Siste rapport frå Arven etter Nansen

Den eine delen av sluttrapporten frå Arven etter Nansen er no klar og kan lastast ned. Ein trykt versjon er under utarbeiding. 

Isrå og logoen til Arven etter Nansen
Arven etter Nansen er eit prosjekt som gjennom sju år har kartlagt det nordlige Barentshavet. Foto: Arven etter Nansen
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver kommunikasjon
Publisert: 25.02.25 15:26 Oppdatert: 25.02.25 22:25
Arktis Hav Klima

Denne sluttrapporten frå Arven etter Nansen er godkjend av Forskingsrådet, og kan lastast ned her. Ein trykt versjon er under utarbeiding. Det vil òg bli gitt ut ei bok som ber namnet Barents Sea System, i tillegg til at nettsida blir oppdatert med fleire faktaark.

– Eg vil takka alle som har bidrege til flotte resultat og ei flott tid på eit flott prosjekt. Me beviste konseptet, realiserte visjonane våre og bana grunnen for kommande samarbeidsinitiativ, seier prosjektleiar og professor ved UiT Noregs arktiske universitet, Marit Reigstad.

Les òg: Arven etter Nansen har landet

Om Arven etter Nansen

  • Partnarane i prosjektet er Akvaplan-niva, Havforskingsinstituttet, Meteorologisk institutt, NERSC, Norsk Polarinstitutt, NTNU, UiT Noregs arktiske universitet, Unis, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.
  • Desse forskingsområda har vore i fokus: Fysiske drivere, menneskeleg påvirking, Det levande Barentshavet, Det framtidige Barentshavet og teknologi og metodeutvikling.
  • Prosjektet hadde eit budsjett på nær 800 millionar kroner og er finansisert av Kunnskapsdepartementet, Noregs forskingsråd og forskingsinstitusjonane sjølv.


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver kommunikasjon
Vi anbefaler