Forskarar frå Tromsø og Asia samarbeidde om bok om skipsfart i Arktis
Bilete frå konferansen i Singapore i 2015 som la grunnlaget for samarbeidet mellom forskarane frå KG Jebsen senter ved UiT og forskarar frå National University of Singapore (NUS). Foto: Privat
Grunnlaget for å skrive boka Governance of Arctic Shipping. Balancing Rights and Interests of Arctic States and User States, vart lagt på ein konferanse om skipsfart som vart arrangert i Singapore i desember 2015 .
Les òg: Arrangerer Arktis-konferanse i Singapore
Ulike interesser
Forskarane drøftar blant anna korleis ein kan leggje føringar på og regulere skipstrafikken i Arktis, for mellom anna å gjere transporten sikker og hindre at han påfører miljøet skade. Sentralt her er korleis rettane og interessene til dei arktiske kyststatane og til dei asiatiske statane eller brukarstatane kan kan bli vekta opp mot kvarandre.
For interessene er ulike: Kyststatane har sterk interesse av å beskytte det marine miljøet i Polhavet, medan brukarstatane har interesse av at reguleringane av skipsfarten ikkje fører med seg urimelege hindringar og kostnader for fartøya som skal segle gjennom desse havområda.
– Havretten gjev kyststatane eit visst tilgjenge til å regulere skipsfart for miljøomsyn, medan alle statar har rett til å lata fartøyet sine segle gjennom dei same farvatna, fortel Tore Henriksen, leiar av KG Jebsen-senter for havrett og ein av boka sine medforfattarar. Han forklarer at dette er utgangspunktet, og så må ein finne måtar å regulere behovet til begge sider.
Les òg SOS fra Arktis
Bidreg til vidare samarbeid med asiatiske universitet
Henriksen meiner bokprosjektet òg har bidrege positivt til samarbeid med havrettslege forskingsmiljø i Asia, som dei vil byggje vidare på. UiT har som kjent nettopp inngått samarbeidsavtale med National University of Singapore, og har òg signert avtaler med fleire kinesiske universitet.
Les òg: Inngår ny samarbeidsavtale i Asia
Konkret uttrykk for samarbeid
UiT-rektor Anne Husebekk, som på vegner av UiT har signert samarbeidsavtaler med A*STAR
og National University of Singapore er svært glad for at samarbeidet mellom UiT og fagmiljø i Singapore har fått eit så konkret uttrykk.
– Denne boka illustrerer på ein utmerka måte at KG Jebsen-senteret for havrett og Det juridiske fakultet har bygd opp verdsleiande kompetanse på dei juridiske aspekta av arktisk skipsfart, og han viser tydinga av tett fagleg samarbeid mellom Arktis og Asia. Dei problemstillingane som vert diskutert i boka vil òg vere sentrale i det arbeidet som Senter for hav og Arktis skal i gang med når det opnar i løpet av 2018, seier Husebekk.
Nytter røynsler frå skipsfart i Søraust-Asia
I det siste kapittelet kjem redaktørane med nokre tilrådingar for korleis ein kan regulere framtidig skipstrafikk i Arktis, basert blant anna på røynslene frå samarbeidet om skipstrafikken i Malakka- og Singapore-stredet.
– Vi trur absolutt det er mykje lærdom å hente frå Søraust-Asia; røynsler som kan brukast som modellar for liknande samarbeidsmekanismar i Arktis, seier ein av redaktørane av boka og forfattarar, Erik Molenaar.
Utanfrå-perspektiver har stor tilleggsverdi
– Det har ein stor tilleggsverdi å inkludere andre – utanfrå – og perspektiva deira i forskinga på det internasjonale regelverket for forvalting av arktiske havområde, avsluttar leiar for KG Jebsen-senter for havrett ved UiT, Tore Henriksen.
Kjappe fakta om prosjektet: - Boka Governance of Arctic Shipping. Balancing Rights and Interests of Arctic States and User States er utgjeve på Brill i september 2017. - Boka er eit av resultatene av det store prosjektet A-lex: regulating Arctic Shipping Political, legal, technological and environmental challenges - Forfattarane frå KG Jebsen-senter for havrett ved UiT: Erik J. Molenaar, Tore Henriksen, Jan J. Solski og Kristine D. Kraabel. - Redaktørar: Erik J. Molenaar, Kristine D. Kraabel og Tore Henriksen. |