Sunn mat – berre for dei rike?

Høge matvareprisar gjer det vanskeleg å følgje kosthaldsråda for mange. Det må bli billigare å ete sunt, meiner forskar.

Kvinne med mørkt, langt hår ikledd strikkegenser ser alvorlig i kamera. I bakgrunnen skimtes trær, gress og bygninger
Marie Wasmuth Lundblad er postdoktor i kreftepidemiologi ved UiT Noregs arktiske universitet. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT
Portrettbilde av Nyvoll, Jørn Berger
Nyvoll, Jørn Berger jorn.b.nyvoll@uit.no Fotograf, redigerer
Portrettbilde av Aaraas, Elisabet
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Portrettbilde av Nybakken, Vilde Øines
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Publisert: 07.10.25 15:23 Oppdatert: 10.10.25 08:39
Helse og velferd

Helsedirektoratet anbefaler oss å ete minst fem porsjonar frukt og grønt om dagen. Helst skal vi ete åtte porsjonar.

Om du ikkje følger kosthaldsråda til punkt og prikke, er du langt frå aleine. Ei av utfordringane som står i vegen for mange, er matprisane.

– Dei blir høgare og høgare, og dei sunne matvarene er som regel mykje dyrare enn dei usunne matvarene, seier forskar Marie Wasmuth Lundblad.

Ho er postdoktor i kreftepidemiologi ved UiT, og meiner politikarane må ta ansvar for å gjere sunn mat billigare, og usunn mat mindre tilgjengeleg.

Sunn mat må bli billigare

Ofte er det billigare å velje usunne matvarer enn sunne matvarer. Ein tur på butikken viser det tydeleg:

– For eksempel kostar torsken her i dag over 250 kroner per kilo, medan pølsene kostar under 100 kroner, seier Lundblad.

Ifølge ein studie frå Folkehelseinstutittet, må ein familie med låg inntekt bruke rundt 40 prosent av inntekta si på å ete så sunt som Helsedirektoratet vil.

Berre dei åtte porsjonane frukt og grønt kvar dag, kostar.

– Heime hos meg er vi ein familie på fem. Åtte porsjonar per dag per hovud, er fire kilo frukt og grønt per dag. Skulle eg fylt handlevogna for ei heil veke, ville den nesten blitt heilt full, seier Lundblad.

Skal fleire få til å følgje kosthaldsråda, må det bli billigare å ete sunt.

Treng draghjelp for å nå måla

I dag er overvekt og fedme store utfordringar, både på individ- og samfunnsnivå. Ikkje berre i Noreg, men i heile verda.

– Det har konsekvensar for oss som individ. Vi får høgare risiko for hjarte-karsjukdom, diabetes og kreft, men det har også store konsekvensar for samfunnet, seier Lundblad.

For at flere skal kunne velje eit sunt kosthald, treng vi draghjelp frå dei som har mest ansvar her i landet, påpeiker Lundblad.

– For å få dette til, må usunn mat bli dyrare, og helst ikkje vere plassert lettast tilgjengeleg i butikken. Samtidig må sunn mat bli billigare, for at vi alle skal nå måla, seier ho.

Men:

– Ansvaret ligg ikkje hovudsakleg på deg og meg. Det ligg hos politikarane. Vi treng hjelp for å nå desse måla.

Nyvoll, Jørn Berger jorn.b.nyvoll@uit.no Fotograf, redigerer
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Publisert: 07.10.25 15:23 Oppdatert: 10.10.25 08:39
Helse og velferd
Vi anbefaler