24 millionar til tverrfagleg forskingsprosjekt om berekraft i Arktis

Korleis kan dyr og menneske leve saman på ein berekraftig måte i Arktis? Det ønsker forskarane i SPECIES å finne betre løysingar på.

en rein spaserer med et bymiljø i bakgrunnen
SPECIES undersøker korleis menneske kan leve side om side med arktiske arter som rein, villender og kongekrabber, på ein berekraftig måte. Her illustrert ved ein svalbardrein på bytur i Pyramiden på Svalbard. Foto: Tonje Engevik Eriksen
Portrettbilde av Nybakken, Vilde Øines
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Publisert: 04.04.25 10:45 Oppdatert: 04.04.25 11:02
Arktis Bærekraft

Det tverrfaglege forskingsprosjektet Sustainable Multispecies Relations in the Arctic (SPECIES) har fått tildelt 24 millionar kroner frå Nordforsk.

Tverrfagleg samarbeid i tre land

SPECIES handlar om å forstå konfliktar mellom dyr og menneske i Arktis, og sjå på korleis vi kan finne betre løysingar for å leve saman på ein berekraftig måte.

I prosjektet samarbeider forskarar for å forstå sju konfliktar rundt arktiske artar i tre representative land:

  • Reinsdyr, kongekrabber og villender i Noreg.
  • Lapplandske kyr og baltiske selar i Finland.
  • Isbjørn og moskusoksar på Grønland.

Forskarane på kvar stad kjem frå fleire ulike fagområde, som antropologi, biologi, økologi, teknologi, genetikk og audiovisuell kunst. Dei går i dialog med lokalbefolkning og urfolk som kjennar dyra og naturen på den aktuelle staden godt.

Prosjektet er leia av Richard Fraser, førsteamanuensis i sosialantropologi ved UiT Noregs arktiske universitet.

Ni prosjekt fekk tildeling

SPECIES er eitt av ni prosjekt som fekk tildelt midlar frå Nordforsk. Prosjekta involverer totalt 186 forskarar frå 66 ulike universitet, institutt og andre forskingsorganisasjonar på tvers av ti land.

Ifølge Nordforsk-direktør Arne Flåøyen, kom det mange søknadar på utlysinga. Dermed var det sterk konkurranse om tildelingane.

– Prosjekta som no får finansiering, har gått gjennom to grundige evalueringsrundar. Det høge talet søknadar, saman med vektlegginga av tverrfaglegheit og urfolksperspektiv, betyr at dei har passert ein svært konkurranseprega utveljingsprosess, seier Flåøyen på eigne nettsider.

– Samla sett samsvarar dei ni prosjekta godt med dei tre inspirasjonsområda i utlysinga: sikkerheit, naturressursar og samfunn i omstilling. Dette betyr også at vi har høge forventningar til prosjekta. Vi ser fram til å følgje dei gjennom heile prosjektperioden.


Kortnytt fra Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning, Institutt for samfunnsvitenskap
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Vi anbefaler