Skal vi berre la bygdene i Nord‑Noreg lide ein naturleg død?

Samtidig som innvandring styrker mange kystsamfunn i Nord-Noreg, skaper klimaendringane nye sårbarheiter. Korleis kan vi gjere kystsamfunn meir motstandsdyktige?

Båter til kai på Husøy i Finnmark
Båtar ligg ved kai på Husøy i Finnmark Foto: Jørn Berger Nyvoll
Portrettbilde av Bludd, Ellen Kathrine
Bludd, Ellen Kathrine ellen.kathrine.bludd@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Portrettbilde av Ulfsnes, Vanja
Ulfsnes, Vanja vanja.e.ulfsnes@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 07.05.26 11:55 Oppdatert: 07.05.26 11:59
Arbeidsliv Klima Samfunn og demokrati

I fleire kystsamfunn i Nord‑Noreg ser ein ein tydeleg trend: folketalet blir mindre og eldre. Skular og barnehagar blir lagde ned, og barnefamiliar må flytte. Det blir færre som kan halde samfunnet i gang. Helsetilbodet blir svekt, og fritidsaktivitetane forsvinn.

– Difor må vi diskutere korleis kystsamfunna skal klare seg, seier Marit Aure, professor i sosiologi og kjønnsstudium ved UiT.

dame
Marit Aure, professor ved UiT. Foto: Stina Guldbrandsen/UiT

Det hadde kanskje vore enklast å berre flytte til byen. Der er det nærleik til sjukehus, mykje fritidstilbod og alt vi kan tenkje oss.

Men skal vi berre la bygdene i Nord‑Noreg lide ein naturleg død?

– Nei, mange kjenner sterk tilhøyrsle til natur, kultur og historie på desse stadene. Det er her dei opplever at dei høyrer til, seier Aure. 

I tillegg er det geopolitisk viktig for Noreg at det bur folk i Finnmark, og då må vi sørgje for at folk trivst her, påpeikar ho.

Kampen for levande lokalsamfunn

For å få til det, er det mykje som må vere på plass. Ifølgje Aure er det aller viktigaste å halde oppe levande lokalsamfunn, det skal både vere noko å leve av og noko å leve for.

– Eg har forska på innvandring frå utlandet til kystsamfunna, og vi ser at tilflytting utanfrå er nødvendig for at bygdene skal fungere, seier ho.

– Verda er i endring, og vi må tenkje nytt for å gjere kystsamfunna meir motstandsdyktige, seier Tiina Ikäheimo, professor i arbeidshelse ved UiT.

Ikäheimo og Aure har forska på korleis kystsamfunna kan bli meir motstandsdyktige – kvar på sitt felt. Aure har hatt fokus på flytteprosessar, fiskeindustri og innvandring, og Ikäheimo på klima og arbeidsplassar.

To damer broderer sammen
Deltakarar på drop‑in‑broderiverkstad under Festspela i Nord‑Noreg, der UiT‑forskar Marit Aure og tekstilkunstnar Marsil Al‑Mahamid frå Tromsø (og Serbia) formidla forsking og inviterte til broderiverkstad.  Foto: Stig Brøndbo

Føresetnaden er at dei som kjem hit, blir ein del av dei lokale fellesskapa, understrekar Aure.

– Ta imot folk, bli kjent med dei. Vi må òg anerkjenne at menneske har ulike ressursar og kan bidra på forskjellige måtar.

Kva skjer dersom vi ikkje ønskjer innvandrarar velkomne og ikkje lukkast med integreringa?

– Då vil det bli stadig færre unge i bygdene, og på sikt vil lokalsamfunna krympe, seier Aure.

Det eine fører til det andre. Når det blir færre folk, blir det òg vanskeleg å halde oppe både tenestetilbod og sosiale møteplassar.

– Det sosiale i ei bygd er sjølve limet som held oss saman, seier Marit Aure.

Ho peikar på at vi treng både kompetanse og eldsjeler. Og at folk må snakke saman og samarbeide på tvers av sektorar, både offentleg og privat.

Arbeidslivet som står i stormen

Tiina Ikäheimo har forska på korleis klimaendringar påverkar arktiske område, inkludert nordlege kystsamfunn og særleg dei som har arbeidsplassar der ein jobbar ute.

dame som står i fjæra med hav og naust i bakgrunnen
Tiina Ikäheimo, professor ved UiT. Foto: privat

Ekstremvêr rammar spesielt dei som arbeider utandørs, og klimaendringane gjer vêret både meir uforutsigbart og meir krevande å handtere.

Gjennom intervju har ho fått eit tydeleg innblikk i korleis ulike arbeidsplassar som jobbar utandørs opplever situasjonen.

– Vi har funne ut at arbeidsplassar på kysten allereie opplever auka vêrendringar. Dei treng difor meir tid til førebuingar og vedlikehaldsarbeid, forsinkingar og kanselleringar, seier Ikäheimo.

Klimaendringar skaper meirarbeid i havbruket. Auka algeoppblomstring og lakselus krev meir oppfølging. Varmare og ustabile havtilhøve gjer både fiskevelferd og produksjon meir krevjande.

Samtidig fører tøffare vêr til større belastning og høgare ulukkesrisiko for tilsette på sjøanlegg.

Turistbransjen seier at lengre somrar og kortare, mindre snørike vintrar gjer at fleire turar blir avlyste. Det krev meir planlegging og skaper meir stress for guidane, spesielt når kundane sine forventningar ikkje samsvarar med kva som faktisk er trygt i det uforutsigbare vêret.

– Vi ser at alle dei nye utfordringane òg kan skape psykososiale belastningar for verksemdene, seier Ikäheimo.

Sjølv om det er glattare vegar, dårlegare sikt på hav og land, meir uvêr og ekstreme temperaturar, må samfunnet haldast i gang.

Veteranbåt
Turistnæringa lid òg under klimaendringane. Denne veteranbåten er eit populært tilbod for turistar i Tromsø.. Foto: Jørn Berger-Nyvoll

Målet med forskinga er å styrkje beredskapen med utgangspunkt i menneska som står i feltet. Det betyr å utvikle betre kompetanse, tydelegare beslutningsstøtte og tryggare arbeidsforhold, slik at tilsette kan handtere eit stadig meir uforutsigbart og risikofylt vêr i kvardagen.

– På den måten skaper vi eit meir motstandsdyktig samfunn, seier Ikäheimo.

Havkonferansen Blått kompass

Hvis du vil høyre meir om dette temaet så kan du melde deg på havkonferansen Blått Kompass. Det er ein nasjonal havkonferanse som samler forskarar, myndigheiter og næringsliv for å diskutere korleis havområdane i nord påvirker Norges sikkerheit, beredskap og framtidige verdiskaping. 

Konferansen arrangeres i Tromsø 8.–9. juni 2026, og åpnar på Verdens havdag. 

Blått Kompass arrangeres i år for fjerde gang og er eit av UiTs prioriterte arrangementer i 2026. Konferansen er initiert og leiast av Senter for hav og Arktis ved UiT. 

Arbeidet med årets konferanse gjøres i tett samarbeid mellom fleire sentrale miljøar ved UiT, blant anna Senter for geopolitikk (GPS) og NCLOS – Norsk senter for havrett. 

Les meir og meld deg på her: Blått kompass

Bludd, Ellen Kathrine ellen.kathrine.bludd@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Ulfsnes, Vanja vanja.e.ulfsnes@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 07.05.26 11:55 Oppdatert: 07.05.26 11:59
Arbeidsliv Klima Samfunn og demokrati
Vi anbefaler