Russarar vil lære av Tromsøundersøkinga

No vonar dei at deira eiga befolkningsundersøking kan få ned talet på hjarteinfarkt i Russland.

Wærås, Torgunn
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Johanne Røe Mathisen
Publisert: 06.07.16 00:00 Oppdatert: 30.10.18 10:17
Tromsø

 

Russarne er spente på kor ulikt utstyret dei brukar i Tromsø og Russland er. Foto: Johanne Røe Mathisen

12 par augo følgjer konsentrert med på ultralydskjermen for å sjå på kva utstyr dei brukar i Tromsøundersøkinga. Forskarar i Arkhangelsk og Novosibirsk i Russland har nemleg starta opp ei stor helseundersøking modellert etter Tromsøundersøkinga. No har dei komme til Tromsø for å sjå korleis dei gjer det her.

 

Flest hjerteinfarkt i verden

Ingen land i verda har fleire hjarteinfarkt enn Russland. No håpar russiske forskarar på at ei befolkningsundersøking kan endre folk sine levevanar slik at dødsrisikoen blir lågare. I Nord-Noreg har talet på hjarteinfarkt gått kraftig ned sidan Tromsøundersøkinga starta på 70-talet, og målet er at det same skal skje i Russland.

– Tromsøundersøkinga viser at vi nordmenn blir stadig sunnare. Sjølv om vi legg på oss, tek vi dei rette vala. Vi et sunnare og trimmar meir, fortel Henrik Schirmer, professor ved Institutt for klinisk medisin ved UiT – Noregs arktiske universitet.

Halvering av talet på infarkt

 

Tromsøundersøkingas ekkoteknikar Zhijie Miao demonstrerer utstyret for russarane. Foto: Johanne Røe Mathisen

Den gongen Tromsøundersøkinga starta, var det slett ikkje uvanleg at unge, nordnorske menn vart ramma av hjarteinfarkt. Dei siste 15 åra er talet på hjerteinfarkt halvert, og det er sjeldan menn under 50 år blir rammet. 70 % av nedgangen skuldast betre behandling av sjukdommen, medan heile 30 % kjem av at vi har betre levevanar. Russland slit med endå høgare dødelegheit enn det Nord-Noreg gjorde på 70-tallet.

 

Russarane som er med på helseundersøkinga skal måle blodtrykk, ta ultralyd av hjarte og halskar, ta fysiske testar og forskarane får innsyn i deira livsstil, som trim, matinntak og jobb.

– Dette er den same malen som vi har i Tromsøundersøkinga, og vi kan då samanlikna funna, seier Schirmer.

7000 russiske deltakarar

Den russiske undersøkinga blir leia av professor David Leon ved London School of hygiene and Tropical Medicine. Forhåpentlegvis skal 7000 russarar vere med i denne undersøkinga. Forskarar frå Tromsø har hjelpt til med å forme prosjektet slik at data som kjem fram der kan samanliknast med Tromsøundersøkinga. 

Les også: Russland har verdens høyeste forekomst av hjerteinfarkt: - Russland er slik Norge var for 50 år siden

Les også: 45 nye forskningsprosjekter klare for "Tromsø 7"

Wærås, Torgunn
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Johanne Røe Mathisen
Publisert: 06.07.16 00:00 Oppdatert: 30.10.18 10:17
Tromsø
Vi anbefaler