Fortidas røyndomar på havbotnen – ein geolog sin saga

Nokre geologar grev i jorda for å finne skattar frå fortida, medan geologen Vårin Trælvik Eilertsen grev på havbotnen i Arktis for avdekke fortidas hemmelegheiter. 

 POSTERSESSION PÅ ÅRSMØTE. Vårin frå årsmøte i Arven etter Nansen 2021. I dette bilete presenterer ho ein poster med sin forsking til ein annan forskar innan prosjektet. Foto: Charlotte Stark, UiT
POSTERSESSION PÅ ÅRSMØTE. Vårin frå årsmøte i Arven etter Nansen 2021. I dette bilete presenterer ho ein poster med sin forsking til ein annan forskar innan prosjektet. Foto: Charlotte Stark, UiT Foto: Charlotte Stark/UiT
Publisert: 11.02.22 11:38 Oppdatert: 11.02.22 13:10
Arktis Hav Klima Naturvitenskap

Ho veit at på vassoverflata kan havet sjå nokså likt ut, medan på havbotnen derimot kan det i som eventyra skjule seg mange skattar. På same måte skjuler også Barentshavet fortida si.

Vårin er frå Slettelva i Tromsø, så ho drog ikkje så veldig langt for å kunne studere det som interesserte ho. Med ein far som var lærar innan naturfag, vaks ho opp med at ho kunne stille alle moglege spørsmål om det ho såg kring seg.

– Dette gjorde at eg vart veldig interessert i naturen, og fann ut at eit studie ved UiT innan geologi gav meg høve til å vere ute i felt eller på havet, seier Vårin.

 EIT EVENTYR. Over vassflata kan havet sjå nokså likt ut, men på havbotnen derimot kan det som i eventyra skjule seg mange skattar: gamle skipsvrak, skattkister, store kvalkadaver eller til og med nedsenka oldtidsbyar. Havet og havbotnen skjuler spor som fortel noko om fortida. Kven som budde på jorda før, korleis jorda så ut då og også korleis klimaet har endra seg. Barentshavet skjuler også fortida. Teikning av Charlotte Stark, UiT.
EIT EVENTYR. Over vassflata kan havet sjå nokså likt ut, men på havbotnen derimot kan det som i eventyra skjule seg mange skattar: gamle skipsvrak, skattkister, store kvalkadaver eller til og med nedsenka oldtidsbyar. Havet og havbotnen skjuler spor som fortel noko om fortida. Kven som budde på jorda før, korleis jorda så ut då og også korleis klimaet har endra seg. Barentshavet skjuler også fortida. Teikning av Charlotte Stark, UiT.

Vårin er no stipendiat ved Institutt for Geovitenskap ved UiT og ein av våre forskarar i prosjektet Arven etter Nansen. Du kan bli betre kjend med ho gjennom denne korte videoen ho gjorde for prosjektet:

 

Studerer prosessar som formar planeten vår

Som geolog studerer ho prosessar som formar jorda. Ofte inneber det å leite etter spor som fortel noko om korleis ting var før.

– I mitt doktorgradsarbeid forskar eg no på kva havbotnen i det nordlege Barentshavet kan fortelje om fortidas klima, fortel ho.

Under havoverflata er det nemleg ikkje berre eit rikt liv av organismar og dyr, men også fjellmassar, mudder/leire og sand. Eit sjøareal er eit område slik som på land; sjå føre deg eit et kart over land, så ser du alt ifrå strender til fjelltoppar beskriven med høgder terrenget. Detaljer er teikna inn og vi kan ut ifrå kartet orientere oss. Vårt faste solide element sluttar ikkje ved vasskanten, den går vidare nedover til den flatar ut og lagar det meir korrekte botnen av eit kart. Barentshavets havbotn har ein gjennomsnittleg djupnad på om lag 230 meter. Til samanlikning ligg Marianegropa, som er havet djupaste grop, på 11.034 meter. Dette betyr ikkje at havbotnen i Barentshavet er ein kjedeleg, langflat og flat slette nemnar forskaren i bloggen sin. 

– I min forskning forsøker jeg å finne ut av hvordan isdekket formet det nordlige Barentshavet og hvordan klimaet utviklet seg fra siste istid og fram til i dag. Isdekket som lå over havbunnen i Barentshavet ligner mye på deler av isdekkene på Grønland og i Antarktis. Derfor kan det å studere hva som skjedde da Barentshavisdekket trakk seg tilbake, fortelle noe om hvordan en eventuell tilbaketrekning av disse moderne isdekkene vil foregå. I tillegg kan det å øke forståelsen for hva de naturlige svingningene i klima har vært flere tusen år tilbake i tid være med på å forstå dagens klima, seier Vårin.

SETT OVANFRÅ OG NED PÅ BOTTEN – Bilete av landskapet på havbotnen i det nordlege Barentshavet sett ovanfrå. Blått representerer dei djupare delane og raudbrunt representerer dei grunnare delane. Toppen av fleire ryggar kan sjåast liggande på kryss og tvers på havbotnen. Raude pilar indikerer kvar nokon av dei største ryggane ligg. Figur laga av Vårin
SETT OVANFRÅ OG NED PÅ BOTTEN – Bilete av landskapet på havbotnen i det nordlege Barentshavet sett ovanfrå. Blått representerer dei djupare delane og raudbrunt representerer dei grunnare delane. Toppen av fleire ryggar kan sjåast liggande på kryss og tvers på havbotnen. Raude pilar indikerer kvar nokon av dei største ryggane ligg. Figur: Vårin T. Eilertsen

Korleis ser ein arbeidsdag ut for ein geolog på tokt?

Når Vårin er på tokt med til dømes forskingsfartøyet Kronprins Haakon, så studerer ho prøver frå botnen. Korleis går det til?

– I mitt forskingsprosjekt treng eg prøvar frå lausmassar på sjølve havbotnen. Vi brukar ein gravitasjonskjerneprøvetakar som er eit omlag 6 meter langt jernrør med eit tungt lodd på toppen som vi heisar ned frå dekk ved hjelp av ein vinsj. Røret vert så dytta inn i havbotnen ved hjelp at det tunge loddet. Når røret vert teken opp på dekk, så inneheld det lausmassar som kan vere heile 17 000 år gamal! fortel Vårin engasjert.

Dei samlar også inn akustisk data innan batymetri og botngjennomgåande ekkolodd. Ved hjelp av data kan dei få et betre bilete av korleis forma til havbotnen er (rygger, trau, bankar) og et bilete av korleis hav ser ut inni, altså under sjølve havbotnen.

Kvinner i forsking

Denne saka er skrive og publisert til kvinner i forskingsdagen 11. februar. Prosjektet Arven etter Nansen ynskjer å syne fram kvinner i forsking og oppmuntre andre kvinner i forsking til å velje akademia som sin yrkesveg. Er det slik at vi kan seie at vi i Noreg er «på plass» når det gjeld kvinner og deira plass i akademia? Vårin seier at vi har enda ein veg å gå før vi er der.

– Ja, framleis er det dessverre slik at kvinner og andre seksuelle minoritetar er underrepresentert I leiarstillingar eller faste professorstillingar. Lenge har fleire kvinner enn menn teke høgare utdanning. Mange kvinner er derfor godt nok kvalifiserte, kommenterer ho.

Vårin meiner at for å auke mengda av kvinner og andre seksuelle minoritetar i leiarstillingar er det mange ting ein kan gjere.

– Det er til dømes viktig med representasjon, aktivt arbeid for å mine lønsforskjellar, aktivt arbeide mot trakassering og generelt skape eit miljø der det er trygt og diskutere desse tema. Stipendiatar og Postdoktorar ved instituttet eg er ein del av har oppretta ein JEDI (Justice Equality Diversion Inclusion) gruppe som med anna arbeidar med slike spørsmål, fortel Vårin.

Glad i naturen og nysgjerrig på korleis landskapet vart til?

Rett kring hjørnet er søkjarfristen for å søkje seg inn til studiet som Vårin har teke. Kanskje ho har nokre gode tips til andre studentar som ynskjer å vere geolog?

– Er du glad i å vere ute i naturen og er nysgjerrig på å forstå korleis landskapet kring deg er blitt sjåande ut slik det er i dag, er det berre å søkje. Ta deg gjerne eit utvekslingsår ein annan stad enn Tromsø. Eg drog til Svalbard siste året av bacheloren min, og det vart eit veldig spannande år med mange fine opplevingar der eg lærde mykje. Blant geologistudentane er det også veldig populært å reise til Hawaii for å studere vulkanar, oppmodar ho.

Vårin er medforfattar til “Revised ΔR values for the Barents Sea and its archipelagos as a pre-requisite for accurate and robust marine-based 14C chronologies». Elles jobbar ho for tida med to andre artiklar.

Om prosjektet "Arven etter Nansen"

  • Vårin Trælvik Eilertsen er ein del av Prosjektet Arven etter Nansen som er eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt mellom fysiske, kjemiske og biolgiske forskarar frå åtte statlege institusjonar og to private forskingsinstitutt.
  • Dei involverte er: Det arktiske universitetet i Tromsø (UiT), Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), Universitetet i Bergen (UiB), Universitetet i Oslo (UiO), Noregs tekniske-vitskaplege Universitet (NTNU), Norsk Polarinstitutt (NPI), Havforskingsinstituttet (HI) , Metrologisk institutt (MET), Nansensenteret (NERSC) og Akvaplan-NIVA.
  • Arven etter Nansen prosjektet vil gi 2020–2100 utsikter for ein forventa tilstand av klima, havis og økosystem. Prosjektet vil bidra til internasjonal forsking og skape ein omfattande pan-arktisk forståing.

Les meir her: www.arvenetternansen.com


Kortnytt fra Fakultet for naturvitenskap og teknologi, Institutt for geovitenskap
Vi anbefaler