«Kronprins Haakon» sjøsett
Ikkje sidan 1917 og Roald Amundsen sin «Maud», har eit norsk forskingsfartøy blitt sjøsett.
Verftet Fincantieri, der skipet er bygd, inviterte til ein sjøsetjingsseremoni måndag 27. februar. Direktørane for Norsk Polarinstitutt og Havforskingsinstituttet, og rektor for UiT Noregs arktiske universitet fekk høve til å klippe snora som markerte at skipet er sjødyktig. Sjølve sjøsetjinga tar derimot mange dagar.
Rektor Anne Husebekk har blogga frå den historiske hendinga. I bloggen skriv ho at skipet vil gi høve til ny kunnskapssanking som langt overgår det som til no har vore mogeleg.
Viktig bidrag for polarforsking
Skipet kostar 1,4 milliarder og vil vere eigd av Polarinstituttet, medan Havforskingsinstituttet vil stå for drifta. UiT vil vere den største brukaren av skipet og vil bruke det til forsking i Arktis og Antarktis. Skipet vil også vere sentralt i prosjektet «Arven etter Nansen» og blir det mest høgteknologiske og avanserte forskingsfartøyet som opererer i polarområde. Både dronar og fjernstyrte ubåtar er ein del av skipet. Du kan lese meir om skipet her.
Ombord er det mellom anna 15 laboratorium og det vil vere plass til 55 personar. I tillegg har skipet helikopterdekk her både Super Puma og Kystvaktens NH-90 kan lande.
Blir tatt i bruk i 2018
Regjeringa har som målsetjing at skipet skal styrke Noregs leiarrolle innan klima- og ressursforsking i polare strøk.
Skipet kjem til Noreg i oktober der dei siste installasjonane vil gli gjort. Det vil bli tatt i bruk tidleg i 2018, og den store dåpen vil vere i heimehamna Tromsø. Det er ikke bestemt kven som blir gudforelder til skipet.