6 millionar til desentralisert, fleksibel utdanning

Regjeringa gjev UiT øyremerka midlar for å styrke utdanningstilbodet i Kirkenes. – Ein anerkjenning av vår rolle som motor, seier prorektor Gjærum.

Gruppebilete
Prorektor Gjærum tok med seg studentar frå studiet Sikkerhet og beredskap til pressekonferansen om den nye nordområdestrategien, kor dei fekk møte begge statsrådane. Foto: UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Publisert: 28.08.25 15:09 Oppdatert: 28.08.25 15:28
Arktis Om UiT Samfunn og demokrati

Denne veka var utanriksminister Espen Barth-Eide (Ap) og kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng (Ap) i Kirkenes for å lansere ein ny nordområdestrategi. I strategien ligg ein konkret satsing på UiT sine utdanningstilbod i Noregs austlegaste by.

Ein motor i nord

– Dette er ei anerkjenning av UiT som ein motor for kunnskapsbasert utvikling i nord, seier prorektor for utdanning ved UiT, Rikke H. Gjærum.

– Som det einaste breiddeuniversitetet i Nord-Noreg, har vi særleg godt grunnlag for å utvikle regionale, fleksible utdanningar som er i tråd med behova til næringslivet og det offentlege, held ho fram.

Har tett, lokal dialog

På alle studiestader har UiT tett dialog med kommunar og næringsliv, så ein kan møte lokale kompetansebehov. Den dialogen vert viktig når UiT no skal planlegge best mogleg bruk av midlane.

– Vi er glade for at regjeringa har høyrt oss på at det kostar meir å vere til stades i ein heil landsdel og skape fleksible, desentraliserte studium enn å samle flest mogleg på få stader, seier Gjærum


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar / faggruppeleiar
Vi anbefaler