– Treng nye analysar og metodikk for vår tid

Er Nord-Noreg førebudd på å handtere kutt i matforsyningar i ei krise –eller krigssituasjon? Ifølgje UiT-professor Magritt Brustad, som leier prosjektet Resilient North, er landsdelen sårbar for fleire truslar når det gjeld matforsyning. 

To kvinner som sitter i en åker med fjell bak.
Frøydis Gillund, forskar fra Nibio (t.v) og Magritt Brustad, UiT-professor. Foto: Magritt Brustad / UiT.
Portrettbilde av Bredesen, Kim
Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 14.10.25 09:00 Oppdatert: 14.10.25 14:58
Bærekraft Helse og velferd Klima

Befolkninga i Nord-Noreg kan stå ovanfor utfordrande situasjonar i tiåra som kjem. Det omfattar ekstremvêr, forhold som påverkar infrastrukturen i nord eller ulike former for geopolitiske truslar.

Ei uføreseieleg verd har skapt ein ny giv for å byggje meir kunnskap som kan fremje sivilsamfunn som er motstands- og tilpassingsdyktig 

I Totalberedskapskommisjonens NOU ’No er det alvor – Rusta for ei uviss framtid’ blir landsdelen skildra som strategisk viktig, men også sårbar. Ikkje minst gjeld det grada av matforsyning. Ikkje meir enn 40 prosent av maten vi et i Noreg, er faktisk produsert i Noreg. Sjølvforsyningsgrada i Troms fylke er berre sju prosent.

– I lys av eit fornya trusselbilete byrjar vi å forstå kor viktig det er å styrkje både nasjonal, men også regional matproduksjon, sier Magritt Brustad, professor i ernæring, ved UiT, som leiar forskingsprosjektet Resilient North.

To traktorer på et jorde, med fjell og fjord i bakgrunnen.
Våronn på ein gard i Nord-Noreg. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT.

Kortsiktig og langsiktig utvikling

I prosjektet skal forskarar frå UiT, i samarbeid med Nofima og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) kartleggje korleis matproduksjon er knytt saman med folkehelse i Nord-Noreg, i krise- og krigssituasjonar. Dei skal også analysere korleis politiske avgjerder og forvalting verkar inn i eit slikt bilete.

Brustad meiner Nord-Noreg er ein sårbar landsdel, men at landsdelen har mykje større potensiale enn det som blir utnytta per i dag for matproduksjon.

– I prosjektet vårt skal vi analysere kva som påverkar den langsiktige produksjonskapasiteten for både landbruk, fiskeri og havbruk. Vi skal også undersøkje korleis ulike kortsiktige krisesituasjonar påverker matproduksjon. Analysane vil baserast på ei rekkje datasett om matproduksjonen i ulike sektorar og forhold som er viktige for produksjonen, uttaler ho.

Styrking av matberedskap

Forskar Frøydis Gillund frå NIBIO er med som sentral partnar i prosjektet. Ho peikar på at landsdelen har god sjølvforsyning når det gjeld kjøtt og meieriprodukt, men at han er mykje lågare for grønsaker.

Det finst ingen matkornproduksjon i Nord-Noreg, men nokre få gardbrukarar produserer korn til kraftfôr. Situasjonen er vesentleg betre innan fiskeri og havbruk, slår ho fast.

Forskingsprosjektet har som mål å kartleggje korleis det er mogleg å styrkje matberedskap gjennom å sikre regional matproduksjon. 

Vi skal sjå på ulike truslar og mogleg innverknad på matproduksjon og mattilgang.

Gillund understrekar at klimaendringar og geopolitiske spenningar bidreg til å auke sårbarheita, ikkje berre i forsyningslinjer og infrastruktur som er avgjerande for mattilgang, men også når det gjeld matproduksjonen i landsdelen.

Både jordbruk, fiskeri og havbruk er avhengig av ei rekkje innsatsfaktorar for å halde oppe drift. For jordbruk dreier dette seg om alt frå gjødsel, såkorn, fôr og ikkje minst straum og drivstoff. Dette er varer som i stor grad kjem utanfrå. 

Les og denne artikkelen: Hva skal vi spise hvis det blir krise?

Fakta om Resilient North

  • Forskningsprosjektet skal kartleggje korleis matproduksjon og folkehelse i Nord-Noreg er knytt saman, i krise- eller krigssituasjonar.
  • I tillegg skal forskarane analysere kva rolle politiske avgjerder og forvalting speler.
  • Prosjektet blir leidd av UiT, ved Institutt for samfunnsmedisin.
  • NIBIO og Nofima er partnarar i forskingsprosjektet.
  • Forskarane i prosjektet jobbar nært med Landbrukssamvirke Nord og statsforvaltarembeta i Finnmark, Troms og Nordland. 
  • Dei skal også hente inn opplysningar og få innspel frå næringsorganisasjonar innan jordbruk og regional og kommunal forvalting innan landbruk.
  • Prosjektet er tildelt 12 millionar kroner frå Noregs forskingsråd.
  • Det blir gjennomført i perioden 2025 til 2029.

Effektivisering og kamp om areal

Nord-Noreg har lite areal som eignar seg for matproduksjon i Nord-Noreg. Jordbruksareal utgjer omlag 2 prosent av landsarealet i Nordland, 1,5 i Troms og berre 0,3 prosent i Finnmark.

Mykje av jordbruksarealet i nord blir ekstensivt drive, og gror igjen. Dette gjeld særleg små jordstykke som ligg avsides til og som gardbrukaren derfor investerer mindre arbeid og ressursar i.

At jordbruksareal ikkje blir halde i hevd, heng saman med den dramatiske nedgangen i talet på bønder som har prega landsdelen dei siste to tiåra, der antallet gardsbruk er halverte. 

– Det er opplagt eit potensiale i å ta i bruk areal som ikkje lenger blir drive. Samtidig er det viktig å notere at det gjerne er areal som er meir krevjande å drifte som først går ut av drift og kvaliteten av areala ringast når dei ikkje vert brukte, påpeikar forskaren frå NIBIO.

Jordbruksarealer som ligg brakk, kunne komme til god nytte i ein krise- eller krigssituasjon. 

I eit slikt bilete kan utmarksbeite og grovfôrbasert husdyrproduksjon spele ei avgjerande rolle. Nord-Noreg har nokre av dei største utmarksbeita i landet både i kvalitet og mengd.

– I det meste av Nord-Noreg er likevel beitetrykket no for lågt til å halde oppe kvaliteten. Det er mange grunnar til den reduserte bruken av utmarka, blant dei nedgang i talet på bruk og kamp om areala frå mellom anna turisme, hyttebygging, kraftutbygging og rovvilt, seier Gillund.

For å vareta mattryggleik er det viktig å tenkje samarbeid ut over nasjonale grenser.

To sauer på en gressbakke.
Ny bruk av beitemark som ligg brekte kan vere ein viktig nøkkel for å betre mattryggleiken i Nord-Noreg. Foto: Lars Sandved Dalen / Nibio.

Kartlegger potensial og risiko

I prosjektet skal dei også undersøkje kva fordelar og ulemper klimaendringar fører med seg. Klimaendringar kan gi nye moglegheiter for jordbruket i nord. Bønder kan dyrke nye sortar. Lengre vekstsessong kan bidra til større avlingar. Samtidig vil bøndene måtte handtere nye utfordringar.

Men eit varmare klima kan òg gi auka førekomstar av skadegjerarar og sjukdom på plantar og dyr. Ekstremvêr og meir nedbør kan gjere det meir krevjande å drive jorda, og ikkje minst å få avling i hus.

– Prosjektet er såkalla scenariobasert der vi skal sjå på ulike truslar og mogleg innverknad på matproduksjon og mattilgang, seier Brustad.

Ved å granske kva vi kan vente i slike tenkte scenario, kan det byggjast opp verdifull kunnskap som både styresmakter, forvalting og politikarar kan ha nytte av innan samfunnsplanlegging.

Kan lære av nordiske naboar

Gillund meiner vi kan mykje av lære av dei arktiske regionane i Sverige og Finland innan mattryggleik. 

– For å ivareta mattryggleik er det viktig å tenkje samarbeid ut over nasjonale grenser. Alle nabolanda våre har høgare sjølvforsyningsgrad enn oss, og spesielt Finland er eit føregangsland med tanke på beredskapslagring. Det kan vere mykje å hente i å dele erfaringar, sjølv om det ikkje er i fokus i prosjektet vårt, understrekar Gillund.

Mattryggleik i fortid og notid

Ifølgje Brustad kan ein òg frå Noregshistoria hente lærdommar frå fleire periodar om korleis befolkninga har handtert matmangel. Under 2. verdskrig vart mattilgangen til befolkninga påverka.

Brustad seier at det finst nokre haldepunkt for at hjartet og kar-helsa til befolkninga, og tannhelsa, truleg var betre på grunn av rasjonskosten til dåtida, som var låg på sukker og feitt.

Men ho legg til at forsking på framtidige krav til beredskap må ta utgangspunkt i dagens samfunnsstruktur og utfordringar, som er svært annleis enn under krigen.

– Situasjonen i dag med eit mykje meir komplekst matproduksjonssystem tilseier at vi treng nye analysar og metodikk for vår tid og trusselbiletet til notida, sjølv om historiske perspektiv alltid kan vere nyttige, konkluderer ho.

Bredesen, Kim kim.bredesen@uit.no Rådgiver
Publisert: 14.10.25 09:00 Oppdatert: 14.10.25 14:58
Bærekraft Helse og velferd Klima
Vi anbefaler