en enhet på nivå 2. Den nærmere organisatoriske plasseringen av dagens Kunstfak. avgjøres av styret høsten 2017 basert på en egen utredning der sammenslåing med TMU og HSL-fakultetet vurderes som alternativene.
  2. Det skal etableres overgangsordninger for fakultetsstyrene som sikrer sammenslåtte fakulteter representasjon i første styreperiode. IVT og NT-fak skal ha overlappende styrerepresentasjon.
  3. Fra 1.1.2018 opprettes det to regionale viserektorstillinger ved UiT. Stillingene skal inngå i universitetets toppledelse og ha et regionalt ansvar for (det som i dag er) Finnmark og Nord-Troms samt Sør-Troms og Nordland. Hovedsete for stillingene legges til Alta og Harstad
  4. Universitetsstyret legger til grunn at universitetets formelle organisering har betydning for faglig aktivitet. En styrking av kjerneaktiviteten må også skje gjennom satsing på faglige møteplasser i organisasjonen. Implementering av ny organisasjonsstruktur må derfor omfatte en målrettet satsing på slike møteplasser, for eksempel i form av forskningsgrupper og utvikling av tverrfaglig forskningsområder.
  5. Et premiss for endringen i fakultetsorganiseringen er at det skal gi mer robuste enheter på nivå 2, og at fakultetene skal bli bedre i stand til å gjennomføre oppgaver på vegne av UiT. Styret forventer at delegering av oppgaver og myndighet tillegges vekt ved implementering av ny organisasjonsstruktur og i arbeidet med å gjennomgå administrative tjenester (Adm2020).
  6. Universitetsstyret slutter seg til de skisserte justeringene i virksomhetsstyringen ved UiT og forslag til videre arbeid med instituttorganisering og utredning av styringsordninger for instituttnivået.

Universitetsstyret hadde sjølv bede om ein gjennomgang av organiseringa av fag og campus ved UiT. Dei valde å gå for ei løysing der åtte fakultet blei til seks. Foto: Randi Solhaug

– Eg synest det er godt at styret no har fatta eit vedtak om ny fakultetsstruktur ved universitetet. Ein organisasjon må alltid vere villig til å sjå på seg sjølv og vurdere om den er godt nok rigga for framtida. Så har vi nokre utfordringar framover, og det må vi no ha fokus på vidare, seier rektor Anne Husebekk. 

- Ei god løysing for UiT

 Dagens vedtak vil føre til endringar for somme, medan andre vil merke lite til organisasjonsendringa. Alle fakultet vil likevel bli berørte. 

Juridisk fakultet har den siste tida mobilisert kraftig for å vise at fakultetet ikkje bør bli slått saman med andre. Dekan Trude Haugli var difor svært nøgd då det endelege vedtaket var klart.  

Dekan Trude Haugli var svært glad for at Det juridiske fakultet ikkje blei slått saman med BFE-fakultetet, slik innstillinga frå universitetsdirektøren tilrådde. Her blir ho intervjua av NRK rett etter styrevedtaket Foto: Randi Solhaug

– Vi ved Det juridiske fakultet er veldig glade for at vi framlies skal vere eit fakultet. Det meiner vi er ei god løysing for UiT, og vi kjem til å jobbe knallhardt for å møte dei utfordringane som UiT står framfor fremover, seier ho. 

Også Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi (IVT-Fak.) i Narvik har vore gjenstand for mykje debatt dei siste vekene.

– Det siste tida har vore prega av uro og usikkerheit rundt framtidig organisering av verksemda ved UiT i Narvik. No legg vi dette bak oss gjennom dagens styrevedtak som vidarefører Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi. Det er vi veldig glade for, seier dekan Bjørn Solvang ved IVT-fakultet.

Han påpeiker at vedtaket gjev universitetet eit fakultet med leiing også utanfor campus Tromsø.

– Det meiner eg er ein stor styrke for UiT som fleir-campusorganisasjon. Dette gjev større kontaktflate mot regionalt næringsliv og bidrar til oppslutninga til universitetet. IVT har ein visjon om å vere eit teknologisk fyrtårn i UiT, og vi skal no vidareutvikle den solide fagkompetansen vår innan ingeniørfag saman med relevante fagmiljø i heile organisasjonen, for universitetet og for helie Nord-Noreg. 

- Veldig skuffa over å bli nedlagt

Vedtaket medfører at det ikkje lenger vil vere eit Fakultet for idrett, reiseliv og sosialfag i Alta.

– Fakultetesleiinga er veldig skuffa over at vi blir nedlagt som fakultet. Når det er sagt, ventar vi at fagmiljøa våre får status som eigne institutt - framlies leidd frå Alta, og at dei blir tatt godt vare på i den nye strukturen styrt frå Tromsø. Vi ventar også ei fagleg og forskingsmessig oppbygging både i Alta og på dei andre campusa der vi i dag har aktivitetar, heiter det i ei uttale frå Fakultet for idrett, reiseliv og sosialfag.

Det kunstfaglege fakultet er lagt ned i denne runden, men til hausten skal det nye universitetsstyret endeleg bestemme lagnaden til fakultetet.

– Vi har heile tida gitt uttrykk for at vi ønskjer å vere eit eige fakultet. Generelt meiner eg fakulteta burde blitt verande som i dag, difor synest eg dagens vedtak er beklageleg. Samtidig er eg nøgd med at styret gjev oss eit høve til å drøfte kunstfagas plass og rolle på universitetet i endå større grad framover. Det er synd at fakultetet i Alta blir lagt ned, eg håpar universitetsleiinga tar ekstra godt vare på dette fagmiljøet i framtida, seier dekan Kjell Magne Mælen ved Det kunstfaglege fakultet.

Dekan Arnfinn Sundsfjord ved Det helsevitskaplege fakultet er skuffa over at framlegget om fem fakultet ikkje nådde fram. 

Eg er også overraska over at styremedlemer lar seg påvirke av laugs- og profesjonsspesifikke særinteresser. Etter mi meining undergrev dette styringsevna til universitetet. Likevel må vi respektere avgjerda til styret og innsjå at denne fakultetsstrukturen skal vi leve med i åra som kjem. Vi er veldig glade for at både vernepleie og idrett har ønskt seg til Helsefak, og eg trur dette vil gje synergieffektar både innan utdanning og forsking. Vi gler oss til at desse miljøa kjem til Helsefak, seier han. 

- Klok og god avgjerd

Dekan Edel Elvevoll ved Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi er nøgd med styrevedtaket. 

– Vi er allereie eit breitt samansatt fakultet der institutta har ulike faglege profilar og særkjenne. I så måte er vi sikre på at det juridiske fagmiljøet ville hatt gode kår hos oss. Tvang og motvilje er likevel ikkje eit godt grunnlag for ein slik fusjon. Vi ser fram til å halde fram det gode samarbeidet med det juridiske fakultet på nærskylde fagområde, seier ho. 

Sonni Olsen, dekan ved Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, meiner det er positivt at dei nærskylde fagmiljøa i Alta og Tromsø skal samlast. 

– Det er også ein stor fordel at vi skal tilsetje ein viserektor i Alta som vil få ei viktig rolle som samlande for den faglege aktiviteten i heile Finnmark og Nord-Troms, og sikre at toppleiinga er til stades i denne regionen. Samtidig er vedtaket skuffande for UiT som heilskap, fordi det ikkje vil skape eitt fusjonert universitet, seier ho. 

Morten Hald, dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, meiner styreavgjerda er klok og god. 

– Vi ser fram til å samarbeide endå tettare med IVT-fakultetet i framtida, mellom anna med overlappande styrerepresentasjon. Ut frå den avtala som blei gjort då Høgskolen i Narvik blei slått saman med UiT, meiner eg at dette ikkje var riktig tidspunkt for å slå saman IVT-fakultetet og NT-fakultetet. Eg er eigentlig også glad for at Juridisk fakultet fekk bestå som eige fakultet. 

Frå splitta til einstemmig på tre timar

Om lag 50 tilhøyrarar hadde møtt opp i Auditorium 3 for å følgje styremøtet, som også blei live streama (du kan sjå opptaket her). Dei fekk med seg at universitetsstyret på under tre timar gjekk fra å vere splitta i synet på om det burde vere fem eller fleire fakultet ved UiT, til å fatte eit einstemmig vedtak om at det burde vere seks fakultet.

Allereie etter første prøveavstemming blei det klart at ni av styrets 17 medlemer ønskte eit UiT med meir enn fem fakultet. Dei ni styremedlemene ønskte alle at Det juridiske fakultet skulle bestå som i dag, i tillegg til IVT-fakultetet i Narvik.

Etter prøveavstemming nummer to, gjekk styret inn for at det skulle vere seks fakultet. Deretter blei det ein diskusjon om Det kunstfaglege fakultet og IRS-fakultetet i Alta også burde bestå. I så fall ville det ikkje tyde andre endringar i strukturen enn at vernepleie blei underlagt Helsefak.

Det argumenterte fleire styremedlemer imot, mellom anna Hans Kristian Hernes, som påpeikte at det både var faglege og økonomiske grunnar til at desse burde slåast saman med andre fakultet.

Også eksternt styremedlem Herbjørg Valvåg advarte mot å falle for freistinga til å halde på dagens struktur:

– Denne saka har vi jo jobba mykje med, og difor kan vi også ta ei avgjerd.

Skal forenkle og forbetre

Bakgrunnen til saka er at UiT har gått gjennom fleire fusjonar og styret har vedtatt ein ny strategi “Drivkraft i nord” som alle skal vere med å bidra til å forenkle, fornye og forbetre UiT.

Universitetet har gjennom fleire fusjonar vakse til å bli eit av Noregs største universitet med meir enn 16.000 studentar og 3.500 tilsette. Universitetet har verksemd i helie Nord-Noreg, og på Svalbard. 

Organisering av fag og campus har ei eiga nettside med oppdatert informasjon. 

Solhaug, Randi Merete
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Randi Merete Solhaug og Mathilde Torsøe
Publisert: 29.06.17 13:00 Oppdatert: 06.12.17 22:20
Tromsø
Vi anbefaler