– Sjølvsagt til nord

Når nærings- og fiskeriministeren ber om innspel til for Noregs rolle i EUs neste romprogram, kjem ho nordover. – Sjølvsagt, seier rektor.

Ein mann står på ein scene.
Rektor ved UiT, Dag Rune Olsen, under innspelsmøtet på Framsenteret. Foto: Geir Bakkevoll / UiT
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 24.01.25 09:53 Oppdatert: 24.01.25 10:04
Samfunn og demokrati Teknologi

– Kjernen i den norske romkompetansen ligg i nord. I Tromsø har UiT etablerte og leiande fagmiljø på jordobservasjon, romfysikk og romvêr og nær tilgang på den nødvendige infrastrukturen for å halda Noreg i den internasjonale forskingsfronten på feltet. I denne byen jobbar me langs heile aksen frå grunnforsking via anvend forsking til operativ støtte til næringsliv, Forsvaret og forvaltningsorgan som bruker det nære verdsrommet i verksemda si, seier UiTs rektor Dag Rune Olsen.

Han møtte nærings- og fiskeriministeren saman med andre nasjonale forskingsinstitusjonar og næringsaktørar. Rektor la fram UiTs innspel under tre overskrifter. Den første er situasjonsforståing og beredskap i Arktis, fordi satellittar bidreg til både overvaking og kommunikasjon i eit sårbart område. Ein føresetnad for rombasert situasjonsforståing er ei situasjonsforståing i rommet. Me må altså kjenna faktorane som verkar på lands- og rombasert infrastruktur, og det gjeld særleg romskrot og romvêr.

Den andre overskrifta er berekraftig bruk av rommet, og rektor minner mellom anna om at det ikkje finst eit oppdatert og robust regelverk for bruk av rommet. Tilgang på rommet, også for forsking og utdanning, er den tredje overskrifta i innspela frå UiT.

Heile innspelet les du her.


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, Institutt for fysikk og teknologi, Institutt for teknologi og sikkerhet
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Vi anbefaler