Kina si rolle i Arktis – inviterer til panelsamtale

Kina aukar innverknaden sin i Arktis og dette har tydning for landa rundt og elles i verda. I samarbeid med tenketanken IDEAS ved London School of Economics and Political Science arrangerer UiT den første av fleire digitale panelsamtalar, ope for alle interesserte.

Kart
Arktis Foto: Mostphotos
Portrettbilde av Rolland, Tomas
Rolland, Tomas tomas.rolland@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 11.05.21 08:53 Oppdatert: 26.05.21 14:56
Arktis Hav Klima Lov og rett Samfunn og demokrati

Paneldebatten er den første i det som skal bli ein serie av debattar, der ein gjennom det neste året skal sjå nærare på Kina og Arktis og vurdera den kinesiske innverknaden ut frå eit miljø-, geopolitisk- og økonomisk perspektiv.

Første debatt torsdag 13. mai kl. 17.30

Den første debatten finn stad torsdag 13. mai kl. 17.30-19.00 (norsk tid) og har temaet:
China and the Arctic: Critical Minerals, Environmental Politics and Climate Change.

Du må førehandsregistrere deg

Debatten er open for alle interesserte, men det er krav om førehandsregistrering. 

I panelet sit:

  • Gørild Heggelund, professor ved Fridtjof Nansen Instituttet.
  • Dr. Sanna Kopra, University of Lapland, Finland.
  • Jesper Willaing Zeuthen, professor ved Aalborg University, Danmark.

Roll som moderator og ordstyrar blir ivaretatt av:

  • Christer Pursiainen, professor ved UiT Noregs arktiske universitet.
  • Chris Alden, professor ved London School of Economics and Political Science (LSE) og leder av LSE IDEAS.

Kortnytt fra Fakultet for naturvitenskap og teknologi, Institutt for teknologi og sikkerhet
Rolland, Tomas tomas.rolland@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Vi anbefaler