Siste rapport frå Arven etter Nansen

Arven etter Nansen har vore det største forskingsprosjektet i Noreg, og no er sluttrapporten klar og godkjent av Noregs forskingsråd (NFR).

Isrå og logoen til Arven etter Nansen
Arven etter Nansen er eit prosjekt som gjennom sju år har kartlagt det nordlige Barentshavet. Foto: Arven etter Nansen
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver kommunikasjon
Publisert: 25.02.25 15:26 Oppdatert: 11.03.25 15:08
Arktis Hav Klima

Ny relevant kunnskap for vitskap og samfunn er klar, nye verktøy på plass, og eit styrkt tverrfagleg samarbeid mellom ti institusjonar har vakse seg fram gjennom prosjektperioden (2018–2024).

Fyller gap i kunnskapsgrunnlaget

Etter seks år med planlegging og sju år med forsking har Arven etter Nansen nådd måla sine, og siste rapport vart no godkjend av NFR.

Den illustrerte rapporten gir deg ei oversikt og døme på dei mange resultata og funna om korleis Barentshavet blir regulert av prosessar, dynamikken i havisen og dei mange organismane som utgjer økosystemet. Du finn informasjon om artsmangfald, variasjonar gjennom sesongen, korleis dei påverkar kvarandre og reagerer på eit varmare hav, og korleis ulike typar menneskelege aktivitetar påverkar livet i Arktis. Me ser også framover og gir prognosar om forholda i Barentshavet i 2050 og ved slutten av dette hundreåret.

Få eit innblikk i aktivitetane våre

Sluttrapporten gir deg små glimt av dei mange av aktivitetane som er utførte i prosjektet, og ny teknologi og verktøy som hjelper framtidige observasjonar i Arktis. Den samfunnsmessige relevansen av ein slik forskingsinnsats er stor, og du kan lesa om korleis resultata er nyttige for forvaltning, for å forbetra tryggleik, og for å redusera risiko. Data er delt for ny og breiare bruk.

Dei mange unge forskarane som har vore involverte, har representert ein kjerne og har vore ei uvurderleg drivkraft i prosjektet. Me har også sett på kvar dei kom frå og kvar dei går når dei er ferdige med prosjektet.

– Eg vil takka alle som har bidrege til flotte resultat og ei flott tid på eit flott prosjekt. Me beviste konseptet, realiserte visjonane våre og bana grunnen for kommande samarbeidsinitiativ, seier prosjektleiar og professor ved UiT Noregs arktiske universitet, Marit Reigstad.

Les òg: Arven etter Nansen har landet

Unikt samarbeid – nasjonalt og internasjonalt

Arven etter Nansen har vore eit unikt samarbeidsprosjekt som involverer ti norske institusjonar og meir enn 300 forskarar. Det har også vore eit stort internasjonalt samarbeid. Bruk av komplementær ekspertise, infrastruktur og institusjonelle mandat mot eit felles mål har optimalisert bruken av både kompetanse og økonomiske ressursar.

Samarbeidet har også gitt auka forståing av både enkeltdelane og heilskapen av Barentshavssystemet. Institusjonelle bidrag i form av eigeninnsats representerte 50 prosent, og finansiering frå Noregs forskingsråd og Kunnskapsdepartementet utgjorde dei andre 50 prosent.

Det vil òg bli gitt ut ei bok som ber namnet Barents Sea System, i tillegg til at nettsida blir oppdatert med fleire faktaark.

Om Arven etter Nansen

  • Partnarane i prosjektet er Akvaplan-niva, Havforskingsinstituttet, Meteorologisk institutt, NERSC, Norsk Polarinstitutt, NTNU, UiT Noregs arktiske universitet, Unis, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.
  • Desse forskingsområda har vore i fokus: Fysiske drivere, menneskeleg påvirking, Det levande Barentshavet, Det framtidige Barentshavet og teknologi og metodeutvikling.
  • Prosjektet hadde eit budsjett på nær 800 millionar kroner og er finansisert av Kunnskapsdepartementet, Noregs forskingsråd og forskingsinstitusjonane sjølv.


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver kommunikasjon
Vi anbefaler