Førebudde seg på det utenkjelege

Moderne samfunn er avhengige av sårbar og kompleks infrastruktur. Nyleg var europeiske forskarar samla i Tromsø for å finne ut korleis livsviktige samfunnsfunksjonar kan haldast stabile viss ett eller fleire system bryt saman.

Person i sentrum av klasserom omgitt av publikum
Førsteamanuensis Audun Hetland held presentasjon under samskapingsworkshop om om resiliens og katastrofeberedskap. Foto: Kim Bredesen / UiT.
Portrettbilde av Bredesen, Kim
Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 23.06.26 14:23 Oppdatert: 24.06.26 09:49
Energi Geopolitikk Helse og velferd

Natur og samfunn i nord er svært utsett i ei tid der geopolitiske spenningar og klimaendringar skaper press og uvisse. Er vi førebudde på kva som kan skje viss ting går verkeleg gale, dersom det oppstår kriser eller krig? Kva kan vi i så fall gjere for å førebu oss på å handtere både kjende og ukjende fare- og risikofaktorar?

Førre veke var stipendiatar og forskarar frå partnaruniversitet i EUGLOH-alliansen samla for å finne svar på desse spørsmåla. Dei var med på ein samskapingsworkshop om resiliens og katastrofeberedskap, arrangert i regi av universitetsalliansen EUGLOH.

Deltakarane utforska og kartla tryggleiks- og beredskapsutfordringar knytte til verdsrommet, havet, helse, energiforsyning og digital infrastruktur.

To personer i et klasserom, omgitt av publikum.
Stig Løland (t.v.) og Audun Hetland leier workshop. Foto: Kim Bredesen / UiT.

Korleis analysere baklengs

Dei som stod bak programmet for workshopen var Audun Hetland, førsteamanuensis ved UiTs forskningssenter CARE, og dr. Stig Løland ved same senter. Dei har utvikla eit tverrfagleg workshopkonsept basert på arbeidet sitt med beredskap knytt til skredulykker. Med eit skråblikk på science fiction-filmen «Tilbake til framtida» utfordra dei deltakarane til å finne svar på følgjande spørsmål: Korleis kan vi førebu oss på det utenkjelege?

– Dette handlar ikkje først og fremst om å forhindre kriser, men om korleis vi kan halde oppe funksjonsevne og halde fram med å løyse oppgåver når systema blir utsette for stor påkjenning. Anten utgangspunktet er ein invasjon eller ein naturkatastrofe, oppstår mange av dei same utfordringane knytte til koordinering, kommunikasjon, tillit og tilgang til ressursar, understrekar Hetland.

Under plenumsdiskusjonane vart det understreka at ekspertar frå eit breitt spekter av fagfelt må kunne mobiliserast raskt om fleire kriser oppstår på likt
– Robustheit kan ikkje byggjast i den augneblinken katastrofen hender. Nettverka, rutinane og tilliten må vere etablert på førehand, og det krev samarbeid på tvers av landegrensene, seier Morten Bøhmer Strøm, prodekan forsking og innovasjon ved Det helsevitskaplege fakultetet, UiT Noregs arktiske universitet. Han leidde ein workshop der dei mellom anna diskuterte løysingar på eit scenario der antibiotikaresistens hadde oppstått langs ei frontlinje.

Samskapingsworkshop om resiliens og katastrofeberedskap

  • Workshopen vart halden 18.–19. juni ved UiT i Tromsø, i regi av universitetsalliansen EUGLOH.
  • Deltakarane utforska og kartla tryggleiks- og beredskapsutfordringar i Nord-Noreg og Arktis.
  • Scenaria dei arbeidde med omhandla verdsrommet, havet, helse, energiforsyning og digital infrastruktur.
  • Dei tok i bruk premortem-metoden, utvikla av psykologen Gary Klein.
  • Metoden inneber at ein førestiller seg ein tenkt katastrofe som allereie har hendt, og arbeider med beredskapsløysingar for han.
  • Metoden opnar for å avdekkje sårbarheiter som ofte blir oversette, årsaker bak hendingar og for å byggje strategiar for korleis dei kan handterast eller førebyggjast.

For å komme nærare sannsynlege løysingar på utfordringane tok deltakarane i bruk ein metode der dei førestilte seg at ein katastrofe allereie hadde skjedd. Dei resonnerte seg fram til sårbarheiter som ofte blir oversette, årsaker bak hendinga og korleis ho kan handterast eller førebyggjast.

Deltakarane delte analysane sine trinnvis med andre grupper, der dei nærma seg eit heilskapsbilete, som i eit puslespel. Metoden blir kalla premortem og er utvikla av psykologen Gary Klein. Den blir i dag i bruk teken både i det norske og i det amerikanske forsvaret.

Vanetenking og overoptimisme

Hetland meiner samfunnet i stor grad er prega av vanetenking og for optimistiske førestillingar om kva evner vi har til å handtere kriser og katastrofar. Men han understrekar at Murphys lov alltid ruvar i bakgrunnen: «Alt som kan gå gale, vil gå gale».

– Menneske har ein tendens til å tru at framtida vil likne fortida. Når system fungerer godt over tid, utviklar vi ofte ei forventning om at dei vil halde fram med å fungere. Det er ein heilt normal psykologisk mekanisme, men han kan gjere oss mindre merksame på sårbarheiter, påpeikar Hetland.

Gruppebilde, utendørs
Deltakarar på samskapingsworkshop samla utanfor ILP-bygget ved UiT i Tromsø. Foto: Kim Bredesen / UiT

Han framhevar at mange lenge har teke stabile energileveransar, globale forsyningskjeder og digitale tenester som sjølvsagt. Først når slike system blir utfordra, blir vi klare over kor avhengige vi er av dei.

– Premortem-metoden er interessant nettopp fordi den utfordrar denne optimismen. Den opnar ofte for andre typar refleksjonar enn tradisjonelle planprosessar, legg Hetland til.

Menneske har ein tendens til å tru at framtida vil likne fortida. Når system fungerer godt over tid, utviklar vi ofte ei forventning om at dei vil halde fram med å fungere.

To workshopledere ser mot audiotorium.
Gunhild Hoogensen Gjørv (t.v.) og Magnar Gulliksen i diskusjon med workshopdeltakarar. Foto: Kim Bredesen / UiT.

Kompleksitet gir fleire svar

Under workshopen var kaskadeverknader eit sentralt tema. Det inneber at problem i eitt system raskt spreier seg til andre system, og at kriser sjeldan opptrer isolert. Moderne samfunn er nesten utan unntak tett samankopla. Eit døme er at bortfall av straum påverkar kommunikasjonssystem, helsetenester, transport, betalingssystem og forsyningskjeder.

Workshoplederne peika på tre måtar ein kunne førebu beredskap på: finne tekniske løysingar, oppdatere lov- og regelverk eller bevisstgjere publikum.

Lærer i klasserom, i dialog med publikum
Leidde workshop om kriseberedskap: UiT-professor Christer Henrik Pursiainen. Foto: Kim Bredesen / UiT.
– Teknologi og planar er viktige, men utan tillit blir det vanskeleg å koordinere responsen når samfunnet blir sett under press. Kanskje den viktigaste innsikta vi får, er at resiliens ikkje først og fremst handlar om enkeltsektorar eller enkeltorganisasjonar. Resiliens er ein eigenskap ved samfunnet samla sett, seier Hetland.

Ei anna utfordring for deltakarane var at mange av problema dei diskuterte ikkje har éi rett løysing.

– Ulike fagmiljø vektlegg ofte ulike omsyn. Derfor var ikkje målet nødvendigvis konsensus, men å få fram ulike perspektiv og synleggjere avvegingar. Det var enkelte spørsmål der gruppene ikkje landa på éi felles løysing. Det ser eg ikkje som eit problem, men som eit uttrykk for kompleksiteten i problemstillingane, konkluderer Hetland.

Portrettfoto, mann
Professor Oscar Montes Pineda, frå Universitetet i Alcalá Foto: Kim Bredesen / UiT.no

Frå hypotetisk til ekte

Ein av workshopdeltakerne var Oscar Montes Pineda, professor og foredragshaldar ved Institutt for økonomi og handelsadministrasjon ved Universitetet i Alcalá. Pineda meiner erfaringane han fekk kan overførast til spanske forhold, der mellom anna vassmangel og straumbrot er viktige utfordringar.

– Workshoplederne har vore veldig kreative. Dei har fått oss til å ta i bruk all vår kunnskap, både frå eit individuelt og tverrfagleg perspektiv. Det er viktig å lære korleis ein kan bli meir motstandsdyktig og førebudd på uventa hendingar. Dette må vi byggje og dele kunnskap om, både ved universiteta og i lokalsamfunn, seier Pineda.

Portrettfoto, kvinne.
Zaruhi Arakelyan, stipendiat ved Universitetet i Porto. Foto: Kim Bredesen / UiT.

For ein annan deltakar, Zaruhi Arakelyan, stipendiat i samfunnsmedisin ved Universitetet i Porto, var det nordiske perspektivet både nytt og spennande. Ho påpeika at i Portugal er ein ikkje vant til å tenkje på Russland som ein nabo når det gjeld geopolitiske spenningar.

– Workshopen gav oss nye perspektiv. Ved å delta i tverrfaglege diskusjonar får ein sett eigne synspunkt på prøve. Det er vanskeleg å finne ut kva ein ikkje kan vente. Workshopen var organisert på ein måte som hjelpte deltakarane med å førestille seg kva som ville skje i framtida. Jo meir ein diskuterte, jo meir ekte og mindre hypotetiske kjendest scenaria vi jobba med, avsluttar Arakelyan.

Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 23.06.26 14:23 Oppdatert: 24.06.26 09:49
Energi Geopolitikk Helse og velferd
Vi anbefaler