– Avgjerande for Ukrainas framtid

Sikkerhet og økonomi kjem til å spele ei viktig rolle i gjenoppbygginga av Ukraina. Ein annan viktig berebjelke er dessutan rettstryggleik og rettferd. På dette området kan UiT gi eit viktig bidrag.

Fire personer som sitter på linje rundt et bord.
Gaiane Nuridzhanian (t.v.), Sergii Glebov, Gunhild Hoogensen Gjørv og Jonas Stein deltek i paneldebatt i samband med markeringa av årsdagen for Russlands invasjon av Ukraina i 2023. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT.
Portrettbilde av Bredesen, Kim
Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 16.12.25 10:46 Oppdatert: 16.12.25 15:37
Internasjonalt samarbeid Lov og rett Næringsliv Samfunn og demokrati

UiT har over fleire år gitt støtte til både studentar og forskarar frå Ukraina som ikkje kan vere i heimlandet. På denne måten har dei fått ei trygg hamn for både å studere og forske.

No skal UiT også bidra til å styrkje det ukrainske rettsstaten og demokratiet, gjennom prosjektet «Klargjering av rettslege rammer for investering, EU-integrering og rettsoppgjeret i Ukraina (UA-KLAR)». Prosjektet tek sikte på å auke kompetansen i norsk offentleg, privat og frivillig sektor om regulering av investeringar i Ukraina, Ukrainas relasjon til EU og EØS, og rettsoppgjeret i Ukraina.

Portrettbilde av kvinne.
Gaiane Nuridzhanian, førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet, UiT Foto: Stina Guldbrandsen / UiT.

Tildelt tre millionar kroner

– Økonomisk vekst og investeringar, samarbeid med og integrering i EU, erstatning til krigsoffera og eit rettsleg oppgjer etter krigen er avgjerande for Ukrainas framtid, gjenreising og gjenoppbygging, seier Gaiane Nuridzhanian, som er prosjektleiar og førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet, UiT.

Prosjektet har vorte løyvd tre millionar kroner gjennom Program for Ukraina-kompetanse. Programmet er finansiert av Utanriksdepartementet gjennom det norske Nansen-programmet og blir forvalta av HK-dir.

Dei to andre partnarane i prosjektet er professor Yulia Chernykh frå Universitetet i Innlandet og professor Liliia Oprysk frå Universitetet i Bergen. Dei tre ukrainske juristane har stor kunnskap og erfaring innan fagområda for prosjektet. Dei har i tillegg eit stort nettverk av Ukraina-ekspertar som kan bidra til gjennomføringa av prosjektet.

Program for Ukraina-kompetanse

  • Finansiert av Utanriksdepartementet gjennom det norske Nansen-programmet og blir forvalta av HK-dir.
  • Gir støtte til kompetansebygging i norsk næringsliv, fagmiljø, forvaltning og frivillig sektor.
  • Kompetansebygging skal gjere norske aktørar betre i stand til å bidra til ukrainsk motstandskraft og gjenreisning.
  • I tillegg skal programmet bidra til at ukrainske erfaringar kan komme til nytte i det norske samfunnet.

Betre forståing av utfordringar

– For å kunne gi støtte til Ukraina som treffer på rett måte, krevst det bygging av kunnskap på fleire nøkkelområder. Vi må vite mer om hvordan vi kan gjøre trygge investeringar i Ukraina i en europeisk kontekst. Vi må også få etablert eit sikkert grunnlag for å etterforske og straffeforfølgje krigsbrotsverk og menneskerettsbrot i Ukraina, undertrekar Nuridzhanian.

Ho meiner behovet for denne typen kunnskap er spesielt sterkt i Noreg, som er ein av dei mest aktive støttespelarane for Ukraina.

– For å kunne støtte demokratiet i Ukraina trengst det først og fremst kunnskap om det ukrainske samfunnet, historia og kulturen. Vi treng også å få ei betre forståing av utfordringane som det ukrainske samfunnet møter i arbeidet med å byggje opp demokratiet og rettsstaten. Norske universitet har ei stor rolle å spele i utviklinga av slik kunnskap, avsluttar ho.


Kortnytt fra Det juridiske fakultet, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning, Handelshøgskolen ved UiT, Senter for fredsstudier (CPS), Institutt for samfunnsvitenskap
Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Vi anbefaler