UiT har fått to nye meritterte undervisarar
Professorane Ragnhild Johanne Rensaa og Monica Alterskjær Sundset har fått utmerkinga ”merittert underviser ved UiT”.
Utmerkingane vart delte ut under rektor sin sommarfest i dag, 18. juni.
Alle dei nominerte vart grundig vurdert av ein komité, og i år kom to undervisarar gjennom nålauge:
- Ragnhild Johanne Rensaa er prodekan for utdanning ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi (IVT-fak), og professor ved Institutt for elektroteknologi.
- Monica Alterskjær Sundset er professor i dyrefysiologi ved Institutt for arktisk og marin biologi, Fakultet for biologi, fiskeri og økonomi (BFE-fak).
– Skikkeleg stas!
– Det er skikkeleg stas å verte merittert underviser. Eg er kjempeglad for at UiT Noregs arktiske universitet er så framoverlent i satsinga si på undervising og utdanning. Det er fantastisk spennande å få vere ein del av denne viktige og positive utviklinga, seier professor Monica Alterskjær Sundset.
– Eg er både glad og stolt over at komiteen har funne meg kvalifisert til å bli merittert underviser. Begge foreldra mine var lærarar og det var mange samtalar rundt middagsbordet heime om undervising og læring. Så dette betyr mykje for meg, fortel professor Ragnhild Johanne Rensaa.
Ho både ønskt, og fått lov til, å prioritera undervisinga som ein viktig del av jobben.
– Eg er glad for at eg har fått spillerom og hjelp til å leggja til rette for ulike undervisningsformar. Med gode kollegaer har eg òg hatt interessante diskusjonar om korleis undervisingsopplegg kan tilpassast og blitt gjord på ulike måtar, fortel Rensaa.
Sundset seier ho òg har hatt særskild fokus på undervising i jobben sin.
– Det har eg. Både som professor gjennom mange år, og som tidlegare prodekan for utdanning ved Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi.
Glad i faglege diskusjonar med studentane
Det aller beste med å vere underviser, seier Ragnhild Rensaa, er kontakten med studentane. Dei er ulike frå år til år, og spørsmåla og tilbakemeldingane deira gjer at ingen dagar blir like.
– Det er utfordrande og spennande å formidla det logiske og fundamentale i matematikken, og prøva å få studentane til å sjå det vakre i ei argumentasjonsrekkje og kva den kan leia til.
Det er Monica Alterskjær Sundset einig i:
– Det beste med å undervise er å få til gode faglige diskusjonar med studentane - og studentane imellom - med rom for undring og kritiske spørsmål. Eg likar å jobbe med folk! Både studentar og kollegaer! I mine utviklingsprosjekt har eg jobba tett saman med kollegaene mine i faggruppa "Arktisk Kronobiologi og Fysiologi" ved Institutt for Arktisk og Marin Biologi, mine kollegaer ved BFE-fak, Ragnhild Sandvoll og Marit Allern ved Result.
– For god undervisning og gode undervisningsmiljø oppstår ikkje i eit "vakuum". Undervising vert meir profesjonalisert når vi jobbar i team, opnar opp for kritiske spørsmål og publiserer resultat - på same måte som vi gjer det i forsking, legg ho til.
Deltek i utviklinga av SFU
Rett før sommarfesten var Sundset på den internasjonale konferansen ”The Scholarship of Teaching and Learning” i Bilbao, der ho saman med kollegaer presenterte eit av prosjekta dei jobbar med på BFE-fak.
– På konferansen vart "gode seglarforhold" – eller mangel på dette – brukt som ein metafor på kor langt man har komen i utviklinga av dette feltet i høgare utdanning. I mange land sitt ein fortsatt stille i båten og ventar på eit lite vindpust i rett retning! Medan vi i Noreg og ved UiT verkeleg har vind i seglene og full fart framover! Det er bra! Og det vert lagt merke til internasjonalt.
I vinter har ho òg delteke i utviklinga av BFE-fak sin søknad om å få eit Senter for framifrå utdanning (SFU): C21Enhance.
– No kryssar vi fingrane for at vi kjem gjennom det første nålauget i konkuransen om et Senter for framifrå utdanning, og at vi får komiteen på besøk til hausten. Strategisk forankring og ei tydeleg satsing på alle nivå i organisasjonen er heilt avgjerande for å lykkast, meiner Monica Alterskjær Sundset.
Tredje år med merittering
Prosjektet ”Pedagogisk merittering” vart vedteke av universitetsstyret i 2016 som ei femårig forsøksordning. Det skal bidra til at god undervising av vitskapelege tilsette vert løfta fram og verdsett høgare.
Til saman har no 15 undervisarar ved UiT fått utmerkinga, og med det har alle fakulteta minst ein merittert underviser. Dei første seks meritterte undervisarane vart utnemnd i 2017, og i fjor fekk sju undervisarar den gjeve tittelen.
For å få status som merittert underviser må ein ha undervist i høgare utdanning i minst fem år. Ein må ha utvikla sitt arbeid kvalitativt over tid, ha ei vitskapeleg tilnærming til undervisingsoppdraget, og vera ein engasjert og dyktig pedagogisk leiar.
Sjå òg: Delte ut fire millionar kroner for å styrke læring hos studentar