Avdekkjar naturlege utslepp av olje og gass utanfor Nordaust-Grønland

For første gong er det dokumentert korleis metan og olje slepp ut frå havbotnen utanfor Nordaust-Grønland. Arbeidet er utført av eit internasjonalt forskingsteam.

Forskningsskip i ishav.
Feltstudia blir gjennomførte frå forskingsfartøy, som det polare forskingsfartøyet Kronprins Haakon. Området er prega av ekstreme arktiske forhold: havis, mørke polarnetter, isfjell og mangel på infrastruktur, noko som gjer feltstudium logistisk svært utfordrande. Foto: Daniel Albert
Portrettbilde av Østerbøl , Roy-Morten
Østerbøl , Roy-Morten roy.m.osterbol@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 12.11.25 12:05 Oppdatert: 14.11.25 12:26
Arktis Hav Naturvitenskap

Utslepp av hydrokarbon frå havbotnen påverkar marine økosystem og endrar karbonkretsløpet i Arktis. Ein ny forskingsstudie dokumenterer tydeleg at gasshydrat finst på sokkelen utanfor Nordaust-Grønland og no er eksponert for eit arktisk hav som raskt blir varmare.

Studien, som er leia av Christoph Böttner frå Aarhus Universitet, viser klare bevis på omfattande naturlege hydrokarbonutslepp utanfor Nordaust-Grønland – ei av dei minst utforska kontinentalgrensene på jorda. 

Mann med solbriller på tokt i ishavet.
Forskar og leiar for den nye studien - Christoph Böttner frå Aarhus Universitet. Foto: Aarhus universitet

Dei nye oppdagingane av utbreidde naturlege utslepp og gasshydrat i Nordaust-Grønland representerer eit stort framsteg i forståinga av naturlege utslepp i Arktis. Dette er viktig i lys av dei raske klimaendringane i Arktis og Antarktis.

–  Me gir no eit detaljert bilete av migrasjonen av olje og gass frå djupet under havbotnen i Nordaust-Grønland og utsleppa deira i havet, seier Böttner, som er førsteamanuensis i marin seismisk sedimentologi i Aarhus. 

Verdifulle data om gassmigrasjon

Forskinga til Böttner og samarbeidspartnarane hans kombinerer nye akademiske feltstudium i farvatna utanfor Nordaust-Grønland med geovitskaplege datasett frå tidlegare industriekspedisjonar. Dette har gjort det mogleg å kartleggja i detalj korleis gassar migrerer frå kjelda til der dei blir sleppte ut i havet.

–  Den store mengda data har gitt oss ny innsikt i korleis naturlege metanutslepp bidreg til det arktiske karbonkretsløpet. Det betyr at me no har betre metodar for å skilja mellom utslepp som har gått føre seg i tusenvis av år og moglege auka utslepp me ser som følgje av klimaendringar og stigande havtemperaturar, seier Böttner.

Han påpeikar vidare at Nordaust-Grønland er ein spesielt interessant stad fordi det er ein av dei minst utforska og mest utilgjengelege regionane på jorda. Det er også ei frontlinje for arktiske forandringar under dei pågåande klimaendringane. Dette gjer det til eit unikt laboratorium for å studera naturlege metan- og oljeutslepp, og dessutan responsen deira på miljøendringar.

Vil forstå meir om framtidig tining

Klimaendringer fører til at Arktis blir varma opp opptil fire gonger raskare enn resten av kloden, noko som gjer forsking i området endå meir viktig. Frank Werner Jakobsen, medforfattar av studien og doktorgradsstudent ved Senter for Is, kryosfære, karbon og klima (iC3) ved UiT i Tromsø, utdjupar:

–  Me gir dei første bevisa for gasshydrat på sokkelen. Gasshydrat er isliknande strukturar som blir danna av vatn og gass i sedimenta under låge temperaturar og høgt trykk. Studien vår kan hjelpa oss å forstå om framtidig tining kan føra til endå større utslepp av klimagassar. Samtidig får me ny kunnskap om korleis isbrear, erosjon og tektonikk har forma havbotnen og kontinentalsokkelen i Arktis gjennom tusenvis av år.

Studien «Natural hydrocarbon seepage at the Northeast Greenland continental shelf» som nyleg vart publisert i det vitskaplege tidsskriftet Nature Communications Earth & Environment, er ein av dei første som systematisk kartlegg olje- og gassutslepp frå havbotnen utanfor Nordaust-Grønland.

Forskningsskip i ishavet.
Forskningsfartøyet Kronprins Haakon på tokt utanfor Nordaust-Grønland. Fartøyet har isbrytarklasse og skal dekkje både eksisterande og nye behov for nærvær, overvaking og datainnsamling i islagde og opne farvatn til alle årstider.
 Foto: Adriano Mazzini

 

Østerbøl , Roy-Morten roy.m.osterbol@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 12.11.25 12:05 Oppdatert: 14.11.25 12:26
Arktis Hav Naturvitenskap
Vi anbefaler