UiT bidreg med kunnskap under Riddu Riđđu

Det blir to seminar i regi av UiT under årets festival. Det eine handlar om tvangsevakueringa av Nord-Troms og Finnmark, medan det andre tar for seg norsk fiskeripolitikk og kven som skal eige fiskekvotane.
Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 01.07.15 00:00 Oppdatert: 30.01.18 17:15

 

FESTIVAL: UiT vil vere ein kunnskapsbidragsytar under årets festival. (Foto: Inger Elin Utsi/UiT Norges arktiske universitet)

 

UiT Noregs arktiske universitet (UiT) er blitt ny hovudsamarbeidspartnar til Riddu Riđđu. Kunnskapsformidling og ikkje minst utvikling av ny kunnskap er den raude tråden for UiT sitt engasjement 2015.

Rektor Anne Husebekk vil i år stå for den offisielle opninga av festivalen. Bakgrunnen til samarbeidet er UiT sitt ønske om å vere ei drivkraft i nord. Riddu Riđđu arbeider for å bli verdas fremste og viktigaste urfolksscene og dette vil universitetet vere med å bidra til. Samtidig er den samiske og nord-norske forankringa felles for både UiT og festivalen, noko som mellom anna viser seg i årets tema på universitetsseminara.

- Riddu Riđđu er ein av Noregs knutepunktfestivalar og eit møtepunkt for urfolk frå heile verda. Festivalen formidlar kunnskap og kultur om og for urfolk og for gjester utan urfolksbakgrunn. UiT er stolt av å vere ein hovudsamarbeidspartnar og vil bruke festivalen som kjelde til forsking, utdanning og formidling, seier rektor Anne Husebekk.

Festivalen går føre seg i Manndalen i Nord-Troms den 8. til 12. juli.

UIT-seminar
Difor er det tilbod om fleire kunnskapsarenaer under årets festival i samarbeid med UiT.

Det første UiT-seminaret vert halde fredag kl.12.00-14.00 i biblioteket.

Seminaret te for seg tvangsevakueringa av Nord-Troms og Finnmark. Det er Senter for samiske studiar ved UiT som står for arrangementet. Professor Ingunn Elstad frå Institutt for helse- og omsorgsfag vil snakke om samane si historie hausten 1944. For mange kjenner til at reindriftssamane i Indre Finnmark lurte evakueringsstyresmaktene trill rundt og kom seg unna tvangsevakueringa. Men kva skjedde med den samiske ibuarane elles?

I tillegg vil kollega og førsteamanuensis Åshild Fause snakke om dei sinnslidande og kva som skjedde med dei i samband med tvangsevakueringa.

Etter desse to innlegga er Harry Solhaug frå Manndalen invitert til å snakke om sine barndomsminne frå tvangsevakueringa.

UiT-seminaret: kven skal eige fiskekvotane? 

https://uit.no/tavla/artikkel/423532/hvem_skal_eie_fiskekvotene

Det andre UiT-seminaret er også fredag, men då klokka 15.00. Tema er altså norsk fiskeripolitikk og kven som skal eige fiskekvoter. Eit statlig utval har føreslått ei radikal omvelting av norsk fiskeripolitikk som opnar for at industrien skal kunne eige fartøy og kvoter. Blir dette ein ny trussel eller nye sjansar for fisket i sjøsamiske område? Dette vil bli debattert av deltakarane i eit panel der Sametinget og andre innleier.

Deltakarane i debatten er:

Silje Karine Muotka, Sametingsrådet

Edgar Henriksen, Nofima

Svein Ove Haugland, Råfisklaget

Torulf Olsen, formann i Bivdi

Geir A. Iversen, Kystopprøret

Steinar Eliassen, Norfra

Ordstyrar er Jan H Sundet frå Havforskingsinstituttet

 

Universitetslavvoen
UiT vil som tidlegare år ha ein eigen lavvo på Riddu-sletta. I år er lavvoen open torsdag frå kl. 12.00 til laurdag ettermiddag.

Studentar ved Senter for samiske studiar vil bidra med kunnskapsutfordringar, kunnskapsdelingar og informasjon om UiT. Dersom ein vil, kan ein teste seg med å spele Kahoot, som er ein digital quiz. Studentane frå UiT vil også vere tilgjengelige for å svare på spørsmål knytte til studietilbadet.

 

Riddu som universitets sommarskole
UiT starter til høsten masterprogrammet i Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas (GENI). I tilknytning til dette arbeider UiT med å utvikle et emne som skal foregå blant annet under Riddu Riđđu uka. Slik kan studenter få med seg både festival og sommerskole med fokus på samisk kultur, samisk språkrevitalisering og betydninga av sted og landskap.

Her kan du lese meir om GENI.

Utsi, Inger Elin Kristina
Publisert: 01.07.15 00:00 Oppdatert: 30.01.18 17:15
Vi anbefaler