Noreg, fridomselskaranes fødeland
Har vi noko meir heftig og begeistra enn 17. mai og barnetoga? Neppe. Men fridomen som blir feira, er ingen sjølvfølgje.
Endeleg er dagen her. Du står klar med nypussa sko, på veg til feiring på skulen med borna dine, eller på tur til sentrum for å gå i folketoget med idrettslaget ditt. Du er kanskje ein av dei som skal halde tale på torget, eller berre kose deg med is og pølser i mylderet av hurrarop, korpsmusikk og folk i finstasen. 17. mai – kjært barn har mange namn: Barnas dag, nasjonaldagen og grunnlovsdagen. Men visste du at våre grunnverdiar ikkje berre blir forsvarte ved å vifte med det norske flagget?

– 17. mai handlar om at vi feirar Grunnlova. Vi hyllar oss sjølve som sjølvstendig nasjon, demokratiet og våre rettsstatsideal. Utan ytringsfridom, inga barnetog, ingen moglegheit til å halde fine talar. Dette er kanskje litt gløymt i dag. Moglegvis fordi vi har levd i ein gunstig del av historia der vi kunne ta ein del av dette for gitt. Men no er desse verdiane under press, og det frå land som for oss er overraskande, seier Stig Harald Solheim, professor ved Det juridiske fakultetet ved UiT Noregs arktiske universitet.
Betydeleg press på ytringsfridomen
I USA opplever både akademia og den frie pressa betydeleg press. Sjølv om folk har lov til å skrive og meine kva dei vil, møter dei likevel truslar om sanksjonar. Trump-administrasjonen prøvde til dømes å stoppe eit talkshow på grunn av nokre vitsar på TV.
– Universitet som ikkje driv med «rett» forsking, eller endå verre held på med «gal» forsking, risikerer å miste støtte og andre ulemper. Dette er veldig skummelt. Heldigvis har vi ikkje sett liknande tendensar i Noreg, men mykje av det som skjer på den andre sida av Atlanterhavet, treff ofte Europa noko seinare. Vi har allereie sett at liknande argument blir fremja i europeiske land, fortel Solheim og minner om at vi ikkje alltid har hatt forsamlings- og ytringsfridom her heime.

Gjennom å gå i tog kan ein ytre seg saman. Her er det Natur og Ungdom som går i folketoget i 2024 med Tromsø domkyrkje i bakgrunnen. Foto: Jørn Berger-Nyvoll
Genialt av Bjørnstjerne Bjørnson
Grunnlova kom i 1814 og strekkjer seg tilbake til slutten av Napoleonskrigane. Danmark-Noreg blei oppløyst, men vi blei førte inn i ein ny union med Sverige. Nordmenn ønskte å feire grunnlovsdagen, medan svenskekongen Karl III Johan var negativ og ville stoppe markeringa av 17. mai.
– I perioden 1820–1840 var det faktisk fleire tilløp til gateslag for å stoppe feiringa, fortel Solheim.

Ompagniet er det mest spenstige og entusiastiske studentkorpset nord for polarsirkelen. Etablert i 1984 – eit årstal som for øvrig alltid er knytt til George Orwell og hans dystopiske framtidsroman. Foto: Jørn Berger-Nyvoll
Heldigvis roa svenskekongen seg etter kvart, og forfattarhøvdingen Bjørnstjerne Bjørnson var ein av pådrivarane for å starte med barnetog i 1869.
– I første omgang var det 1200 gutar som stilte opp i Oslo, ja, det var berre gutetog i starten. Jentene slapp ikkje til i barnetoga før i 1889.
Uansett var Bjørnsons idé radikal i si samtid, sidan det var meir vanleg med militærparadar for å feire suverenitet og sjølvstende den gongen.
– Bjørnson ønskte nok meir ei utvikling mot noko som fremja fred og framtidige generasjonar. Personleg meiner eg at dette var genialt av han. Eg er ganske sikker på at dette er ein viktig grunn til at vi har så sterk 17. mai-tradisjon, seier Solheim.
Ingen sjølvfølgje med nasjonaldag
Til og med i våre dagar kan vi ikkje ta nasjonaldagen vår heilt for gitt, for det var ikkje berre på attenhundretalet at det har vore motstand mot 17. mai-feiring.
– Vi opplevde det same under 2. verdskrigen med okkupasjonen, då nazistane forbaud oss å vifte med flagg og gå i tog. Likevel blei det gjennomført stille og skjulte markeringar for å vise motstand. Alt som symboliserte det norske, heilt ned til bindersen, blei svært sentrale på grunn av symboleffekten, fortel Solheim.

I 1983 opplevde Oslo bombetrussel mot barnetoget frå eit nynazistisk miljø.
– Men motreaksjonen kom kontant med rørsla «17. mai for alle». Resultatet blei dermed det motsette, så den trusselen var ikkje særleg effektiv, seier Solheim.
Under koronapandemien var det behovet for folkehelse som var grunngjevinga mot det å gå i tog og samlast i større markeringar.
– Sjølv om dette er svært ulike hendingar og kontekstar, viser det uansett at vi ikkje kan ta 17. mai for gitt. Det kan kome ytre krefter som forbyr oss å markere noko så grunnleggjande som vår eigen nasjonaldag.
Framtidas 17. mai
Solheim er sikker på at feiringa slik vi kjenner ho vil bli bevart, sidan det er ein svært sterk tradisjon i Noreg. Litt bekymra er han likevel med tanke på dugnad og frivilligheit.
– Dersom dugnadsånda fell, vil også kvaliteten på arrangementa falle, noko som vil ha negativ symboleffekt. På den andre sida, dersom vi får meir ytre press, kan vi oppleve auka oppslutning om 17. mai og dei verdiane markeringa representerer. Når vi lever i fredelege tider, blir det naturlegvis meir vekt på fest og kos. Sånn sett kan ytre press gi ny giv til feiringas eigentlege meining. Det er min spådom, men eg har sjølvsagt ingen fasit, seier Solheim.
– Korleis skal du sjølv feire 17. mai i år?
– Saman med familien. Eg har ein gut i sjette klasse, som betyr ansvar for feiringa på skulen. Vi byrjar med frukost og så barnetog, deretter dugnad på skulen og til slutt vil eg vere med å rydde opp i gymsalen.

Fakta om 17. mai
- Noreg blei overført frå Danmark til Sverige etter Napoleonskrigane, men nytta høve til å vedta Grunnlova 17. mai 1814.
- Feiringa av 17. mai blei i starten sett på som ein protest mot unionen med Sverige (1814–1905).
- Svenske styresmakter prøvde å stoppe feiringa, noko som mellom anna førte til Torgslaget i 1829, som igjen styrkte nasjonalt medvit.
- Forfattar Bjørnstjerne Bjørnson fremma barnetoget i 1869, noko som gjorde feiringa meir inkluderande.
- Noreg blei endeleg sjølvstendig etter unionsoppløysinga med Sverige i 1905.
- Kjelde: snl.no
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Visual and Multimodal Anthropology - Master
Varighet: 2 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Indigenous Studies - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety - master
Varighet: 2 År -
Sosiologi - master
Varighet: 2 År -
Strategisk ledelse og økonomi - erfaringsbasert master
Varighet: 5 Semestre -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsplanlegging - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosiologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Spansk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Statsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsplanlegging - master
Varighet: 2 År -
Økonomi og administrasjon - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon, siviløkonom - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Musikkutøving - bachelor
Varighet: 4 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsøkonomi med datavitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjonsdesign og ledelse - master
Varighet: 2 År -
Statsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Historie - master
Varighet: 2 År -
Kunsthistorie - bachelor
Varighet: 3 År -
Tysk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Kvensk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Forfatterstudium 2 - årsstudium
Varighet: 1 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Bedriftsøkonomi - årsstudium
Varighet: 2 År -
Ledelse - årsstudium
Varighet: 2 År -
Sosialt arbeid - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - master
Varighet: 2 År -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium
Varighet: 2 År







