Eit filmatisk fredsbidrag
Årets vinnar av TIFFs fredsfilmpris skildrar politisk undertrykking i Iran og forsoning mellom tidlegare politiske fangar og fangevaktaren deira. Regissøren er i heimlandet sitt dømt for «propaganda mot staten».
Kvart år blir Den norske fredsfilmprisen (Norwegian Peace Film Award – NoFPA) tildelt under Tromsø internasjonale filmfestival (TIFF).
Årets vinnarfilm er Berre eit uhell (engelsk: It Was Just an Accident), av den iranske regissøren og manusforfattaren Jafar Panahi.

Filmen vann også den prestisjetunge Gullpalmen under filmfestivalen i Cannes og er nominert til årets Oscar-pris.
Hovudkarakterane i filmen er tidlegare politiske fangar i Iran som har spora opp den tidlegare fangevaktaren sin, som torturerte dei.
Under ein lang køyretur konfronterer dei han med kva handlingane hans har ført til av traume og øydelagde liv. Samtidig står dei overfor eit dilemma, då dei ikkje veit kva dei skal gjere med han – om dei skal tilgi eller hemne seg.
– Panahi stiller spørsmålet: «Skal vi berre halde fram med denne valden, eller skal det stoppe?» Det er eit spørsmål som går rett inn i kjernen til freds- og forsoningsteorien, understrekar Marcela Douglas Aranibar, jurymedlem og instituttleiar ved UiTs Senter for geopolitikk, fred og tryggleik.
Negativ og positiv fred
Ho peikar på at filmen på eitt nivå handlar om ein såra enkeltperson som prøver å vinne tilbake verdigheit etter tortur. På eit anna nivå meiner ho filmen framhevar eit behov i samfunnet for å konfrontere trauma i fortida utan å reprodusere vald.
– I eit slikt perspektiv kan Berre eit uhell bli lese som eit filmatisk bidrag til både negativ fred, som er fråvær av vald, og positiv fred, som inneber nærvær av rettferd og forsoning, slik Johan Galtung definerer desse omgrepa, seier Aranibar.
Filmen er direkte inspirert av Panahis eigne erfaringar med fengsling, tortur og sensur, og speglar den systematiske valden som framleis pregar Irans retts- og tryggingsapparat.
Filmskaparen Jafar Panahi
- Vart tildelt Caméra d’or på filmfestivalen i Cannes i 1995 for debutfilmen Den kvite ballongen.
- Han er anerkjend som ein av dei mest innverknadsrike filmskaparane i Iran, sjølv om han har hatt yrkesforbod der i over 20 år.
- Panahi vart i år dømd i fråvær i Iran for «propaganda mot staten». Dommen inneber eitt års fengsel og utreiseforbod.
Ein av grunngivingane frå juryen, for tildelinga, er at filmen har ein underfundig humor, som Aranibar meiner er eit kraftfullt verkemiddel.
– Panahi kombinerer satire og svart komedie, som gjer kritikken av Irans korrupte regime meir direkte og engasjerande enn rein tragedie, seier ho.
Speglar regimet
Ifølgje Aranibar utgjer filmen eit viktig springbrett for å kunne forstå den spente politiske situasjonen i dagens Iran. Denne månaden har fleire tusen demonstrantar vorte drepne, og opposisjon mot regimet i landet blir slått ned på i heile samfunnet.
– Filmen er direkte inspirert av Panahis eigne erfaringar med fengsling, tortur og sensur, og speglar den systematiske valden som framleis pregar Irans retts- og tryggingsapparat. At filmen er laga utan ordinært løyve, og at Panahi igjen er dømd i fråvær for «propaganda mot staten», synleggjer kor lite handlingsrom kritikarar har i dagens Iran, avsluttar Aranibar.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Master of Philosophy in Visual and Multimodal Anthropology
Varighet: 2 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Indigenous Studies - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety - master
Varighet: 2 År -
Sosiologi - master
Varighet: 2 År -
Strategisk ledelse og økonomi - erfaringsbasert master
Varighet: 5 Semestre -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsplanlegging - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosiologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Spansk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Statsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsplanlegging - master
Varighet: 2 År -
Økonomi og administrasjon - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon, siviløkonom - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Musikkutøving - bachelor
Varighet: 4 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsøkonomi med datavitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjonsdesign og ledelse - master
Varighet: 2 År -
Statsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Historie - master
Varighet: 2 År -
Kunsthistorie - bachelor
Varighet: 3 År -
Tysk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Kvensk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Forfatterstudium 2 - årsstudium
Varighet: 1 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Bedriftsøkonomi - årsstudium
Varighet: 2 År -
Ledelse - årsstudium
Varighet: 2 År -
Sosialt arbeid - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - master
Varighet: 2 År -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium
Varighet: 2 År







