Amerikansk pris til Bodil H. Blix

UiT-professoren får, saman med tre canadiske partnarar, 2025 Narrative Research SIG, Outstanding Publication Award frå den amerikanske foreininga for utdanningsforsking, AERA.

Portrett av ei kvinne med kvit bakgrunn.
Professor i Bodil H. Blix, som jobbar i skjæringspunktet mellom kritisk gerontologi, narrativ gerontologi og helsetenesteforsking. Foto: Privat
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 14.02.25 13:20 Oppdatert: 14.02.25 14:57
Helse og velferd Om UiT

– Eg er sjølvsagt veldig glad. Det tyder mykje for meg å verte anerkjent av eit kollegium av ekspert på narrative metodar, seier Blix.

Saman med sine canadiske samarbeidspartnarar Vera Caine, Pamela Steeves og D. Jean Clandinin har ho fått årets Narrative Research SIG, Outstanding Publication Award. Prisen vert delt ut annakvart år av American Educational Research Association.

Narrativ metode høyrer heime blant dei kvalitative forskingsmetodane. Folk sine forteljingar er både datagrunnlaget og framgangsmåten for å få ein djupare forståing av menneske sine erfaringar, opplevingar og perspektiv.

Instituttleiar Laila Arnesdatter Hopstock seier at prisen er ei betydningsfull anerkjenning av Blix si dedikasjon og innsats:

– Vi er utruleg stolte av å ha Bodil som ein del av gjengen vår på IHO, både som forskar, fagansvarleg og som forskingsgruppeleiar for Senter for omsorgsforsking Nord, seier ho.

Blix takkar instituttet for at dei har gjort forskinga mogleg og at ho har fått tid og ressursar til å jobbe saman med sine canadiske kollegaar. Dei tre har publisert eit titals publikasjonar gjennom åra, og no har dei altså fått ein pris.

– Eg kjenner meg privilegert som har ein arbeidsplass som syner meg så mykje tillit, seier Blix.

 

 


Kortnytt fra Institutt for helse- og omsorgsfag, Det helsevitenskapelige fakultet
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Vi anbefaler