Ny studie: Mykje og tung fysisk aktivitet styrkjer skjelettet
Litt ekstra kroppsvekt kan òg vere ein fordel for beinstrukturen.
Beinskjørheit er ein av dei største folkesjukdommane i Noreg – og mykje vanlegare enn både hjarteinfarkt og demens.
No fastslår ein ny doktorgrad frå UiT det mange har trudd: Det er ein klar samanheng mellom mykje og tung fysisk aktivitet og eit sterkare skjelett.
– Aukande nivå av fysisk aktivitet gjer beinstrukturen meir robust, noko som kan førebyggje brot og beinskjørheit.
Det seier lege Frida Igland Nissen som står bak funna.
– Ta beinhelsa di på alvor!
Forskaren, som til dagleg behandlar brot på sjukehuset, meiner folk bør ta beinhelsa si på alvor:
.jpg)
– Folk er redde for hjarteinfarkt og slag, men sjansen for beinbrot og beinskjørheit, er mykje større, seier ho.
Konsekvensane kan dessutan vere mykje meir alvorlege enn mange trur.
– Langvarige smertar og funksjonsnedsettingar er ikkje uvanleg, og ein fjerdedel av dei som får eit hoftebrot døyr i løpet av det første året.
CT-bilete gav tydelege svar
I doktorgraden har Igland Nissen tatt i bruk nye metodar for å undersøkje om fysisk aktivitet har innverknad på mikrostrukturen i beina.
Tidlegare studiar har vore mangelfulle fordi dei har målt beintettleik med grove røntgenbilete, mens denne gongen har dei brukt høgoppløyselege CT-bilete og tvillingstudiar.
– Dei tredimensjonale CT-bileta ga oss mykje betre og meir detaljert informasjon, seier ho.
Ved å bruke data frå tvillingar, kunne dei òg undersøke årsakssamanheng.
Tjukkare bein – både ytst og inni
Fakta om beinskjørleik
- 300 000 personar i Noreg er beinskjøre. Til samanlikning er det 11 000 nye tilfelle av hjarteinfarkt kvart år.
- Sjukdomen skuldast både arv og miljø.
- Skandinavar er på verdstoppen, og kvinner rundt 50 år som får mindre østrogen rundt overgangsalder, er spesielt utsett.
- Kalsium, vitamin D og styrketrening kan førebu sjukdomen – medisinar brukast ved behandling.
Tvillingane fekk i oppgåve å rapportere alle typar aktivitetar – alt frå lett hagearbeid og spaserturar, til tennis og hard styrketrening.
Deretter målte dei kordan aktiviteten påverka holrom, areal og tjukkleik på ulike delar av beina.
Resultata var eintydige: Mykje og tung fysisk aktivitet, gjorde skjelettet sterkare.
– Vi såg at dei som var mest aktive og trente hardast, hadde sterkare beinstruktur både i den ytste harde delen av beinet, og den inste svampaktige delen, seier Igland Nissen.
For eksempel var den ytste delen tjukkare hos dei som trente, enn hos dei som ikkje gjorde det. Dei fann òg mindre holrom i knoklar.
Positivt med høg vekt
Eit anna interessant funn handla om vekt.
– Vi fann at aukande kroppsvekt gav meir robust beinstruktur.
Både den ytste og inste delen av beinet var sterkare hos dei med høg vekt, noko som er i tråd med det ein veit frå før: Skjelettet treng belastning for å halde seg sterkt.
– Å vere undervektig har derimot vist seg å vere ugunstig og aukar risikoen for beinskjørheit og beinbrot, seier ho.
Svømming har liten effekt
.jpg)
Igland Nissen meiner funna viser at det å vere aktiv er noko av det viktigaste ein kan gjere for beinhelsa si – forutsett at ein legg på litt ekstra belastning.
– Å svømme eller gå ein tur utan sekk, har nesten ingen effekt. Men å gjere tung styrketrening – helst så tung at man berre klarer nokre få repetisjonar – er effektivt, seier ho.
Å gå med tung sekk, løfte og hoppe er gode alternativ. I tillegg bør ein ete nok.
– Det er om å gjere å ikkje bli for tynn, og få i seg nok kalsium og vitamin D.
Det bør ringje ei bjølle
Forskaren meiner også at det bør ringje ei bjølle dersom du fell på isen eller vegen, og brekk noko – i alle fall om du er 50 pluss og kvinne.
– Alle personar over 50 år som brekk noko etter fall frå ståande stilling – såkalla lågenergibrot – bør vurderast for beinskjørheit.
– Be om måling av beintettleik – spesielt om du er kvinne.
Skjelettet skal normalt tole eit fall frå eigen høgde, så brot i denne alderen kan vere teikn på beinskjørheit og bør behandlast med medisinar.
– Det finst heldigvis mange medisinar som gjer skjelettet sterkare og reduserer risikoen for nye brot og seinskadar.
-
Public Health - master
Varighet: 2 År -
Medisin profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Pedagogikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Bioingeniørfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Biomedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Psykologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Radiografi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Farmasi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Psykologi - årsstudium
Varighet: 1 År -
Odontologi - master
Varighet: 5 År -
Tannpleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Sykepleie - master
Varighet: 2 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Idrettsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Sosialt arbeid - master
Varighet: 2 År -
Vernepleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Vernepleie - bachelor
Varighet: 4 År -
Ernæring - bachelor
Varighet: 3 År -
Videreutdanning i krisehåndtering og traumebehandling
Varighet: 1 År -
Videreutdanning om vold i nære relasjoner
Varighet: 1 År -
Videreutdanning i rus og psykisk helse
Varighet: 1 År -
Paramedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk språk og litteratur - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - master
Varighet: 3 År -
Aldring og geriatrisk helsearbeid - master
Varighet: 3 År -
Helsefaglig utviklingsarbeid - master
Varighet: 3 År -
Psykisk helsearbeid - master
Varighet: 3 År -
Helsesykepleie - master
Varighet: 3 År -
Jordmorfag - master
Varighet: 2 År -
Klinisk ernæring - master
Varighet: 2 År -
Velferdsendring - erfaringsbasert master
Varighet: 4 År -
Ph.d.-utdanning i helsevitenskap
Varighet: 3 År -
PhD Programme in Health Sciences
Varighet: 3 År -
Sykepleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Psykologi profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Sykepleie - bachelor
Varighet: 4 År -
Samisk sykepleie - bachelor
Varighet: 4 År -
Trening, prestasjon og helse - bachelor
Varighet: 3 År







