Gjer deg klar for Kjønnsbevisstheitsveka! 

Frå 7.–14. mars set vi kjønn og mangfald på agendaen med blant anna film, spel og lydvandring.  

Plakat som viser ulike kjønnsteikn, KBV og tittel, og illustrasjon av folk med ulike bakgrunn.
– Det blir noko for alle, freistar prosjektleiar Christina Lentz. Foto: Illustrasjon
Portrettbilde av Aaraas, Elisabet
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 03.03.26 11:17 Oppdatert: 03.03.26 13:20
Om UiT Studentliv / Studier

Kvart år i mars markerer vi Kjønnsbevissheitsveka ved UiT. Då sett vi søkjelys på korleis kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk utspeler seg i samfunnet.  

– Kjønn og mangfald er noko vi jobbar med kvar dag. Men under Kjønnsbevisstheisveka får vi verkeleg løfta fram den store variasjonen i det vi gjer – både innan utdanning, forsking og formidling, seier Rikke Gürgens Gjærum. 

Rikke Gürgens Gjærum
Ved UiT skal folk føle seg frie, seier prorektor Rikke Gürgens Gjærum. Foto: Tommy Skum Hansen / UiT

Som prorektor for utdanning er ho oppteken av at alle skal møtast med respekt. 

– Universitetet skal vere ein stad der alle kan kjenne seg trygge, verdsette og frie til å vere seg sjølve.

– Anten du er student eller tilsett, skal du møtast med respekt, openheit og toleranse, seier ho. 

Inviterer til spel og faglege djupdykk 

Christina Lentz og kollegaer ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking kan freista med mange spanande opplevingar i løpet av veka.  

– Vi byr på alt frå lydvandring til bordrollespel. Det blir faglege djupdykk i korleis kjønn speler ei rolle i idrett, helse og friluftsliv, og vi utforskar kjønn i litteratur og musikk, seier ho.  

Christina Lentz
Christina Lentz ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking ønskjer alle velkommen. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT

– Her er noko for alle, og startskotet går laurdag 7. mars. 

Sjå heile programmet. 

Økonomi og KI for dei unge 

Gjærum trekk spesielt fram arrangementa for dei unge. Gender UNIcorner på Åpen dag er eit av dei. 

– Da får elevar frå vidaregåande skole lære korleis kjønnsforsking handlar om tema dei er opptatt av – som pengar, kropp og KI.  

– Det gler vi oss til, seier ho.   

Søk årsstudium i likestilling og kjønn innan innan 15. april. 

Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 03.03.26 11:17 Oppdatert: 03.03.26 13:20
Om UiT Studentliv / Studier
Vi anbefaler