Også verb kan forminskast på russisk
Anastasia Makarova |
I mange språk blir slike avleiingar laga med eit suffiks - eit påheng. Til dømes på norsk -ling (mannsling), på tysk -chen eller -lein (Mädchen, Fraulein) og på italiensk -etta eller -etto (piazetta og libretto).På engelsk kan ein seia a doggie, når ein meiner ein (søt) liten hund. Diminutiva er ofte nytta på ein kjærteiknande eller nedsetjande måte.
Russisk har også verbavleiingar
På russisk nyttar ein over 20 ulike suffiks og suffikskombinasjonar. Vodka (det vesle, koselege vatnet) er ei avleiing av voda, som tyder vatn.
Anastasia Makarova disputerer denne veka på avhandlinga si i russisk språkvitskap: "Rethinking diminutives: a case study of Russian verbs". Ho meiner at i talespråket kan også verb - ikkje berre substantiv - ha avleiingar som lagar ei slags forminsking.
"... verbs like zvenet’ – zven’kat’ ‘ring – ding’ describe low-intensity events as well as verbs that describe events the speaker has an affectionate attitude toward", skriv Makarova i samandraget for avhandlinga.
Handlingsintensitet i staden for storleik
Vidare forklarar Makarova at diminutiv forma frå substantiv inneheld ei implisitt, altså ei innebygd samanlikning med ein kontekstavhengig standard - vanlegvis langs ein storleiksskala. Verbdiminutiv har ei liknande samanlikning, berre langs ein annan type skala - ein skala av handlingsintensitet.
Du kan følgje disputasen her.