Astrid Strandbu inn i nytt skuleutval

Pedagogikk-professor ved UiT, Astrid Strandbu, er ein av medlemmene i eit nytt utval som skal sjå på korleis skulen bør utviklast.

Portrett av kvinne
Astrid Strandbu er professor i pedagogikk ved UiT Noregs arktiske universitet. Foto: Bjørn-Kåre Iversen / UiT
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 03.12.24 09:25 Oppdatert: 03.12.24 09:41
Pedagogikk Samfunn og demokrati

Regjeringa har nyleg sett ned eit nytt utval som skal sjå på korleis skulen bør utviklast, slik at han også i framtida på best mogleg måte kan førebu barn i Noreg til å kunna delta i utdanning, arbeid og i samfunnsliv. Det skriv Kunnskapsdepartementet på nettsidene sine.

Kunnskapsministeren meiner det er eit behov for ein større gjennomgang av rolla til skulen i samfunnet vårt. For svarer eigentlege dagens fellesskule ut det framtidige behovet i samfunnet på ein god nok måte? Er skulen, slik han er organisert i dag, godt nok rusta til å møta store samfunnsendringar og bruker me ressursane våre i skulen godt nok - i ei tid der helse, forsvar og eldreomsorg vil krevja meir og meir av statsbudsjettet?

Ein skule der barn og unge lærer saman, på tvers av alt som skil oss kan bli utfordringa i skulen, viss ho ikkje er rusta for å førebu alle elevane for framtida.

– Fellesskulen blir berre viktigare og viktigare når liva me lever har vorte meir ulike. Eg vil seia at skulen er vår siste verkeleg breie fellesarena, der barn og unge møtest på tvers av bakgrunn. Dette er Noregs største konkurransefortrinn i dag, og det vil regjeringa ta vare på for framtida. Då må me utfordra sanningar og våga å tenkja nytt. Det skal dette utvalet kunna gjera, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Om utvalet

Utvalet skal leiast av Bjørn Haugstad som er direktør for organisasjon og infrastruktur ved NTNU. Utvalet skal leggja fram innstillinga si innan 1. juni 2026.

I tillegg til leiar, består utvalet av følgjande medlemmer:

  • Martin Eckhoff Andresen, førsteamanuensis ved økonomisk institutt UiO
  • Kjerstin Askholt, politimeister i Agder politidistrikt
  • Henning Fjørtoft, professor i norsk fagdidaktikk ved NTNU
  • Audun Brandt Lågøyr, Konserndirektør kommunikasjon i Skanska Norge
  • Omar Mekki, dagleg leiar i Guttas Campus
  • Aslak Sira Myhre, nasjonalbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket
  • Ida Marie Pinnerød, stabssjef Nord universitet
  • Kamal Saaliti, miljølærar på Apalløkka skule
  • Hilde Schjerven, verksemdsdirektør for oppvekst i Færder kommune
  • Astrid Strandbu, professor i pedagogikk ved UiT Noregs arktiske universitet
  • Lene Tanggaard, professor ved institutt for kommunikasjon og psykologi, Aalborg universitet


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning, Institutt for lærerutdanning og pedagogikk
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Vi anbefaler